Mari (15) frå Bryne er klar for Idol-finale

I semifinalen imponerte Mari Eriksen Bølla dommarane med «Survivor» av Destiny’s Child. Sceneantrekket hadde ho designa og sydd sjølv.

Publisert: Publisert:

Mari Eriksen Bølla er klar for semifinale i Idol, og håper på ein plass i finalen. Her frå ei tidlegare framføring. Foto: Thomas Andersen / TV 2

  • Marie Håland
    Journalist
  • Birgitte Flote
    Journalist

Det var Bendik Solberg (20) som måtte reise heim etter semifinalen fredag. Bryne-jenta Mari Eriksen Bølla er med vidare til superfinale neste helg.

Imponerte

– Eg vil at de skal forvente dykk at det blir show, samtidig som de får høyre ein god klassikar, sa Eriksen Bølla før ho framførte «Survivor».

Framføringa imponerte dommarane.

– Dette er heilt sjukt! Det er pakkedealen, Mari. Eg ser du har sydd dine eigne klede, du dansar, du leverer, jubla dommar Andreas «Tix» Haukeland.

– Kva er det ho dama her ikkje kan? spurte Tshawe Baqwa.

– Det varmar ein gammal Destiny’s Child-fan, sa Silje Larsen Borgan.

– Du vinn Norge

Bryne-jenta framførte også låten «Alone» av rockebandet Heart. Denne har ho sunge tidlegare, og sjåarane fekk bestemme at ho skulle opptre med den igjen.

– Alone er ikkje ein typisk meg-song, eigentleg, men eg har blitt skikkeleg forelska i han, sa Eriksen Bølle før ho gjekk på scena.

Sist ho sang denne songen, reagerte Haukeland med å sparke stolar over ende i begeistring.

– Det er så mektig, sterkt og vakkert. Kvar einaste gong. Det her handlar ikkje lenger om å vinne Idol, du vinn Norge, sa han då.

Også denne gongen imponerte ho dommarane med låten.

– Mari, du er rett og slett suveren i kveld, sa Silje Larsen Borgan.

– Du er klar, rett og slett, for å sendast ut i den store verda som fullkomen artist, sa Tshawe Baqwa.

Superfinale 15. mai

– Eg håper at folk stemmer på meg i kveld òg, men det er ikkje noko eg kan bestemme sjølv. Eg skal berre gjere mitt aller beste, sa Eriksen Bølla til Aftenbladet før semifinalen starta.

Neste helg møter ho Oda Gondrosen (23) og Tore Pedersen (18) i finale, der ein av dei til slutt står att med platekontrakt. Finalen fredag 15. mai vil for aller første gong gå føre seg med tre deltakarar. Normalt er det to deltakarar i finalen.

– At vi har tre finalistar i finalen gjer at det blir to avstemmingar. Det betyr at det både blir ei finale og ei superfinale i same sending. Først frå tre til to, og så ein duell. Til slutt er det berre éin som får framføre den heilt nye vinnarlåten, seier programredaktør Kathrine Haldorsen til TV2.

Bestemte seg for Idol som 6-åring

Mari har vore glad i å syngje sidan ho var fire år, og allereie som 6-åring var ho bestemt på at ho skulle vere med på Idol. I 2014 kom ho på tredjeplass i Idol junior.

– Eg håper eg syng, har konsertar, og koser meg med musikken i framtida. Det er det eg har lyst til å drive med.

Ariana Grande, Whitney Houston og Michael Jackson er hennar store idol.

Saknar publikum

Mari og resten av deltakarane song for eit publikum under bootcampen i desember. No er derimot salen tom, noko som er uvant for den sceneglade jenta.

– Du merkar liksom ikkje heilt forskjellen på generalprøve og sjølve sendinga. Fordi eg har vore med på Idol junior, veit eg korleis det er å ha publikum. Difor saknar eg det litt ekstra. Men det er uansett veldig gøy, og eg forstår godt at det er slik no.

Les også

– Eg ønsker å bli ein artist som tør å «gutse»

Mari beskriv seg sjølv som eit b-menneske, og liker godt å slappe av i senga for å kople av etter sending.

– Etter sending drar eg heim og pratar i telefonen, og så ligg eg lenge vaken. Elles likar eg å slappe av med god mat, spesielt søtsaker frå Pascal konditori.

Drøymer om USA

Dei fleste songane blir sunge på engelsk, men Mari seier at ho av og til kan slå til med ein norsk klassikar. Heimstaden Bryne ligg uansett svært nært i hjartet.

– Eg skal nok tilbake til Bryne etterpå. Eg elskar å bu der, og det er trygt og godt. Likevel er det ein draum i framtida å flytte til USA og satse på musikken der.

Dette er den ellevte sesongen av Idol på TV 2. Det var Øystein Hegvik som vann førre sesong.

Publisert:

Les også

  1. Mari fra Bryne videre til Idol-semifinalen

  2. – Jeg ønsker å bli en artist som tør å «gutse»

  3. Mari fra Bryne gikk videre i Idol: – Det handler ikke lenger om å vinne Idol. Du vinner Norge

  4. Sjå kva korpset gjorde då øvingslokalet vart stengd

Mest lest akkurat nå

  1. Pasient tiltalt for drapsforsøk på lege

  2. Fem nye med korona på Jæren

  3. Dette blir dyrere i Stavanger neste år

  4. Bekymret Solberg varsler nasjonale innstramminger

  5. Nakstad: – Må gjøre endringer for å få kontroll på pandemien

  6. Aker Solutions har ombestemt seg, vil likevel teste utlendinger hjemme

  1. Idol
  2. Musikk
  3. Bryne
  4. Andreas «TIX» Haukeland
  5. TV2