Debutroman om incel-gut og angst-jente

BOK: Kjersti Halvorsen sin debut er tufta på ein genial idé.

Publisert: Publisert:

Ideen bak Kjersti Halvorsens debutroman er genial, meiner Aftenbladets meldar. Foto: Cappelen Damm

  • Kristin Auestad Danielsen

Grade: 4 out of 6 stars

Kjersti Halvorsen: Ida tar ansvar. Roman. 220 sider. Cappelen Damm.

Ida er ei 22 år gammal jente som fekk ein psykose under litteraturstudia i Trondheim. Etter ei tid med behandling hjå psykologen Anniken er ho på fote igjen og skal ta fatt på psykologi-studium i Oslo. Me følger Ida dei første månadane på nytt studium og hennar møte med nye vener og flørtar. Me blir også kjende med mor, far og broren Theodor.

Eg trur lenge at dette er ein typisk studentroman, der poenget er å finne ut korleis det kjem til å gå med Ida etter at ho er friskmeld og skal begynne å studere igjen. Har ho det som trengst for å klare seg? Heldigvis tar eg feil. Eg vil heller kalle dette ein slags what if- roman. Forfattaren vil vise meg eit eksperiment som er ganske enkelt og genialt. Eksperimentet er: Kva kan skje viss ei skjør psykologistudine i tjueåra med eit forstokka syn på å ta sosialt ansvar møter ein ustabil ung mann som er aktiv på ei såkalla incel-gruppe på nettet?

Incel står for involuntary celibacy og er ein identitet for menn som føler seg tilsidesett både av samfunn og kvinner. Dei føler seg parkert av likestillinga, får ikkje den sexen dei har lyst på og kjenner seg marginalisert som gruppe i samfunnet. Denne incel-identiteten har vore mykje i media i det siste fordi den har ført til fleire skuleskytingar rundt om i verda. 

For det er møta mellom Ida og incel-guten Aksel som er det mest interessante med denne romanen. Ida kjenner på eit ansvar med å hjelpe Aksel ut av denne incel-identiteten. Kor langt går ho for å hjelpe Aksel og kvifor gjer ho som ho gjer? Det er spennande å lese og forfattaren burde ha fokusert meir på desse møta enn resten av livet til Ida. Her er for mykje spekulasjonar frå hovudpersonen som gjer at leseopplevinga mister intensitet. 

Forlaget skriv at denne boka er morosam. Det syns ikkje eg i det heile. Den er mørk og syrleg og lakonisk. Som ei Elfriede Jelinek og ein Albert Camus går Kjersti Halvorsen kompromisslaust til verket og lar hovudpersonane i romanen gå i ekstreme retningar. Ho dissekerer dei vanskelegaste sidene med samfunnet vårt på ein svært interessant måte ved å undersøke to øydelagde tjueåringar. Dei blir to døme på øydelagde planter i vår tid. Neste gong håpar eg Kjersti Halvorsen reindyrkar éi problemstilling tydelegare. Det kan bli skikkeleg bra.

Publisert: