Film om film

FILM: Mykje meta i film om film frå Ingmar Bergmans øy, Fårö.

Anders Danielsen Lie spelar ei av dei sentrale rollene i «Bergman Island».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

BERGMAN ISLAND

Kinopremiere: 28.01.2022. Med: Anders Danielsen Lie, Mia Wasikowska, Tim Roth, Vicky Krieps. Sjanger: Drama. Regi: Mia Hansen-Løve. Nasjonalitet: Sverige / Frankrike / Tyskland. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 52 minutt.

Kunstnarar som lagar bøker eller filmar om kunstnarar som slit med å laga bøker eller filmar kan fort bli ganske interne greier. Og når det i tillegg viser seg at boka eller filmen kunstnaren kjempar med å få til faktisk er boka eller filmen du har framfor deg, bidreg det til å gjera alt veldig meta.

Sånn er det i franske Mia Hansen-Løves «Bergman Island», som blei plukka ut til den prestisjetunge hovudkonkurransen på filmfestivalen i Cannes i fjor. Noko som nok seier noko om at denne metafilmen om film særleg vil appellera til cineastar og feinschmeckerar, ikkje minst dei som kan sin Bergman.

Eit middelaldrande par kjem til den svenske øya Fårö, idyllen der legendariske Ingmar Bergman budde (og laga fleire av filmane sine). Dei to, fint spela av tyske Vicky Krieps og britiske Tim Roth, er på eit slags kunstnarresidensopphald, og skal jobba med kvar sine manus.

Men i tillegg deltek dei på Bergman-seminar og Bergman-safari – og ei god stund kjennest filmen nettopp som dette: Eit seminar fullt av faktaopplysningar om Bergman. Det er ganske gørr.

Men så skjer det noko, og plutseleg er eit anna og yngre par dei sentrale karakterane. Også dei blir veldig fint framstilt, av australske Mia Wasikowska og norske Anders Danielsen Lie. Herifrå og ut blir filmen meir engasjerande, mindre seminaraktig.

Som det går fram av rolleliste, location og regissør, så snakkar me her om eit prosjekt som kjennest europeisk og annleis enn Hollywoods tydelege, dramatiske kurver og krav til action. Det heile går ganske stillferdig for seg. Her er ein heil del undertekst, mykje som ikkje blir sagt, sjåaren blir sjølv nøydd til å tenkja sitt. Til slutt blir skiljet mellom fiksjon og «verkeleg» liv uklart, men då har også alt blitt meir interessant og mindre internt.

Det heile er vakkert filma, godt spelt, vel utført. Akkurat sånn som filmfeinschmeckarar og cineastane i Cannes liker.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film