Kulturfestival på Bru

I helga blir det splitter ny kulturfestival på Kulturbruk 44/4 på Bru. Prosjektet Palko & Co byr på kammermusikk, litteratur, natur og mat.

Benedicte Palko har spelt fleire gongar på Kulturbruket på Bru. Til helga er ho tilbake. Foto: Pål Christensen

  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Etter mange år i utlandet kjem pianisten Benedicte Palko til Kulturbruk 44/4 på Bru fredag og laurdag med ei nyskaping av ein festival. Ho har med seg eit stjernelag kammermusikarar, forfattaren Tore Renberg og Ryfylkekokken Frode Selvaag.

– Festivalen er eit nytt konsept her i regionen som kombinerer kammermusikk av beste merke, litteratur, natur og mat, seier Inger Lise og Magnus Bru. Dei driv sitt vesle kulturbruk på ein ombygd låve. Der byr dei på klassisk musikk og ulike kulturhappeningar.

Benedicte Palko er opphavleg frå Hinna, men har vore busett i Sevilla dei siste 20 åra. Ho har spelt på Bru heilt sidan oppstarten i 2009. Ho er både utøvande musikar og underviser på universitetet i Baskarland, og ønskjer med den nye festivalen å gi noko tilbake til heimregionen.

Minifestivalen på Bru har fem arrangement i løpet av helga. To kammerkonsertar, eitt musikkbad, ein guida kunsttur og gjestebod med Ryfylkekokken.

Les også

  1. Her er noen av kulturtilbudene i sommer

Publisert:
  1. Festival
  2. Musikk
  3. Litteratur
  4. Klassisk musikk

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi er sterkt preget av ulykken

  2. Preikestolen gir millioninntekter til grunneierne i 40 år: – God butikk

  3. WHO: Viruset er raskere enn vaksinene

  4. Russen fikk nei til en siste dag med rulling

  5. Prosjektleder: – Fjernet fra rådhusveggen for godt

  6. Pedofil mann innrømmer voldtekt av datteren. Mener dommen er for streng