Jane Sverdrupsen er ny dagleg leiar ved Rogaland Kunstsenter

Den nye leiaren frå Karmøy gleder seg til å ta fatt på arbeidet.

Jane Sverdrupsen tiltrer i stillinga i slutten av august.
  • Marie Håland
    Marie Håland
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det var ti personar som søkte stillinga som ny dagleg leiar ved Rogaland Kunstsenter. No er ein av dei tilsett.

I ei pressemelding frå styreleiar Nils-Thomas Økland står det at dei er svært nøgd med å ha tilsett Jane Sverdrupsen (f. 1979) i den komande åremålsstillinga.

Sverdrupsen er kunstnar, kurator og koordinator, med ein bachelor- og mastergrad i kunst frå Kunstskulen i Bergen.

Ho vart tilsett for sitt breie erfaringsgrunnlag, faglege tyngd og hennar visjon for Rogaland Kunstsenter.

Vidare i pressemeldinga står det at ho ser fram til å ta fatt på arbeidet med stor entusiasme.

– Eg ønskjer å vidareutvikla RKS som kunstnaranes eigen arena for formidling av samtidskunst og kunsthandverk. Fokus på kunstpraksis og fagleg kvalitet vil stå i sentrum. Det vil bli ein glede å samarbeide med dei spennande kunstnarane som held til her og arbeidet deira, seier Sverdrupsen.

Publisert:
  1. Rogaland Kunstsenter
  2. Karmøy

Mest lest akkurat nå

  1. Stor vannlekkasje på Storhaug – flere oversvømte kjellere

  2. Nekter å fjerne hekk, kan få bot på 1000 kroner dagen

  3. Da demensen tok ordene fra Atle, sluttet mange å snakke til ham. – Jeg opplevde at folk krysset veien for å unngå oss

  4. Navn på omkommet etter båtulykke frigitt

  5. Mann funnet i veibanen ved Bryne - siktes for promillekjøring

  6. Et enkelt Messenger-spørsmål fra en slektning ble til et mareritt for Rune Nedrebø