Fyldig, men uryddig om kvinner i krig

BOK: Å gi eit breitt bilde av norske kvinners krigsinnsats er ein rosverdig ambisjon, men forfattarhandverket har sine lyte.

Solveig Bergslien er truleg den mest omtalte motstandskjemparen i Rogaland. Her inne i fjellheimen saman med Bjørn Hagen (t.v.) og Otto Olsen.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Mari Jonassen: Norske kvinner i krig 1939-1945. 607 sider. Aschehoug.

Norges krig mot den nazistiske okkupasjonsmakta var ikkje berre mennene sitt verk. Mellom 10 og 15 prosent av motstandskjemparane var kvinner. 833 kvinner miste livet som følgje av krigshandlingar. Sjølv om kvinnene ofte vart behandla mildare enn menn, var det også kvinner som vart avretta, torturerte i hel eller som tok sitt eige liv i fengselet. Og i folkemordet på jødane var det kvinnene som vart sende rett i gasskammeret, medan unge menn kunne ha ein liten sjanse til å overleva.

Historia om kvinnenes krigsinnsats er underkommunisert, meiner historikaren Mari Jonassen. Det er ein påstand som utan tvil var rett i dei første tiåra etter krigen. I takt med at historikarmiljøet og samfunnet reint allment har blitt meir opptekne av kvinneperspektiv, har kvinnene sitt motstandsarbeid likevel kome meir fram i lyset i seinare år. Jonassens fyldige litteraturliste viser det.

Det blir derfor altfor unyansert når forlaget i omslagsteksten hevdar at kvinnenes innsats er «en stor, hvit flekk i okkupasjonshistorien». Bildet er meir samansett enn som så.

Mari Jonassen.

Det kan sjå ut til at «usynleggjeringa» av kvinnene var sterkast i Milorg-miljøet. Væpna kamp var ei mannsgreie, det heitte ikkje «gutta på skauen» for ingenting. Slik kunne ein få skandalar som tilfellet Eva Jørgensen, den unge Hamar-jenta som hadde ansvaret for 1200 mann i Hedmark, men som fekk høyra at «det passa seg ikkje» at ei kvinne deltok i sigersparaden i Oslo.

På den andre sida har me etterretningsagenten Solveig Bergslien, som truleg er den mest omtalte motstandskjemparen i Rogaland, ikkje minst fordi livet hennar tok ein så tragisk ende i Gestapo-kjellaren i Stavanger. Også historia om norske kvinner i tyske fangeleirar er godt kjend og dokumentert, blant anna gjennom Lise Børsum og Kristian Ottosen sine bøker om Ravensbrück-leiren.

Dramatikk og sterke historier

Men sjølv med desse innvendingane er det all grunn til å rosa Mari Jonassens ambisjon om å gi ei samla framstilling av norske kvinners motstandskamp. Det er eit svært prosjekt som begynner alt i 1939, då norske kvinner i handelsflåten møtte døden frå torpedoar, medan andre engasjerte seg i hjelp til Finland eller i oppbygginga av det norske forsvaret. Seinare får me historiene til ei lang rekke namngitte kvinner og deira innsats og offer i kampane i 1940 og seinare på utefronten, i ulike slag motstands- og etterretningsarbeid, i tyske fengsel og konsentrasjonsleirar og i den sivile haldningskampen.

Her manglar ikkje dramatikk og sterke historier om mot, offervilje og liding. Boka stadfester ikkje uventa at krigen var hardast og mest brutal i Nord-Norge, også for kvinnene.

Likevel er den høge ambisjonen til en viss grad blitt forfattarens fiende. Til tider blir det for mykje oppramsing når Jonassen skal ha inn så mange eksempel som råd mellom permane. Det spørst om det ikkje hadde vore ei betre løysing for lesaren å konsentrera seg om færre enkelthistorier og heller dekka resten i eit fyldig register.

Klipp og lim

Som Jonassen sjølv skriv, står ho «på skuldrene til andre som har brøytet veien». Boka byggjer på litteratur som alt er publisert, i tillegg til dei omfattande intervjua med motstandskvinner som Ragnar Ulstein og Odd Rønning gjorde.

Det er i utgangspunktet greitt, å samla eksisterande kunnskap i tilgjengeleg form er ei viktig oppgåve. Men dessverre har boka fått for mykje av eit «klipp og lim»-preg, der dei store linene som forfattaren teiknar opp i forordet kjem mindre til syne utover i kapitla. Boka har også fleire eksempel på dårleg sitatskikk, der setningar og heile avsnitt blir kopierte heilt eller tilnærma ordrett utan hermeteikn. Å visa til kjelde med ein fotnote er ikkje godt nok.

Ein kan også stilla spørsmål ved faktakontrollen til forfattar og forlag. I desse to korte setningane er det tre feil: «Ett eksempel på dette er Dirdal nordøst for Stavanger. Der holdt 300 norske soldater stillingen i to uker.» Dirdal ligg søraust for Stavanger, ikkje nordaust, det var 1200 soldatar i Dirdal-Byrkjedal-området, og kampane varte i tre dagar, ikkje to veker. Eg påstår ikkje at dette er representativt for heile boka, men slike eksempel trekkjer ned.

Publisert:

Anbefalte om krigen

  1. Han fikk kjeft for tv-serie. Nå jobber han med enda en kontroversiell krigshistorie

  2. Ekstremt viktig og dypt problematisk bok – beinhard krangel om erstatning til norske jøder

  3. Fyldig, men uryddig om kvinner i krig

  4. Ukjent helt fra to kriger

  5. Dette må være landets mest effektive forening, skriver vår anmelder - og jubler over deres nye bok

  6. Spiller det noen rolle om massemorderen var en god far?

  1. Anbefalte om krigen
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Sakprosa