I senga til Agnes

BOK: Skomsvold er ein reiseleiar inn i det rare, varme og menneskelege.

Kjersti Annesdatter Skomsvold er fra Lutvann i Oslo. Hun ble tildelt Tarjei Vesaas Debutantpris i 2009 for romanen «Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg». I 2015 ble hun tildelt Doblougprisen for hele sitt forfatterskap.
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Kjersti Annesdatter Skomsvold: «Agnes natt og dag». 181 sider. Forlaget Oktober.

I «Agnes natt og dag» får Kjersti Annesdatter Skomsvold sin roman frå sist haust, «I dag jeg, i morgen du», eit svært vellykka motstykke. Eg vil gå så langt som til å seia at dei to korte romanane så gjerne kunne ha vore ei utgjeving, ettersom den første hadde noko uforløyst og uferdig ved seg mens haustens utgjeving balanserer ut noko av det som mangla.

Saman utgjer dei to korte romanane ein heilskap som langt på veg lukkast i å undersøka eit menneskeleg mellomlandskap som ofte vert oversett.

Hovudpersonane, Agnes Møller og Peter Venn, representerer nemleg eit utanforskap som ikkje er verken ekstremt eller dysfunksjonelt, men likevel definitivt utanfor. Agnes er mellom anna ei dyktig og driven jordmor og vert kurtisert av overlegen, men livet hennar er likevel overveldande rart og kjærleikslivet like eins. Gjennom Skomsvolds skildringar får vi ei slags humrande forståing av at dette rare er noko både ho og lesaren gjer best i å forsona seg med.

Romanen startar med at Agnes ein morgon vaknar opp med naboen Peter sovande i senga si og med det, ein brå ny kurs for livet. Heile romanen vert sett i rørsle av hendingane i senga til Agnes, kan vi gjerne noko fjollete konstatera.

Ho ser livet føre seg som ein gullpendel som fram til no berre har svinga ein veg og stansa opp i ein slags balanse der alt er avhengig av at ho bekymrar og uroar seg og ikkje minst at ho held seg i live for å utlikna det faktum at syster hennar er død.

Møtet med kjærleiken gir henne nytt lys og ny innsikt – og eit heilt anna handlingsrom i smått og stort: I går, av for henne skjulte årsaker, hadde pendelen svingt helt i motsatt retning.

Denne nye retninga skaper mange svært komiske situasjonar når vi får følga Agnes ut i livet; ho vert ny som sjåfør, som kollega og som kvinne. Alt kan vel lesast av som ei hylling til kva lys og kraft kjærleiken kan kasta inn i eit liv.

Om denne tematikken kan synast slitt, er Skomsvold ei dame som kan dette med kortfatta komikk og overraskande ordkunst til fingerspissane. Ho skriv verkeleg både treffande og kvardagsleg og kunstferdig om sitt vesle persongalleri.

Som i fjorårets roman har hovudpersonen vår udelte sympati, men det er som om det denne gongen er lagt inn litt meir avstand og tvitydigheit som gjer Agnes ikkje berre til ei usannsynleg, men også interessant heltinne.

Forteljinga om 45-årige Agnes’ oppbrot frå eit liv diktert av hendingar då ho var 15, er lesverdig, livsklokt og lattervekkande. Agnes har fram til no stort sett levd gjennom bøkene ho har lese, og folk ho har observert og teke omsyn til. Vi møter henne på terskelen til eit liv der ho oppdagar seg sjølv med kropp og sjel, der ho konfronterer døden og livet og finn at ho vågar å invitera venner heim.

Det er ein frigjeringskamp skriven med små bokstavar og varmt hjarte; Skomsvold sender ein ståande invitasjon til alle som treng eit oppbrot og eit vidare rom for eige liv. Samtidig vert vi inviterte til å sjå folk som Agnes Møller og Peter Venn, som uforvarande vert heltar og heltinner i eigne, løgne liv. For det er mykje med livet som er løye og usannsynleg.

Skomsvolds romanduo om Peter og Agnes er kanskje ikkje hennar viktigaste utgjevingar, men viser like fullt ein forfattar med evne til å levera leseglede og engasjera ettertanken i smått og stort.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Sexorientert terapi-roman

  2. Først og fremst spennende og velskrevet, og som bonus kan du lære noe

  3. Vil du forstå ytre høyre? I så fall bør du lese denne boken

  4. Reflektert og stillferdig om en verden etter katastrofen

  5. En politisk roman som skaper rene krim­spenningen

  6. Feiende flott roman

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse