Kan me alle bli massemordarar?

BOK: Historia om ein tysk politibataljon under jødeutryddinga opnar for skremmande innsikter.

Christopher R. Browning er kritisk til teorien om eit særtysk, altomfattande jødehat.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Christopher R. Browning: Helt vanlige menn. Reserve­bataljonen 101 og den endelige løs­ningen i Polen. Omsett av Kjersti Velsand. 332 sider. Dreyers Forlag Oslo.

Frå juli 1942 til november 1943 drap 500 mann i ein tysk reservepolitibataljon 38.000 jødar i masseskytingar i Polen. I same tidsrom organiserte dei deportasjonar som sende 45.000 jødar i døden. I gjennomsnitt var altså kvar politimann i avdelinga ansvarleg for over dobbelt så mange drap som terroristen på Utøya.

Ingen ting tyder på at desse mennene i utgangspunktet var spesielt brutale eller antisemittiske. Dei fleste kom frå arbeidarklassen eller den lågare middelklassen i Hamburg. Statistisk sett må mange av dei ha stemt på antinazistiske parti som sosialdemokratane og kommunistane. Dei var jamt over eldre enn vanlege Wehrmacht- og SS-soldatar, og dermed mindre forma av nazipropagandaen. Ein god del hadde meldt seg frivillig til reservepolitiet for å unngå vanleg krigsteneste.

Likevel var dei i stand til å utføra dei mest grufulle massakrar – sjølv utan at dei vart tvinga til å delta. Tvert om vart det fleire gonger sagt at dei som ikkje ville skyta, kunne få sleppa. I 1992 forsøkte Christopher R. Browning med boka «Ordinary Men» å gi ei forklaring på dette tilsynelatande mysteriet. Browning bygde på eit omfattande materiale frå 1960-åra, då vest-tyskarane gjennomførte ei grundig etterforsking av ugjerningane til bataljonen.

Lydige og konforme

Sjølv om den nazistiske ideologien, jødehatet og krigens brutalitet var viktige som bakteppe, fann Browning dei viktigaste årsakene i allmenne sosialpsykologiske mekanismar. Dei fleste menneske vil vera lydige mot autoritetar, dei er konforme og tilbøyelege til å gi etter for gruppepress.

 Å nekta å vera med på «dei skitne jobbane» ville vera eit svik mot resten av gruppa og kunna føra til sosial utfrysing. Interessant nok forsvarte nektarane seg sjeldan med moralske eller ideologiske argument, men med at dei var «for svake» til å drepa forsvarslause sivile. Dermed unngjekk dei å setja kameratane i skammekroken og øydeleggja fellesskapet. Browning siterer den tyske forskaren Thomas Kühne: «Ingenting skaper et slikt samhold blant mennesker som å begå en forbrytelse sammen.»

Browning fann at maksimalt 20 prosent av mennene let vera å drepa, medan ein tredel var «aktive bødlar». Resten gjorde meir eller mindre som dei fekk ordre om. Avdelinga vart også meir moralsk avstumpa etter kvart som drepinga vart «normalisert».

Funna samsvarar godt med dei klassiske forsøka som er gjort i fredstid av Philip Zimbardo og Stanley Milgram, som viser at dei fleste vil følgja ordre og retta seg inn etter gruppepress, sjølv om det inneber å gjera andre menneske vondt. Brownings konklusjon er tankevekkande og skremmande: «Når mennene i reservepolitibataljon 101 kunne bli mordere under slike omstendigheter, finnes det da en gruppering som ikke kunne blitt det?» 

Var vondskapen særtysk?

Utgåva av «Ordinary Men» som nå kjem på norsk, er forsynt med to etterord. Det første er ein polemikk mot Daniel Goldhagen, som i 1996, på bakgrunn av det same materialet, serverte ein heilt annan forklaringsmodell. Problemet var Tyskland. I boka «Hitler’s Willing Executioners» hevda Goldhagen at det fanst ein oppdemma antisemittisme overalt i det tyske samfunnet som berre venta på å få utløp i Holocaust. Boka skapte stor debatt i Tyskland.

Browning er kritisk til teorien om eit særtysk, altomfattande jødehat. For det første var andre folk, som rumenarar og kroatar, i stand til minst like fryktelege massakrar på jødar som tyskarane. For det andre gjekk den nazi-tyske brutaliteten også ut over andre enn jødane. For eksempel vart to millionar sovjetiske krigsfangar drepne eller svelta i hel i første fase av krigen.

Det andre etterordet er ei oppsummering av den omfattande forskinga som er gjort på dette området i etterkant av bøkene til Browning og Goldhagen. Det er også det viktigaste argumentet for å gi ut Brownings bok på norsk i år, nesten 30 år etter. For me blir aldri ferdige med krigen, Holocaust og dei moralske dilemma som følgjer med.

Browning og Goldhagens bøker er så avgjort relevante for den aktuelle debatten om den norske medverknaden til jødedeportasjonane, eller for den saks skuld om rasisme, 22. juli-terroren, polarisering i politikken og stammementalitet i sosiale medium. Gruppepress er ei mektig kraft, særleg når det spelar på lag med autoritær makt eller eit dominerande verdigrunnlag. Og Browning argumenterer overtydande mot at det berre er monster som er i stand til å utføra uhyrlege gjerningar.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Pondus er fortsatt suveren

  2. Glimrande krigshistorie! (ikkje minst for nye lesarar)

  3. Han hadde stor suksess med krim fra 60- og 70-tallet. Den nye serien lover godt

  4. Gammal nazist blir som ny

  5. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  6. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  1. Bokanmeldelser
  2. Jødehat
  3. Andre verdenskrig
  4. Litteratur
  5. Bokanmeldelse