Slik fekk radioveteranen heimelaga dab+

Med teip og adapter går radioveteran Sigvart Østrem dab+ i møte med glede. Han kan ikkje forstå all nostalgien.

Publisert: Publisert:

Foto: Aasland, Jarle

  1. Leserne mener
Denne artikkelen er over to år gammel

I ein grå Ford går det ei ledning mot taket, festa med tape på innsida av frontvindauget. Den pensjonerte radioveteranen Sigvart Østrem har kjøpt adapter som han har festa i sigarettenneren.

– Skjermen er for liten til at ein kan lese medan ein køyrer, men ein veit jo gjerne rekkefølgja på kanalane og då er det berre å trykke, seier han og lener seg litt innover mot skjermen for å sjå.

NAF har åtvara om at slike adapter kan vere trafikkfarlege med sine små skjermar. For Østrem er løysinga enkel - om han abosolutt må sjå på skjermen, venter han til han kan køyre til sides, noko han synes er heilt greit for ei løysing som kosta rundt 500 kroner.

Foto: Aasland, Jarle

Foto: Aasland, Jarle

Forstår ikkje nostalgien

Østrem går inn ei blå ytterdør, tek av seg sandalane, går opp ei trang trapp og inn i eit rom der radioar står i store hyller på veggane. Det har blitt ein hobby å samle på dei.

– I dag ser eg at det gjerne ville vore enklare å samle på frimerke. Det er klart det er ein vemodig dag. Eg har nok fleire radioar enn dei fleste, seier han.

Onsdag vert FM- nettet slukka for NRK i Rogaland. Det betyr at radiosignala frå NRK vil bli tilgjengelege i dab+. For P4 og Radio Norge slukker FM i semptember, medan enkelte lokalradiostasjoner framleis vil sende i det gamle nettet. Det spesielle i Norge er ikkje innføringa av digitalradio, men at FM- nettet vert slukka på same tid.

Etter 40 år i NRK har Østrem skifta rolle til radiolyttar, noko han dagleg brukar fleire timar på. Sjølv om kjærleiken til Sølvsuper og Huldra er stor, slit han med å forstå motstanden mot det nye. Han har kjøpt adapter til yndlingsradioane slik at dei framleis skal få leve.

– Denne FM- nostalgien forstår eg ikkje. Eg kan ikkje hugse at motstanden var så stor på 50- talet då Norge gjekk frå AM- nett til FM. Dab+ vil gi tilgang på langt fleire kanalar for mange i distrikta, så sånn sett er det meir demokratisk. Når eg er i Etne, der eg kjem frå, vil eg no kunne høyre på kanalar som i dag ikkje er tilgjengelege der.

– Eg skjønner det ikkje. Eg har aldri skjønt kvifor folk er så konservative til radio. Slik har det aldri vore med TV.

I Etne har han i dag tilgang på fire eller fem kanalar, alt etter kvaliteten på radioen og antenna. Med dab+ blir kanalane fleire, men dekningsgraden er om lag den same som tidlegare.

Les også

Ikke alle får like god dab-dekning

Slik blir du klar for dabFå DAB+ i bilen? Så mye koster alternativene

Merket avgjer

Aftenbladet har tidlegare skrive at det truleg vil vere rundt to millionar bilar som treng installering av dab+- mottakarar. Forskjellege bilmerke har forskjellege løysingar. Til dømes er det ikkje like enkelt å gjere det sjølv dersom du har Volvo.

– Systemet som Volvo bruker er kobla gjennom fiberoptisk kabel, det vil seie at ein må koble inn gjennom nettverket. Vidare må ein ha spesiell lisens for å laste inn programvare for Volvo. Dette er ikkje noko folk kan gjere sjølv, seier verkstadleiar ved Kverneland Volvo Forus, Kurt Knutsen.

Hos denne verkstaden kostar det mellom 4990 og 7000 å gjere bilen klar for DAB+, noko dei dagleg har kundar som ønsker. Minsteprisen var 2500 for nokre månader sidan, som ein del av ei kampanje.

– Pågangen har vore så stor siste tida at vi har hatt problem med å få tak nok modular, seier Knutsen.

Ved Kverneland Ford Forus ligg prisen på 3490 til 6500, alt etter om ein vil ha eit adapter eller om ein vil bytte ut heile radioen, ifølgje verkstadsjef Admir Denic.

– Vi har hatt om lag ti DAB- kundar i veka dei siste tre månadane, seier Denic.

Ti tusener av biler uten dab+-løsning- Det er jo helt bak mål, vi har blitt lurt!
Publisert: