Kulturkrigen på KrF-grasrota

BOK: Helge Simonnes viser veg til konfliktane i Kristen-Norge. Men boka hadde vore betre med færre omvegar. 

Publisert: Publisert:

KrF-leiar Knut Arild Hareide vurderte feil då han ville ta partiet sitt til venstre. Her saman med nestleiar Olaug Bollestad som valde blått. Foto: Fredrik Refvem

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 of 6 stars

Helge Simonnes: Kampen om korset i politikken. 270 sider. Vigmostad & Bjørke.

Kampen om Kristeleg Folkepartis kurs var det store dramaet i norsk politikk i fjor haust.  Kappløpet mellom «dei raude» og «dei blå» var på overflata lett å følgja med i. Verre var det nok for mange å forstå dei underliggjande konfliktane blant kristenfolket som påverka partistriden. Blant store folkegrupper i det stadig meir sekulære Norge er kristne miljø blitt eksotiske og sære.

Mangeårig redaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, er ein av dei som har best oversikt over utviklinga i kristen-Norge dei siste tiåra. I boka «Kampen om korset i politikken» prøver han å forklara kva som skjedde i KrF, men han har også lange sideblikk til USA, Brasil og europeiske land der kristenkonservativ politikk har vore på offensiven dei siste åra.

Hareides feilvurdering

Den viktigaste bodskapen til Simonnes er at det har utvikla seg ei polarisering blant kristenfolket. Leiarane i Den norske kyrkja og store delar av tillitsmannsapparatet i KrF aksepterer at samfunnet er blitt sekulært og fleirkulturelt, at statskyrkja er oppheva og at politiske avgjerder ikkje kan tas med Bibelen som einaste autoritet. Kristne leiarar kan ikkje bruka eit «åndeleg» språk som berre dei på innsida forstår.

På grunnplanet, i bedehusa og i frikyrkjene er det derimot stor uro over at Norge er i ferd med å mista sin kulturelle, kristne identitet, dei er kritiske til muslimsk innvandring og likestilling for homofile, og dei etterlyser «verdikrigarar» som vil ta kampen opp mot denne utviklinga. Det er i desse miljøa at Sylvi Listhaug har fått heltestatus.

«KrFs velgere er som alle andre – de styres av følelser, og de ledes av indre instinkter,» konstaterer Simonnes. Og han meiner det var her Knut Arild Hareide vurderte feil då han trudde han skulle få partiet med seg til venstre. Den instinktive skepsisen til «avkristningspartia» Ap og SV er framleis stor på grasrota i KrF, sjølv om ein kan ha felles syn med venstresida i mange saker i kvardagspolitikken.

Kor mange er dei?

Simonnes legg ikkje skjul på at han er skeptisk til at «religiøse instinkter» skal få for stor plass i politikken, men det er likevel med eit opent journalistisk sinn han tar lesaren med på ei reise gjennom kristen-Norge, særleg dei konservative miljøa. Me blir presenterte for Bjarte Ystebø og krinsen omkring Oslo Symposium og avisa Norge IDAG, dei fremste importørane av amerikansk kristenkonservativt tankegods til Norge. Simonnes reiser også til Karmøy for å lytta til den kristne grasrota. Med Sildakongen i spissen tar dei gjestfritt imot forfattaren, men fører klar tale. Og Simonnes spør om Olaug Bollestad, ein politikar «med en viss rødtone», eigentleg hadde noko anna val enn å gå til blå side når ho skulle representera veljarane i Rogaland.

Likevel, Rogaland er meir enn Karmøy. Simonnes skriv fleire stader om korleis Sylvi Listhaug og Frp har skapt «store bevegelser» på grunnplanet i KrF. Det er utan tvil dekkande for ein del miljø, men eg saknar handfaste vurderingar av kor store grupper det er snakk om i det kristenkonservative grenselandet. Overdriv han kanskje litt?

Dokumentasjon finst. Valundersøkinga til Institutt for samfunnsforsking og Statistisk sentralbyrå for 2017 viste at netto overgang frå KrF til Frp utgjorde 0,3 prosent av den totale veljarmassen, eller rundt 10.000 veljarar. Det er sjølvsagt alvorleg for eit parti som balanserer på kanten av sperregrensa, men fråfallet til Senterpartiet var større (0,5 prosent). Partiet De kristne, som målber synspunkta til den kristne høgresida, har også så langt vore ein flopp.

Boka er dessverre skjemma av dårleg redigering. Forfattaren hoppar fram og tilbake og gjentar seg sjølv for ofte. Til tider føler lesaren seg som ein uheldig deltakar i eit brettspel der han stadig må flytta brikka bakover og begynna på nytt. For eksempel startar Simonnes på side 34 ei fleire siders utlegning om kva han vil med boka, stoff som naturleg høyrer heime i forordet. Det er synd, for Simonnes skriv lett og med ei innsikt som elles ofte er mangelvare i norske medium.

Publisert: