Verda har opplevd økonomisk kollaps før. Reiser me oss denne gongen også?
– Kva gjer staten med restaurantar, barar eller reiseselskap om dei går konkurs, blant anna på grunn av tiltaka frå staten? Det har me ikkje erfaringar med å svara på – og det finst heller ikkje opplagde svar, seier Einar Lie, professor i økonomisk historie ved Universitetet i Oslo. Ketil Blom Haugstulen
Koronakrisen er også ein økonomisk krise. Einar Lie er professor i økonomisk historie – og usikker på om me vender tilbake til den same normalen som før.