Skremmande god timing for pandemifilm

Jakob Rørviks pandemifilm «Apocalypse Norway» skulle eigentleg hatt premiere på filmfestivalar i vår. Så kom koronaen, festivalane blei avlyste – og den skremmande aktuelle filmen får premiere på nettet.

Ein gjeng ungdommar kosar seg på hytta på Hellestø. Men i horisonten trugar pandemien i Jakob Rørviks film «Apocalypse Norway».

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Veldig god timing å tilfeldigvis ha ein ferdig film om ein trugande pandemi?

– Ja. Huff. Det er nesten litt grotesk.

Jakob Rørvik bur i Oslo, men er opphavleg frå Sandnes. Han er utdanna frå prestisjeskolen The National Film and Television School i London. Han er rekna som eit stort filmtalent. I februar fekk han 5,8 millionar kroner frå Norsk filminstitutt til sin første langfilm, «Thomas i superposisjon».

Kortfilmar

Men sjølv om han har laga ei rekke filmar, har du neppe høyrt om han eller sett filmane hans. Kvifor? Fordi han så langt har laga kortfilmar. Kortfilmar som har blitt tekne inn på prestisjetunge filmfestivalar, der kjennarane går.

Jakob Rørvik frå Sandnes er rekna som eit stort filmtalent. Frå måndag av kan du sjå den nye kortfilmen hans på nett på Nowness.com Foto: Ida Gøytil

Men nå, i desse koronatidene, er alt annleis. Kjennaranes filmfestivalar i tronge kinosalar er avlyste. Rørvik & Co måtte tenkja nytt om filmen som blei filma på Sola og Hellestø i august 2018, og som nå var ferdig til å visast.

– Det finst nokre nettstader i kortfilmens økosystem som er sentrale og har eit stort publikum. Då me bestemte oss for å la filmen få premiere online, var det ikkje vanskeleg å vita kven me skulle kontakta, seier Rørvik.

Prestisjefylt premiere

Slik har det seg at «Apocalypse Norway» får premiere på Nowness.com 6. april. Og etter ei eksklusiv veke der, blir han også å finna som Vimeo Staff Pick og så på shortoftheweek.com frå 23. april.

Desse nettstadene seier ikkje ja til kven som helst.

– Men dei likte filmen og tykte tematikken var skummelt aktuell, seier Rørvik.

Filmen blir liggjande gratis og open for alle. Dermed kan denne alternative måten å lansera på paradoksalt nok gi Rørvik dei største sjåartala han nokon gong har hatt.

– Argumentet om at temaet i filmen er søkt, har forsvunne. Det er nok fleire som kan finna klangbotn her nå enn før korona, seier Rørvik.

Privilegerte nordmenn

«Apocalypse Norway» handlar om ein gjeng privilegerte norske ungdommar som er på sommarferie på foreldra si hytte. Alle som har køyrt vegen ytst mot havet på Hellestø, vil kjenna igjen hytta. Den firkanta du kan sjå gjennom.

Men parallelt med at dei drikk vin, kosar med kjærastar og venner og legg ut vellukka filmsnuttar av seg sjølv på Instagram, ser dei dramatiske bilete på tv frå utlandet. Ein pandemi har brote ut. Folk ligg døde i gatene i Paris. Leonardo Di Caprio går på talarstolen i FN og ber politikarane ta krisen på alvor. Di Caprio viser seg å bli den første smitta kjendisen.

Korleis skal dei norske ungdommane forholda seg til dette?

– Eg hadde lyst å laga ein film om kjensla av å sitja i trygge Norge, men samtidig kjenna på at det trugar noko farleg ute i horisonten, seier Rørvik.

Korleis skal sorglause, privilegerte norske ungdommar forhalda seg til truslane ute i verda?

Utrygg tid

Han skreiv manus i det han opplevde som ei utrygg tid i verda. Donald Trump hadde blitt president i USA, konflikten med Nord-Korea eskalerte. Putins Russland forgifta ein spion i Storbrittania.

– Eg kunne skrive om ein annan katastrofe, som ein atomkrig. Men så researcha eg ulike endetidsscenarier og fann ut at ein pandemi før eller seinare ville koma. Det er litt ufrivillig komisk at me har laga ein film som har så sterke fellesstrekk med det som skjer i verda nå, seier Rørvik.

– Det kan vera komplisert å ta inn over seg dramatikken ute i verda når ein lever privilegert liv i trygge Norge?

– Intellektuelt kan me vita at verda er skjør, at det kan gå frykteleg gale. Men samtidig dekker me over det med historier om stadig aukande velstand og kvardagslege gode. Variantar av slike idear kan nesten virka nødvendige for at store delar av det vestlege samfunnet skal stå opp om morgonen og la livet gå sin gang, seier Rørvik.

Han meiner det ligg mykje mat for historieforteljarar i dette spenningsfeltet, enten ein fortel gjennom film, litteratur eller annan type kunst.

– Eg ville framfor alt laga ein film om frykta for at verda skulle rakna, seier Rørvik.

I superposisjon?

Eigentleg skulle Rørvik starta opptaka til sin første langfilm i mai. «Thomas i superposisjon» handlar om «en kvantefysiker som tror han er i ferd med å knekke universets kode, men som først må løse koden på hjemmebane».

– Akkurat som alle andre i bransjen, har me måtta trykka på pauseknappen.

– Øydelegg eller utset koronaen prosjektet?

– Korona skal ikkje øydeleggja prosjektet, som allereie er finansiert. Spørsmålet er heller kor lang utsettinga blir. Men akkurat der veit filmbransjen like lite som alle andre.

Les også

  1. – Kinoene har overlevd alle tidligere kriser. Vi overlever nok koronaen og

  2. – Publikum savner kinoene, og ser etter andre steder å oppleve god film

Publisert:
  1. Film
  2. Norge
  3. filmer

Mest lest akkurat nå

  1. Fører av personbil omkom etter trafikkulykke

  2. Viking-profilen ble trist da han fikk Berntsen-beskjeden: – Mer enn en trener

  3. Rørt Bjarne Berntsen: – Aldri opplevd maken

  4. – Shit, hvem har jeg smittet, tenkte Kristiane da hun fikk påvist korona

  5. «Jeg tenkte 2020 var året Bjarne Berntsen skulle få æresmedlemsskap i Viking. Ikke få sparken»

  6. Tone har panikk for å få smitten inn i sin fjørfebestand: – Vil være katastrofalt