Traust fluktdrama for familien

FILM: Varmt, velmeinande og gammalmodig om jødisk flukt under krigen.

Publisert: Publisert:

«Flukten over grensen» er på sitt beste når det er litt action, litt flukt. Foto: Trygve Indrelid

Grade: 3 out of 6 stars

FLUKTEN OVER GRENSEN

Med: Anna Sofie Skarholt, Bo Lindquist-Ellingsen, Samson Steine, Bianca Ghilardi-Hellsten, Henrik Siger Woldene, Kari Simonsen. Regi: Johanne Helgeland. Manus: Maja Lunde. Sjanger: Familiefilm / Spenning. Nasjonalitet: Norge, 2020. Lengde: 1 time, 36 minutt. Aldersgrense 9 år.

Eg høyrer til blant dei som godt skjønnar at straumen av bøker og filmar frå 2. verdskrig ikkje tek slutt. Krigen er det mest dramatiske som har skjedd det siste hundreåret. Ingen situasjon har sett liv og død på spel for så mange på ein så konkret måte. Sjølvsagt – og heldigvis – tek ikkje historiene frå denne dramatiske delen av vår nære historie slutt.

Men ein norsk krigsfilm for barn er aldri blitt laga før, ifølgje teamet bak «Flukten over grensen».

Filmen er basert på Maja Lundes prisvinnande bok «Over grensen» frå 2012. Me er i desember 1942. Den tyske okkupasjonsmakta har denne hausten gitt ordre om at alle norske jødar skal arresterast.

Filmen startar med autentiske bilete frå den tyske invasjonen, tyske soldatar i Norge, foto av Hitler. Det startar pedagogisk, for barn som ikkje kjenner historia så godt. Så går det over i fargar. Me ser to jødiske barn som gøymer seg, blir kjent med ein familie på landet der veslesøster Gerda på ti år leikar musketer mens storebror Otto er bistrare og mindre leiken.

Sidan skal det jødiske og det norske søskenparet hamna saman, på ein felles flukt mot svenskegrensa, bort frå tyskarane som er i hælane deira. Det ser ikkje mykje ut som desember i starten, der dei vandrar over grøne marker, men det blir (pussig raskt) kaldare og meir julete på ferda. Ungane må passa seg for svikefulle nordmenn, mens andre hjelper dei. Slutten er ikkje overraskande. Dette skal vera ein film for heile familien.

Johanne Helgeland debuterer med dette som langfilmregissør, basert på Maja Lundes eige manus. Måten dei har valt å fortelja denne historia på, er veldig traust, konvensjonell og rett fram.

Tidskoloritten er truverdig, det kjennest som me er «i gamle dagar», noko som også blir understreka av tempoet, talemåtane og filmspråket.

I store delar av filmen går det ganske sakte. Kamera dvelar veldig ofte ved barneansikt og blikk, utan at det nødvendigvis tilfører så mykje djupn. Dialogen blir tidvis litt stiv og konstruert, snusfornuftig og «barneklok». Snakkar barn sånn? Ikkje i 2020. Snakka dei sånn i 1942? Tidvis kan det bli noko gammalmodig over det heile.

Best fungerer fluktscenene, når det faktisk skjer noko, når det ikkje bare er blikk, dialog og leik. (Kor mange av barna i kinosalen har høyrt om Alexandre Dumas´ «De tre musketerer», som går igjen gjennom heile filmen?) Det er sjølvsagt dramatisk å vera på flukt frå tyske soldatar, fleire gonger er det spennande å følgja ungane på ferda mot det trygge Sverige.

Eg skjønnar jo at det er grenser for kor mykje nyansar, bakgrunn og kompliserande psykologi ein kan leggja inn i ein barnefilm. Samtidig er det ein hårfin balansegang mot det overtydelege. Ikkje minst når ambisjonen er å vera så varm og velmeinande – og politisk aktuell i ei verd med 35 millionar barn på flukt – som i dette tilfellet.

Publisert: