Fengslande om forfattarstrev, fortid og fangenskap

BOK: Perspektivrikt om strevet med å skriva fram ein kvinnelagnad frå farne tider.

Publisert: Publisert:

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Grade: 5 out of 6

Karolina Ramqvist: Bjørnekvinnen. Omsett av Andreas Eilert Østby. 335 sider. Gyldendal.

Marguerite de la Rocque, kven var ho? Ein halvvegs gløymd lagnad frå 1500-talet, ei fransk adelskvinne med ein underleg, brutal historie. Ho dukkar opp i nokre få kjelder og kunne ha blitt gløymt fullstendig, naturlegvis, som uendeleg mange andre, gøymde bak tida sine tallause tjukke slør. Karolina Ramqvist lokkar henne likevel fram frå dei sparsame kjeldene, eller, det som kan vera henne. Deler av historia er nemleg ein slags litterær gjetteleik med utgangspunkt i spreidde opplysningar. Biletet som vert kalla fram er passe uskarpt med plass også for lesarens vidare grubling. 

Ramqvist set her sjølve skriveprosessen på dagsorden. Vi møter ein eg-person, ein samtidsforfattar og hennar kamp for å skriva historia om adelskvinna Marguerite. Ho kjempar med researchen, mot skrivesperra og for å få historia saman. Forfattarens liv og strev i notida er intimt forbunde med historia som skal forteljast, og linjene mellom forfattaren og emnet hennar faldar seg ut i eit sinnrikt forgreina nettverk som gir fyldig resonans. Eit kvinneliv frå 1500-t, kva lys kastar det over eit moderne, likestilt og urbant familieliv på 2020-talet? 

«Bjørnekvinnen» gøymer ei grotesk historie om å bli forlaten men å overleva, fortalt usentimentalt og med eit meisterleg atterhald som held lesaren i eit fast grep. Brutaliteten i forteljinga vert underbygd av utsegn som at Marguerite «fantes ikke før Jean- Francois de la Rocque de Roberval forsøkte å drepe henne». 

Kunststykket som gjer romanen ulike mange andre historiske romanar, er at han nettopp ikkje er så saumlaus at vi gløymer strevet som ligg i å gje liv til ei delvis gløymt fortid. «Bjørnekvinnen» er ei russisk dokke som stadig har noko meir innanfor det laget du held i, og endå meir innafor der att. Denne gravise avdekkinga, rett nok noko tynga av alt som skal med frå livet til eg-personen, er ei gripande og annleis reise i ei fjern fortid som framleis verkar høgst aktuell. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  2. Bytyqis drømme­scoring reddet ett Viking-poeng

  3. Viking-børsen: To kjemperedninger fra Iven Austbø

  4. Savnet mann i Sandnes funnet - framstår som uskadd

  5. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  6. Vant i generalprøven. Så kom Bryne-spilleren med et stikk til rivalen

  1. Litteratur
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse