Kampen for kjønnet sitt

ROMAN: Jenta Ninas lange veg fram til ho er den unge mannen Nikolai; varleg fortald.

Publisert: Publisert:

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker

Grade: 5 of 6 stars

Bjarte Daviknes Klakegg: Ninkolai. Roman. 399 sider. Samlaget.

I ei egofiksert tid, då einkvar kan definera eigen identitet pluss omgrepet «krenka», er det ikkje gjerne lett å vita kven ein retteleg er. Men det gjer hovudpersonen i Bjarte Daviknes Klakeggs (1969, debut 2009) stillferdige roman «Ninkolai» alt tidleg i livet.

Ho, hen eller han som har gitt romanen namn, veit frå starten av kven han er: Då forteljinga opnar, er Nina bare Nina i namnet, og skal i løpet av ein flott roman gå frå å vera jenta Nina til å bli den guten Nikolai han veit at ho er – «Ninkolai» er eit høveleg namn i overgangsfasen. Nina er gut for Nina, men har nesten alle mot seg på vegen mot sjølvstendig identitet.

I springande kapittel, markerte med tala 12 til 18 for hovudpersonen sin alder hoppande fram og tilbake over sidene, om livet som det artar seg for den tolvårige jentungen til ho har blitt eit ungmenne på atten, blir Ninkolai eit levande og vel samanføyd menneske. Då har ikkje bare forfattaren skapt eit mangefasettert bilde av hele det unge livet hans, men samtidig skrive ei familiesoge over tre generasjonar, organisert i tre hovuddelar:

I den første bur Nina på landet saman med besteforeldra, etter at mora har parkert henne hos dei og sjølv dratt tilbake til byen og eit liv i oppløysing. Kven faren er, veit Nina ikkje. Men han har lenge visst at han sjølv er ein gut, og dregst mot jenter. Han går til lege og vil bli gut; og han har nære forhold både til både gut og jente. Det er ikkje lett, verken i høve andre ungdommar eller heime hos besteforeldra, der den fornektande bestemora ikkje vil gi slepp på den Nina han er for henne.

Bestefaren er den trygge, eigenleg den einaste, støtta i livet hennar: «Det er ikkje noko å fikse», meiner han; då er Nina 14. Slik boka er organisert, skiftar synsvinklane frå kapittel til kapittel, med initialane til den som styrer blikket til lesaren, bestefar, bestemor, Ninkolai sjølv, som overskrifter. Slik karakteriserer dei seg mens dei synleggjer alt Nina har å stå i på vegen mot sitt sjølv. Den blir ikkje enklare ettersom bestefar blir sjuk, til han til slutt «ikkje lenger (er) til stades i seg sjølv».

Det er til gjengjeld «Ninkolai», i ein vakker, beherska og lågmælt forteljing frå dei mest formative åra i eit menneskes liv.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Inntektene faller som en stein i bomringen

  2. Hjemme hos-bolig til salgs i Hjelmeland

  3. Brundtland: – 5000 døde i Sverige. 230 i Norge. Det er ganske utrolig

  4. Endelig åpner Sirdal-Lysebotn og Brokke-Suleskard

  5. Kaster du kaffegruten? Den kan brukes til både velvære og i hagen

  6. Demonstrasjon i Sirdal til støtte for gravid kvinne

  1. Roman
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse