Eineståande vengespenn

BOK: Enormt kunnskapsrikt og med kritisk snert om samtid og nær fortid.

Er du blant dei som ikkje vegrar seg for å læra noko nytt, er Kjartan Fløgstads nye roman «Habeas Corpus» definitivt noko for deg, ifølgje Aftenbladets bokmeldar Steinar Sivertsen.
  • Steinar Sivertsen
    Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6

Kjartan Fløgstad: Habeas Corpus. Roman. 318 sider. Gyldendal.

Bak i Kjartan Fløgstads nye Alt-i-eit-jafs-roman finst eit register der 224 namn blir ramsa opp i alfabetisk rekkefølgje. Det dreiar seg om faktiske diktarar, filosofar, songarar, biletkunstnarar, politikarar, offiserar, juristar, varslarar, idrettsfolk osv. som denne tette, ofte krevjande teksten refererer til undervegs. 

Så dette er definitivt ikkje lesestoff for dei som elskar klassisk tabloidprosa utan framandord, lange setningar og ukjende namn. Men om du ikkje vegrar deg for å læra noko nytt, vil du her t.d. få vita at det juridiske uttrykket «Habeas Corpus» slår fast eit viktig demokratisk poeng – at «påtalemakta må føra ein arrestant framfor domstolen innan ein viss frist». Samstundes signaliserer boktittelen det som kanskje er teksten sitt viktigaste credo, at jussen er politisk, noko forteljaren avdekkjer igjen og igjen, energisk, konsekvent og medrivande. 

Elles består teksten av 22 kapittel som skildrar fiktive hovudpersonar – 16 menn og 5 kvinner, fødde mellom 1911 og 1989 i ulike land. Dei individuelle livsløpa deira viklar seg inn i kvarandre og kastar skarpt lys over den store Historia knytt til Norge, andre europeiske land, Nord- og Sør-Amerika, Asia og Afrika. På ekte fløgstadsk vis pendlar ein mellom det lokale og det globale, frå m.a. Laksesvela og Hjelmeland til Brussel, Luxemburg, Odessa, Buenos Aires og Kolahalvøya. Det heile er fascinerande, perspektivrikt, ja, ofte praktfullt gjort.

Som vanleg vekslar forfattaren mellom rollene som poeta doctus og poeta ludens. Han er først og fremst den lærde, polemiske diktaren som formidlar fakta av det kompromisslause, politiske slaget. Men han eig også ei leikande, satirisk flirande røyst som pirkar borti ideologiske meiningsmotstandarar ( «Dei maoistiske folkevennene talar om folket, men eig ikkje folkeskikk»), og han utleverer klassebasert, kulturelt styrt snobbisme når det kjennest naturleg. For å gjera alle til lags er heller ikkje denne gongen målet til den hyppig prislønna Sauda-buen, fabulatoren og kunnskapsformidlaren Kjartan Fløgstad.

Før dei komprimerte, springande livshistoriene nedfeller seg, viser forfattaren for øvrig til omgrepet «prosopografi» for slik å signalisera kva slags tekst han siktar mot. Han vil nytta «ein historisk metode som går ut på å samla detaljerte opplysningar om livet til ei gruppe menneske og tilhøva dei imellom, for å skapa ein kollektiv biografi eller livsskildring». Han vil med andre ord gå inn i si tid og stilla dei store spørsmåla – som dette: «Korleis skal ein leva moralsk under kapitalismen?» Og ikkje vera redd for å slå fast: «Kapitalismen ber krigen i seg, slik skyene ber på regn». Eller å insistera på at «Opplyst kapitalisme handlar om å lønna og verna dei fattige lenge nok til å kunna utbyta dei».

Forfattaren er samtidsaktuell i den forstand at han viser til både koronaen og Azovstal Stålverk i Mariupol og tar for seg norsk oppdrettsnæring, klimakrisa og ei rekke andre aktuelle tema.

Men størst plass i dette brokete lappeteppet av ein referanserik totalroman vier diktaren til Tyskland før, under og etter den andre verdskrigen. Med indignasjon i stemma kastar han fram ei rekkje fakta: Landet har aldri tatt eit skikkeleg oppgjer med Hitler og Det tredje riket. 30 000 tyske legar var lojale medlemmer av NSDAP og bidrog saman med framståande juristar – gjerne i rolla som nazioffiserar og frontkjemparar – til etablering av gasskammera og ein arisk drapsindustri av beste merke. Ingen av dei 570 dommarane som var aktive i naziperioden, blei stilte for retten etter krigen. Mange av dei som heroisk ofra seg i kampen mot den gudlause jødebolsjevismen på Austfronten, slapp heldigvis unna straff eller fekk korta ned soningstida si radikalt dersom dei blei dømde. 

Gjennom stadig nye døme viser forfattaren korleis notoriske krigsforbrytarar etter 1945 inntar framståande posisjonar i tysk samfunnsliv og politikk – ofte i partiet FDP. Dei får makt, tener seg rike, lever gode, lange liv. Her dokumenterer diktaren i kjend stil at grove brotsverk og steil antikommunisme verkeleg løner seg i ei pengestyrt, moralsk forkvakla, vestleg verd. 

Du blir neppe emosjonelt gripen av å lesa ein roman som «Habeas Corpus». Men du vil bli klokare. Og får i tillegg mykje å grubla vidare på, m.a. knytt til likvideringa av ein kvinneleg forretningsadvokat på open gate i Brussel: Kva kan ein eigentleg lesa ut av revolveren som blir funnen i ein fryseboks i kjellaren før våpenet hamnar på havbotnen utafor norskekysten?

Publisert: