Stavanger-kvinne blir tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester»

Neste sesong av «Mesternes mester» skal for første gong spelast inn i Noreg. Blant deltakarane er tre rogalendingar, der Genette Våge (22) frå Stavanger vil bli den yngste deltakaren nokosinne.

Publisert: Publisert:

Genette Våge er fleire gonger kåra til årets kvinnelege motorsportutøver og blei i 2015 den første kvinna i historia kåra til Årets motorsportutøver. Foto: Jan-Erik Larsen

  • Ingeborg Undheim

To nye idrettar, tidenes yngste deltakar og eit av dei sterkaste startfelta i programmet si historie. Det er fasit for den 12. sesongen av «Mesternes mester» som skal sendast på NRK på nyåret i 2021, melder NTB i ei pressemelding formidla på vegner av NRK.

Programmet er blant dei aller mest sette på norsk TV. Førre sesong blei sett av nesten 1,3 millionar i snitt per episode på TV og nett. Serien har vore nominert til Gullruten for beste konkurransereality fem gonger og vunne to gonger (2014 og 2016).

For første gong skal «Mesternes mester» bli spelt inn i Noreg. Innspelinga vil skje i Arendal og omland, noko programleiar Dag Erik Pedersen ser fram til.

Tidenes yngste deltakar

22 år gamle Genette Våge frå Stavanger, som har vore blant verdas beste kvinnelege motocrossførere, er tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester».

Våge tok 5.-plass i VM, to gull og tre sølv i NM og to sølv i Svensk Mesterskap. Ho er den første kvinna i Noregshistoria som har kome på NM-pallen med gutane, og den einaste i Skandinavia som har kvalifisert seg til AMA Amateur National-løpet i USA uansett kjønn. Og det har ho gjort to gonger.

I 2014 og 2015 blei ho kåra til Årets kvinnelege motorsportutøver, og blei i 2015 den første kvinna i historia kåra til Årets motorsportutøver.

I 2018 måtte Våge legga opp på grunn av ein brotskade.

Foto: Genette.no

Linda Medalen med ballen under cupfinalen for damer på Bislett i 2006. Foto: Morten Holm / SCANPIX NORGE

Tre rogalendingar

I tillegg til Våge frå Stavanger, skal Linda Medalen frå Sandnes og Anne Margrethe Hausken frå Karmøy delta i den nye sesongen av «Mesternes mester».

Medalen frå Sandnes er ein av Norges mest meritterte fotballspelarar, med 152 landskampar og 64 landslagsmål. Ho spelte på laget som vann VM-gull i 1995, VM-sølv i 1991 og eit uoffisielt VM i 1998. 54-åringen var også på bronselaget under OL i 1996 og har eit gull og to sølv i EM.

Med laget Nikko, der ho var toppscorar i 1996, blei ho japansk seriemeister og to gonger cupmeister. Med Asker er ho fire gonger seriemeister og to gonger cupmeister. Medalen la opp i 2006.

Orientering er ein ny sport i «Mesternes mester»-samanheng, og vil bli presentert av Hausken frå Karmøy.

Anne Margrethe Hausken har vunne til saman elleve VM-medaljar, der tre er gullmedaljar, samt to EM-gull i orientering. Foto: Mette Bugge

Anne Margrethe Hausken er ei av Noregs største profilar innan idretten og har vunne til saman elleve VM-medaljar, der tre er gullmedaljar, samt to EM-gull. I verdscupen har ho ein totalsiger og ti enkeltseire. To gonger har ho vunne O-ringen, det største orienteringsarrangementet i verda. Ho har vunne NM-gull 31 gonger, kor 13 av desse var i stafett, og har åtte sigre i orienteringsløpet Blodslitet.

Programleiar Pedersen seier at deltakarane er nokre av idrettshistoria sine aller største legender.

– Samtidig gjer det meg stolt at me i kvar sesong av «Mesternes mester» også får løfta fram nye idrettar og utøvarar som har oppnådd eventyrlege resultat utan å vere kjent for folk flest, seier Pedersen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann siktet for drapsforsøk etter skyte­episode i Sandnes

  2. Familie­selskap skal være grunn til flere korona­smittede i Stavanger

  3. Mann (18) kjørte i 230 km/t i Ryfast mens han filmet med mobilen: – Jeg blir sint og opprørt

  4. TV 2s kraftige prishopp skaper reaksjoner: – Flere sier de vil si opp abonnementet

  5. Fire ansatte korona­smittet hos Conoco­Phillips

  6. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  1. Mesternes Mester
  2. NRK