– Klima er eit problem, men ikkje verdas undergang

Bjørn Lomborg meiner det rår ein overdriven klimapanikk og at klimaproblemet er handterleg. Den kontroversielle dansken møtte motstand – også på økonomifestivalen Kåkånomics.

Danske Bjørn Lomborg meiner klimapanikken ikkje bidreg til ei betre verd. Norsk Bård Harstad meiner det ikkje stemmer at me lir av klimapanikk. Dei to møttest til debatt på Kåkånomics.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Det er ille om unge menneske går rundt og trur at dei ikkje kjem til å bli vaksne på grunn av klimaendringane, sa danske Bjørn Lomborg – pussig nok på engelsk – då han gjesta Kåkånomics torsdag kveld i samband med lanseringa av hans nye bok «Falsk alarm. Hvordan klimapanikk koster oss titusener av milliarder kroner, skader de fattige, og ikke bidrar til en bedre verden».

Heilt sidan slutten av 1990-talet har Lomborg vore ei kontroversiell stemme i klimadebatten. Statsvitarens statistiske framstillingar og kost/nytte-vurderingar bryt ganske kontant med oppfatninga om at me står ved stupet og at det er «red alert» for planeten og menneska, slik FNs generalsekretær Antonio Guterres uttalte tidlegare i år.

– Guterres er ein bra mann å ty til om du treng dramatiske sitat. Men sjølv om det finst små element av sanning i det han seier, er det meste feil, hevdar Lomborg.

Danske Bjørn Lomborg har i fleire tiår vore ei kontroversiell motstemme i klimadebatten.

Klimaproblemet finst

Lomborg anerkjenner at me har eit klimaproblem – og at delar av problemet er menneskeskapt. Men han meiner altså at det dreier seg om eit moderat stort problem – som kan fiksast.

– Klimautfordringa er ikkje den einaste problemstillinga me bør bruka ressursane våre på. Det finst fleire andre problem å ta tak i, ifølgje Lomborg.

Han meiner politikarane bør ha ei rasjonell tilnærming til klimaproblematikken og måla ressursbruk opp mot nytteeffekt.

– Klimaproblema har ein kostnad. Men det har også klimatiltaka. Me må slutta å utforma politikk i panikk og innføra tiltak som kostar kolossalt mykje, men knapt har nokon effekt, sa Lomborg.

Statistisk kost/nytte

Hans tilnærming er altså statistisk og økonomisk, og handlar – sterkt forenkla – om å finna punktet der du får mest effekt igjen for kvar krone du bruker på klimatiltak.

– Ein bør definitivt gjera noko, men på langt nær så mykje som mange meiner må til for å løysa klimaproblemet. Nå gjer me nesten ingenting, så meir må til. Men det er verken lurt å gjera ingenting eller alt, sa Lomborg.

Han tviler til dømes på at den jamne amerikanar vil gå med på den enorme kostnaden det vil ha å nå dei mest ambisiøse måla for å redusera temperaturauken. Som igjen minkar sjansen for at ambisiøse klimapolitikarar vinn val i USA framover.

Bjørn Lomborg avviser ikkje at temperaturen aukar eller at menneska har skuld i dette. Men han meiner me kan tilpassa oss auka temperatur.

Løysinga?

Kva er Lomborgs forslag til løysing? Han meiner det bør innførast ein smart, global CO₂-skatt. Han meiner det bør investerast tungt i forsking og utvikling av grøn teknologi, som batteri, kjernekraft eller karbonfangst og lagring.

Men temperaturen kjem likevel til å gå opp. Kva gjer me med det? Lomborgs svar: Me tilpassar oss.

– Me menneske har ei merkverdig evne til å tilpassa oss. Det er eit både enkelt og effektivt tiltak, sa Lomborg.

Einig – og ueinig

Men Lomborgs alternative klimaoptimisme fekk heller ikkje stå uimotsagt på Kåkånomics. Bård Harstad er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo, forskar på politisk økonomi og miljø- og ressursøkonomi og har lese Lomborgs nye bok.

– Lomborg er ein sjarmerande type som er lett å lika. Og enkelte av tinga han seier er det også lett å vera einig i, sa norske Harstad – pussig nok på engelsk.

Økonomiprofessor Bård Harstad er einig i noko av det Lomborg hevdar – men meiner han tek grunnleggjande feil på avgjerande punkt.

Han er einig i at politikarar ikkje bør bestemma ting i panikk. At mykje politikk er ineffektiv. At det er lurt å gjera vurderingar av kost/nytte. At smart politikk er det smartaste. At karbonskatt er bra. Og at menneska generelt er gode på å tilpassa seg.

Men så meiner også Harstad at Lomborg tek grunnleggjande feil: At han feilles og misforstår fleire av akademikarane han siterer så rikt frå. At han leitar etter og plukkar ut det som kan stadfesta synspunkta han allereie har, og droppar det som ikkje støttar opp under hypotesane hans. Og at det er vanskeleg å kjøpa Lomborgs statistisk framskrivingar, sidan me veit lite om kva som faktisk vil skje framover, både av effektar og konsekvensar av klimaendringar og tiltak. Dette gjeld både for politikarar og veljarar.

– Lomborgs teser heng ikkje saman med logikken i korleis me faktisk oppfører oss. Me har ikkje panikk. Klima og miljø ligg ikkje på topp når folk stemmer ved val, langt derifrå. Me bruker ikkje enorme summar på klimatiltak. Og sjølv om menneska er gode å tilpassa seg: Det er vanskeleg å tilpassa seg klimaendringar, for me veit ikkje kva konsekvensane av klimaendringane blir, avslutta Harstad.

Publisert:
  1. Klima
  2. Klimapolitikk
  3. Kåkånomics

Mest lest akkurat nå

  1. Den mest kunnskapsrike vi kjente

  2. Energisjokket: 7–8 tomatbønder gir opp – andre bytter til fyring med propan

  3. Elsparke­syklist døde etter ulykke – navnet er frigitt

  4. Lillebror er sjefen over storebror: – Jeg får skylden om ting går til helsike

  5. Nå skal foreldrene til Vegard få si sin mening

  6. Lugar med balkong er ikke nok. Flere stiller krav om hva som skjer under dekk