Sårt og lunt kvar­dags­drama frå Jæren

TV: Tenk det! Ein heil tv-serie om heilt vanlege folk! Og så frå Jæren!

Merethe (nummer to frå venstre) syng i damekoret Koriander, blant anna med besteveninna Olaug (til venstre) Foto: Ape&Bjørn/NRK

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

STOLTHET OG FORFALL

TV-serie i åtte delar. Premiere på NRK1 14. januar kl 22.05, tilgjengeleg på NRK.no. Regi: Liv Karin Dahlstrøm. Manus: Liv Karin Dahlstrøm og Thorkild Schrumpf. Med: Ingunn Beate Øyen, Janna Kari Kvinnesland, Kristin Svensen, Egil Bjørøen, Rakel Charlott Rugås, Penda Faal m fl.

«Stolthet og forfall» går velsigna motstraums: Her kjem ein heil tv-serie på NRK frå Jæren, ikkje frå Oslo-området. Her er ikkje dei vante tryna me «alltid» ser i norsk tv og film, men stort sett nye og ukjende fjes. Hovudkarakterane bur på byggefelt, har heilt vanlege jobbar – ikkje i media eller showbiz. Dei er ikkje unge og hippe, men godt vaksne. Problemstillingane dei slit med er ikkje søkte og sære, men gjenkjennelege utfordringar vaksne menneske vil koma borti.

Og så er det altså kvinnene som står i sentrum. Mange har påpeikt at (godt vaksne) kvinner ofte blir eindimensjonale bifigurar i dramatikk på skjerm og scene. I «Stolthet og forfall» er det mennene som spelar birolla, og dei er framstilt som ganske hjelpelause karar – utan at eg skal bli fornærma på vegner av kjønnet mitt av den grunn.

Sjukepleiar på Jæren

«Stolthet og forfall» handlar framfor alt om Merethe (Ingunn Beate Øyen), ein sjukepleiar på rundt 50 år som bur på eit byggefelt på Jæren. Ho er gift med snikkaren Sigurd (Egil Bjørøen). Saman har dei to barn som har flytta ut for å studera.

Merethe og Sigurd har vore gift i 24 år. Kor står ekteskapet deira etter så lang tid? Foto: Ape&Bjørn/NRK

Merethe jobbar på det lokale helsesenteret, og persongalleriet er framfor alt henta frå kollegiet. Her jobbar svigerinna Randi (Janna Kari Kvinnesland) og bestevenninna Olaug (Kristin Svensen), og alle syng dei i det lokale damekoret Koriander.

Komedie eller tragedie?

Eg skal tilstå at eg måtte sjå 2–3 episodar for å koma inn i universet regissør og manusforfattar Liv Karin Dahlstrøm har skapt. Blant anna fordi eg ikkje heilt skjønte sjangeren i starten.

I første episode har Sigurd fått ein flått oppe på låret. Merethe går ned på kne i stova for å dra flåtten ut. Dei to blir observert av ein nabo som feiltolkar situasjonen – og som så fortel på pauserommet at Merethe og Sigurd har eit imponerande lidenskapeleg samliv, sjølv etter 24 års ekteskap. Misforståinga skaper sjølvsagt komikk, ikkje minst når Merethe gir opp å forklara kva som verkeleg skjedde og kastar seg på løgnen.

Dermed tenkte eg at dette kanskje var ein komedie.

Men flåtthistoria opnar samtidig opp eit sårt og alvorleg tema, og karakteranes handlingar er tidvis pinlege å sjå på. Dermed er ikkje dette lett, ufarleg og ironisk kvardagskomikk á la «Side om side», «Helt perfekt» eller «Neste sommer», men eigentleg ganske sår kvardagsdramatikk som utover i serien skal ta opp tema som vennskap, ekteskap, sjalusi, aldring og livsfasar.

Rogalandsk tone

Sjølv om regissør Dahlstrøm, som er frå Nærbø, har sagt at dette ikkje handlar om Jæren, er her ein heilt annan tone, eit heilt anna gemytt enn oslotonen me vanlegvis ser på tv. Som jærbu kjenner eg veldig godt att rogalandslyden i «Stolthet og fordom»: Litt sånn koseleg. Tidvis ganske «kånete». Den lakoniske humoren – som gjerne inneheld ein liten brodd. Sladderen. Omsorga.

Eg kjenner forresten også att interiøret, møbla, bileta på veggen, husa, kjellarstova, garasjen, landskapet.

Damene møtest i ei jærsk stove for å ta hudpleie og strekka ut. Og for å drøsa. Foto: Ape&Bjørn/NRK

Castet av ukjende og uerfarne skodespelarar klarer seg overraskande bra, sjølv om her også er sekvensar med stivt spel. Men damene i dei tre største rollene lukkast godt i framstillinga av Merethe, Randi og Olaug, med deira gleder og sorger, gode og smålege sider. Eit stort pluss er at serieskaparane og Øyen lukkast i å få fram Merethes usympatiske sider. Som at ho eigentleg er ganske småleg og lyg mykje for å dekka over sine eigentlege motiv – som igjen fører henne inn i mangt eit problem. Men dermed blir ho også meir truverdig som eit heilt menneske.

Kvardagsleg

Tidvis kan det gå litt treigt. Tidvis kan eg tenkja at kvardagsliv kan bli litt for kvardagsleg til å bli sendt på tv. Og tidvis overforklarer Dahlstrøm og medforfattar Thorkild Schrumpf. Det er som om dei ikkje stoler på at me skjønnar kva som skjer og lar karakterane forklara gjennom å seia ting rett ut. Som når Merethe har hindra den nye, muslimske naboen Hadeel i å begynna i koret fordi ho er redd for at Hadeel kjem til å få soloen Merethe pleier å ha. Me har skjønt dette gjennom Merethes handlingar, og treng ikkje at ho etterpå skal forklara det til naboen i tillegg.

Men alt i alt har Dahlstrøm lukkast i å skapa eit både sårt og lunt kvardagsdrama om oss det finst flest av: Vanlege folk. Jærbu eller ei.

Les også

  1. NRKs nye tv-serie er spilt inn på Jæren, har jærsk regissør – og lokale folk i de fleste rollene

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger letter på smitte­vern­tiltakene for barneidrett og sam­kjører seg med Sandnes

  2. Bilselgeren: – Føler meg dolket i ryggen

  3. Storm og mye regn i vente: – Risikabelt å holde seg nær havet

  4. Hun levde et liv i avhengighet: – Jeg vil ikke skamme meg lenger

  5. Distriktets mest fotograferte naust i ferd med å velte

  6. Hundre personer står i kø. Nå vil kommunen selge omstridte boliger