Publikumsoppgang for Kapittel

KAPITTEL: 12.406 publikummarar besøkte Kapittel 19. Det er drygt 1600 fleire enn i fjor og det nest høgaste publikumstalet for festivalen nokon sinne.

Publisert: Publisert:

Siri Odfjell Risdal er ferdig med sitt første Kapittel som sjefen for det heile. Foto: Kapittel/Andrea Rocha

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Vel overstått festival!

– Jo takk. Det gjekk jo veldig bra.

Siri Odfjell Risdal overtok som Kapittel-sjef for fire månader sidan. Søndag var hennar første festival over. Årets tema var «Kropp». Fasit viser ein publikumsauke på vel 1600 frå i fjor.

– Finst det ei forklaring på oppgangen?

– Eg trur me har treft godt med tema, og at me kanskje nådde ein del som ikkje har vore på Kapittel før. Me hadde fleire samarbeidspartnarar, fleire arrangement og fleire godt besøkte arrangement.

Samtalar om kroppen

Odfjell Risdal meiner årets festival nærma seg årets tema frå mange ulike sider.

– Me skapte ein open, opplyst samtale. Kroppen ligg til grunn for mykje av samfunnsdebatten for tida. Det er eit brennbart og viktig tema som i siste instans handlar om liv og død.

Kapittels kjernepublikum er ifølgje Odfjell Risdal dei som er kjerna på Sølvberget resten av året: folk som er interesserte i litteratur og samfunnsspørsmål, folk som les mykje, barnefamiliar, folk over 35 år.

– Men så ser me at me er i ferd med å nå litt breiare ut også, gjennom å knyta oss til fleire samarbeidspartnarar. På «Hvorfor det?» med Linn Skåber og Trond Viggo Torgersen på Tou Scene var det heilt andre i publikum enn dei me vanlegvis ser på Kapittel, seier Odfjell Risdal, som også merka stor pågang frå skulane i år.

– Temaet traff godt der. Kropp, seksualitet og pubertet er viktig for dei som står midt i det.

Breitt og smalt

Som forventa, er arrangementa med dei store, kjende forfattarane dei som først blir utselde. Ekstra glad er Odfjell Risdal over at Johan Harstads Kielland-foredrag om kvifor litteraturen er viktig blei utselt på førehand.

– Men så er det kjekt å sjå at også fleire av dei smalare arrangementa var populære. Som poesi og dans på Stavanger kunstmuseum, som blei utselt. Dokumentarfilmprogrammet var også godt besøkt i år.

– Er det noko mønster i kva arrangement som er minst besøkt?

– Det finst arrangement og tema som har ei smalare målgruppe, som teikneseriar. Men me vil jo ha med desse sjangrane også, sjølv om dei ikkje er publikumsmagnetar. Og så kjem besøket på dei ulike arrangementa an på tidspunkt og dag.

Årets lærdom

Kva har Odfjell Risdal lært av sitt første år som kapittelsjef?

– Masse. Framfor alt lærte eg at det me held på med er viktig. Samt at dette er ein stor festival, med eit stort apparat i sving. Ein ser det kanskje ikkje så godt frå utsida, men sett innanfrå blir det veldig tydeleg. Og så ser eg fram til å ha eit heilt år på meg til neste år, ikkje bare fire månader.

– Kva vil du gjera annleis neste år?

– Stemninga og responsen på årets festival tyder på at me gjer mykje rett. Det blir ikkje dei store endringane framover. Men ein gjer seg jo sine tankar når ein er backstage og får innsyn i programmeringa. Det handlar om å lytta til innspel, justera små ting på kort sikt og større ting på lengre sikt. Men framfor alt er eg stolt over Kapittels profil og fotfestet me har fått.

Årets Kapittel hadde 155 arrangement, 150 gjester, 80 frivillige, 50 samarbeidspartnarar - og altså 12.406 publikummarar.

– Har du eit mål om at Kapittel skal bli større, eller er det stort nok nå?

– Eg trur Kapittel har funne forma si. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å bli større. Samtidig ligg målet om å nå breitt ut fast. Me kan gjerne bli endå meir synlege, men ikkje nødvendigvis større.

– Kva blir tema neste år?

– Ja, det hadde vore kult å kunna svara på. Men før me landar det skal me evaluera årets festival. Men neste års tema skal i alle fall spegla tida me lever i.

Publisert:

Les også

  1. – Boken snakker tydeligvis til lesere også i 2019

  2. Sædkvalitet i fritt fall

  3. – Populistane stiller legitime spørsmål. Men svara deira er feil

  4. Kritiserte #metoo, fekk dødstruslar i posten

Mest lest akkurat nå

  1. Lærere med hovedfag klarer ikke løse nye eksamensoppgaver for videregående-elever i matematikk

  2. Dette må du vite om busstreiken

  3. Fire nye koro­nasmit­tede i Stavanger – ett av tilfel­lene har ukjent smitte­kilde

  4. Amerikanske medier: Trump har valgt Barrett til Høyesterett

  5. Flere voldsepisoder, knust busskur og ruskjøring i natt

  6. Kjøkkenet ligger 143 meter over havet – i Stavanger

  1. Litteratur
  2. Kapittelfestivalen
  3. Samfunnsdebatt
  4. Bøker