Korpsa tenkjer kreativt for å tene pengar

I ei tid med avlyste loppemarknader, dugnader og speleoppdrag har korpsa funne alternative innsamlingsmetodar.

Publisert: Publisert:

Det blir ikkje ei vanleg 17. mai feiring i år, men nokon heldige kan få Nylund skulekorps heim i hagen. Foto: Fredrik Refvem

  • Marie Håland
    Journalist

Om du er ekstra glad i Hundvåg kan du kjøpe eit handlenett frå Skeie skulekorps med teksten «I <3 Hundvåg» på. Dette er eit av fleire nye påfunn korpsa har komme med for å overleve etter eit stort inntektstap denne våren.

Skeie skulekorps fekk ideen, og konseptet, om handlenett frå Storhaug skulekorps. I tillegg har dei loddsal der to kan bli dei heldige vinnarane av ein konsert på Hundvåg på sjølvaste nasjonaldagen.

Les også

Her får korpset en stor overraskelse!

Handlenetta har blitt populære i fleire bydelar, og er trykt på lokalt trykkjeri.

– Det var ein god idé som nokon fann på. Me er spente på å sjå kven som vinn og kor me skal spele opp, seier Anne Kristin Molvik, leiar i styret til Skeie skulekorps.

– Morosamt å gjere noko nytt

I vår har dei gått glipp av inntekt frå mellon anna loppemarknader, dugnadar og speleoppdrag. Då har det vore ekstra viktig å tenke utanfor boksen.

– Det er rom for å vere meir kreativ no, og å avvike frå tradisjonane. Det har vore morosamt å gjere noko nytt. No er me alle i koronaånda og gjer litt ekstra, seier Molvik.

Ho seier at korpset, trass situasjonen, har ein grei økonomi, men at ho er spent på korleis tida vil bli framover.

– Me lurer på korleis dette vil påverke engasjementet til dei yngste musikantane våre, men førebels har det gått fint. Undervisninga har vore digital, og no begynner det å losne opp litt. Korpset har hatt ein god driv og mykje positivitet, og folk synest me er kreative.

Sel 17. mai-sett

Også Nylund skulekorps frå Storhaug sine inntektskjelder stoppa opp under koronakrisa. Mellom anna pleier omsetnaden å vere stor på 17. mai. Då det vanlege arrangementet vart avlyst fann dei heller andre metodar.

– Me har laga eit «gjer det sjølv» sett med ting du treng for å skape kjensla av skulegard heime. Ideen berre kom, seier Petter Waldow som er Nylund sin eigne 17. mai general.

Les også

Er øvingslokalet stengd? Okei, men det er ikkje hagen!

Settet er eit samarbeid med Kiwi Lervig og inneheld brus, pølser, pølsebrød, ketsjup, sprøsteikt løk, popkorn, filterkaffi og pappkrus. I tillegg ligg det reklameartiklar frå Kiwi som kan brukast som premie i klassiske leikar som sekkelaup og styltegåing.

– Me har fått mange «likes» og delingar på Facebook, og nokon har bestilt. Det er veldig kjekt at folk bestiller, og me er takksame for det. Det er kjærkomne pengar, men det måler seg likevel ikkje opp mot omsetnaden me pleier å få på 17. mai.

Strøymer konsert

Sjølv om det ikkje blir ein normal 17. mai, så kjem Nylund til å spele opp til musikk for alle som vil høyre.

– Me skal strøyme konsert klokka 10 på Facebook, der me skal spele marsjar og 17. mai musikk, med Espen Hana som konferansier. Det blir eit alternativ til å gå i barnetog, og andre arrangement.

Strøymekonserten er gratis, men dei håper at nokon kjem til å sende litt støtte på vipps i ei spesiell og økonomisk krevjande tid.

Les også

Slik skal Norge gjenåpnes

Trass unormale omstende ser Waldow, og resten av Nylund skulekorps, fram til søndagen.

– No har me klart å skaffe litt merksemd rundt konserten, og det har gitt korpset noko å øve fram mot. Me skal også spele på tre sjukeheimar på 17. mai. Elles fokuserer me på hausten, men me skal prøve å ha øvingar og samlingar heilt fram til sommaren òg, tilpassa smittevernreglane.

Ny krisepakke gjev meir støtte

Dagleg leiar for Norges Musikkorpsforbund i Rogaland, Lilli Anne Jacobsen Grong, synest det er veldig positivt at korpsa har tenkt kreativt denne perioden.

– Det er kjempebra! Korpsa er flinke til å snu seg om og finne alternativ. Dei frir til både bydelen, vener og kjente. I denne perioden har dei vore utruleg kreative, og vist stort pågangsmot.

Førre veke opna kulturministeren opp for at korps, kor og idrett kan få støtte for inntil 70 % av inntektstapet. Dermed gjer den nye krisepakka støtte til bortfall av inntekter som loppemarknad og dugnadar.

– Dette er eit steg i riktig retning, men me er spente på å sjå om det er nok pengar. Dei fleste dirigentane og instruktørane er tilsett i kulturskulen, og er ikkje permittert. Med manglande inntekter kan det bli vanskeleg å betale rekninga til kulturskulen, seier Grong.

Les også

Krisepakken til kulturen og idretten utvides – får dekket loppemarkedstap

Ho trur uansett at alle dei 150 korpsa i Rogaland kjem til å overleve. Ho har merka at folk ser kor viktig plass korpsa har i samfunnet, og at dei har fått mykje meir sendetid no enn tidlegare. Likevel kjem me til å høyre at det har vore ei annleis tid.

– På det musikalske så kan ein merke det, fordi dei ikkje har fått øvd og spelt så mykje saman. Øving må bli halde ved like, akkurat som trening.

Publisert:
  1. Musikk
  2. Korps
  3. Stavanger