Meisterleg frå 1. verdskrig

FILM: Krigsdramaet «1917» er ein av dei beste filmane du kan sjå på kino i år.

Publisert: Publisert:

«1917» vann Golden Globe for beste regi og beste film, og er nominert til ti Oscar. Det skjønnar Aftenbladets meldar godt. Foto: François Duhamel / Universal Pi

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 6 out of 6

1917. Med: George MacKay, Dean-Charles Chapman, Mark Strong, Andrew Scott, Richard Madden, Claire Duburcq, Colin Firth, Benedict Cumberbatch Sjanger: Drama / Krigsfilm. Regi: Sam Mendes. Nasjonalitet: USA, 2019. Aldersgrense 15 år. 1 time, 48 min.

Då prestisjetunge «Golden Globe» blei delt ut i starten av januar, gjekk prisane for «Beste dramafilm» og «Beste regissør» til «1917» og Sam Mendes. Og då nominasjonane til årets Oscar blei offentlege, var «1917» nominert til heile ti prisar, inkludert «Beste film».

Dette skjønnar eg godt, etter å ha sett dramaet frå skyttargravene i Frankrike ein aprildag i 1917. Dette er, saman med «Joker» (11 oscarnominasjonar), noko av det beste eg har sett på kino frå 2019.

«1917» startar og sluttar i ei fredeleg blomstereng. Men mellom desse to fredelege scenene gøymer det seg eit hjarteskjerande, spektakulært og spennande drama: To unge soldatar, imponerande spelt av George MacKay og Dean-Charles Chapman, får i oppdrag å kryssa fiendens linjer for å gi ein livsviktig beskjed til ein tropp som ventar på å gå til åtak på tyskarane. Kjem ikkje beskjeden fram, vil livet til 1600 soldatar stå i fare. Blant dei er broren til den eine soldaten.

Liknar dette oppsettet noko du har sett før? Ja, det er eit element av «Redd menig Ryan» (1998) her.

Men den britiske regissøren Sam Mendes (som vann regioscar for «American Beauty» og seinare har laga storfilmar som «Road to Perdition» og James Bond-filmane «Spectre» og «Skyfall») har tatt den naturalistiske stilen som slo oss i ansiktet i «Private Ryan» eitt hakk vidare: «1917» er tilsynelatande filma i éi tagning. Eller tilsynelatande to, sidan det eine klippet du vil oppdaga til gjengjeld er veldig tydeleg markert. Men du blir sitjande og lura på korleis i himmelens namn dei har fått det til, ja.

«1917» tek oss med ned i skyttargravene, saman med visekorporalane Blake t.v. (Dean-Charles Chapman) og Schoefield (George MacKay). Foto: Francois Duhamel

Dette betyr at kamera ligg tett på dei to soldatane absolutt heile tida. Du mister dei aldri av syne. Du føler, tvert om, at du er med dei, tett på, heile tida; når dei går gjennom uendelege skyttargraver, kryp og kjempar seg over ingenmannslandet der rottene og ramnane rår, der hestekadavera og menneskelika ligg overalt og rotnar, inn på fiendens territorium, gjennom ein sønderskoten landsby, heile tida vidare fram mot det nesten umogleg målet.

Det er dramatisk, det er spennande, det er frykteleg. Men samtidig er det vakkert. Mendes legg inn sekvensar av ro, kontrastar av noko vakkert, restar av, og lovnader om, liv og håp. Eit grufullt paradoks av menneskelegdom. Kirsebærtre i full blomstring. Ein falma plakat på eit sønderskote hus etter eit omreisande sirkus.

Før dei franske markene blei ei blodig slagmark i 1. verdskrig, var dei grøne. Og det er dei igjen i dag. Foto: François Duhamel / Universal Pi

På denne ferda frå blomsterenga, via skyttargravene, ut på slagmarka og inn bak fiendens linjer snakkar soldatane velsigna kvardagsleg om det dei er med på – og er med på å gi ein djupare klangbotn til krigens meiningsløyse. Til å vera på framand grunn, kjempa om centimeter, saknet av dei heime, me ser tydeleg forskjellen på dei som bestemmer, deira arroganse, og unggutane som må klatra over kanten til skyttargrava for å døy. Me ser også den teknologiske utviklinga av krig, frå dei sølete skyttargravene til engelskmennene, hestane deira, til tyskaranes langt meir sofistikert anlegg, det avanserte utstyret deira, så flykamp. Mendes gjer det heile elegant og subtilt.

Men viktigare: Han lukkast så til dei grader i å nå fram emosjonelt, utan å vera klissete og sentimental. Du sit verkeleg og føler med desse stakkars menneska.

Det er laga mange, mange krigsfilmar opp gjennom tida. Det er fullt forståeleg. Det finst ingen menneskeleg situasjon der liv, død og alt som betyr mest for oss står så til grader på spel som i ein krig. Men om det er laga mange krigsfilmar, er ikkje alle gode. «1917» er ein av dei beste.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tidligere Bryne-spiller har alvorlig sykdom. Her har han akkurat fullført gåturen fra Bergen til Oslo.

  2. Folk unngår hverandre og naboer har sluttet å hilse. Verdensarvområdet splitter øysamfunnet

  3. Stavanger-politiker kalte Abid Raja "klovn" etter å ha drukket flere øl

  4. Følg med på nyttår rundt i distriktet på våre webkameraer

  5. Vil stoppe riving av moskéen i Verksgata

  6. Vannskutere kjørte i Superspeed-bølgene nesten helt til Hirtshals

  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. filmer
  5. Kino