Sjå den vonde barndommen min!

På sitt beste minner Édouard Louis om ein sjølvopptatt tenåringsgut som har fått det for seg at han må fortelja heile verda om kjenslene sine.

Édouard Louis er født i 1992 og fekk namnet Eddy Bellegueule. Då han var 20 år, bytta han namn til Édouard Louis.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Édouard Louis: «En kvinnes frigjøring». Biografisk roman. 109 sider. Omsett av Egil Halmøy. Aschehoug.

Franske Édouard Louis debuterte med eit smell med «Farvel til Eddy Belleguele» (2014) og har sidan følgt opp med fleire romanar innan same, sjølvbiografisk orienterte sjanger. Innimellom rakk han å vitja Kapittel-festivalen to år seinare. Felles for utgjevingane har vore sterke skildringar av kva ein oppvekst i fattigdom og klasseforakt kan gjera med eit menneske. Lagnaden til Eddy Bellegueles far blei for tre år sidan motiv for ei essayutgjeving, og nå er turen komen til Eddys mor, som i skjønnlitterær tekst og nokre bilete, eit par av dei selfies, får livet sitt presentert i «En kvinnes frigjøring.»

Forfattaren Édouard eller forteljaren Eddy (her er grensene med vilje uklare) har fått seg nytt etternamn og eit liv som feira forfattar og lovande akademikar i hovudstaden Paris. Medan mora framleis lever eit lite glamorøst landsbyliv beståande av valdelege og forfylla partnarar, dårleg betalte jobbar og ungar som aldri flyttar ut. Mor og son har lite kontakt, men ein dag lèt ho høyra frå seg. Det blir starten på Édouards (eller Eddys) forteljing om kvinna som gav han livet. Og eit forsøk på å forstå kvifor det gjekk som det gjekk med henne. 

Det er ei forteljing som både i tema og form minner mykje om «Farvel til Eddy Belleguele,» men som haltar meir enn debutromanen på begge desse felta. Louis held fram med å undersøka samanhengen mellom individet og (klasse)samfunnet, men denne gongen synest eg han blir i overkant sosiologisk og forklarande, noko som går på kostnad av det litterære. Ein kan merka at Louis i sterk grad ønskjer å leva opp til sitt store idol Annie Ernaux og hennar nærast stenografiske stil, og kjem då (som alle ville gjort) til kort. Desse forsøka endar då i fragmenterte utsegner som fell nokså inkjeseiande til jorda: «Hun ville bli kokk.» «Hun gikk fra ham.» «Hun realiserte aldri drømmene sine.»

Det er pussig og synd at han apar etter slik, for Louis har sin eigen stil, som det er all grunn til å reindyrka. Og oftast klarar han det. På sitt beste maktar Louis å skapa ei ganske eksplosiv blanding av det langsinte og sjølvrettferdige. Og han er nådelaust, nærast sadistisk, utleverande av eigne og andre sine lidingar, i eit uttrykk som rommar både det smertelege og pinlege. Det er det forsømte – nå vaksne, men framleis hemngjerrige – barnet som talar. Eller kanskje ein heller skulle seia «vrælar», for volumet er skrudd høgt opp. Det vaksne barnet minnest mora sin tause smerte, men òg raseriutbrota hennar: «Men i helvete, kan dere ikke la meg få være lykkelig bare én gang i dette jævla drittlivet!!!!! Hvorfor får jeg ikke lov til å være lykkelig??» 

Louis viser at drittliv gir nye drittliv, og slik har ein det gåande. Det er når forfattaren lar figurane sine stå fram slik – utan filter, sjølvsensur og dømmekraft – at han er på sitt sterkaste. Samla synest eg likevel utgjevinga er litt ujamn, men kanskje er ein sterk 4-ar for strengt.

Det beste er nok difor om du les sjølv, for Louis er ein interessant forfattar. Og han gir seg ikkje med dette. Ver du trygg.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. God og gripende lesning

  2. Ambisiøst? Ja. Vellukka? Nei.

  3. Et rått innblikk i virkeligheten som barselopprørerne kjemper for å synliggjøre over det ganske land i disse dager

  4. Hvorfor døde kona di, Thor?

  5. Spennende og varm og nydelig og ekkel

  6. Godt om vennskap, farskap og mannsrollen

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse