Feelgood à la Hollywood

BOK: Ei varm forteljing om verdien av nære relasjonar, krafta som ligg i tilgjeving og at det aldri er for seint.

Gry Strømme debuterer som romanforfattar med «Under samme sol».

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Gry Strømme: Under samme sol. Roman. 367 sider. Vigmostad & Bjørke.

Eg fekk nokså tidleg to assosiasjonar då eg leste denne romanen: Den første var til Anne B. Ragdes kritikarroste «Berlinerpoplene.» Den andre var til Netflix-kategorien «Sakte oppbygging.» Sidan fekk eg ein tredje. Eg sparar den til slutt, for spenninga si skuld.

For det første: Til liks med Ragde presenterer Gry Strømme i debutromanen sin tre personar som er langt frå kvarandre på eitt vis, men nær kvarandre på eitt anna: Rebecca Holmestrand er hot shot FN-delegat som leiar prestisjetungt og risikabelt prosjekt for å stansa valdtekt i krigsherja Kongo. I Noreg sit dottera April forsmådd og vil vita kven faren hennar er og kvifor mora har halde henne på avstand heile livet. Ho idoliserer den verdskjente forfattaren Alvaro Aingeru, som sit i Frankrike med skrivesperre. Og som treng tilgjeving frå Rebecca for noko som hende i fortida.

I løpet av handlinga nærmar dei tre seg kvarandre, på fleire plan. Til liks med Ragde er Sømme dyktig på å skapa spenningar ved å spela på kontrastane mellom dei sentrale figurane og miljøa, og samstundes gi opning for likskapane.

Det andre poenget overlappar det første: «Under samme sol» tar seg svært god tid, og handlinga kan opplevast som noko omstendeleg. På same tid får me bli godt kjent med figurane, og forfattaren får fram ein varme i møtet mellom dei. Sømme skriv ledig og saumlaust, og særleg dialogane står levande fram, noko som kanskje skuldast bakgrunnen hennar som dramautviklar for film og tv.

Tredje assosiasjon er at romanen verkar å ha eit visst slektskap med den nokså utbreidde, og ved enkelte høve utskjelte, sjølvhjelpslitteraturen. April prøver å betra livet sitt ved å sjå etter «tegn» og «mening,» snakka om «portalopplevelser» og søka erkjenning i mantra-liknande sitat som «gårsdagens smerte er morgendagens styrke». Etter kvart kjem så skrømta og syndene frå fortida på bordet i terapi- og skriftemål-aktige situasjonar, saman med meir desillusjonerte konklusjonar som «Vi bare drar med oss sårene, gjør vi ikke?»

Romanen får slik sagt mykje om tap og forsoning, sjølv om ein kan innvenda at bodskapet blir overforklart. Intrigen er velkonstruert, men samstundes noko føreseieleg og lang, og kabalen går litt for godt opp til slutt. Feelgood à la Hollywood, som er verd å få med seg.

Publisert:
  1. Roman
  2. Bokanmeldelse
  3. Litteratur
  4. Anmeldelse
  5. Bøker

Mest lest akkurat nå

  1. Koronasmittet person død ved SUS. 33 nye har fått påvist smitte

  2. Ingen storstreik etter at LO, YS og NHO kom til enighet i meklingen

  3. Moren hans var angiver for nazistene: – Hun kom med noen korte kommentarer om noe hun hadde vært med på

  4. Kortene legges på bordet etter årevis med rus­problemer

  5. Soppen vokste ut av huset, og sam­boeren sa stopp. Men det var bare begynnelsen

  6. Gutt falt i snøhule på Gilja