Syngande, tragisk Cyrano
FILM: Peter Dinklage drivande god som tragisk forelska Cyrano de Bergerac i musikalversjon.
- Jan ZahlKulturjournalist
CYRANO
Kinopremiere: 22.04.2022. Med: Peter Dinklage, Haley Bennett, Kelvin Harrison Jr., Ben Mendelsohn, Bashir Salahuddin. Sjanger: Drama / Musikal / Romantikk. Regi: Joe Wright. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 4 minutt.
Musikal er ein merkeleg sjanger. Plutseleg kan folk bryta ut i song og dans. Som om det var verdas mest naturlege ting å gjera. Noko det jo ikkje er.
På sitt beste, kan musikalar likevel/ (derfor?) vera knakande god underhaldning. Faktisk også på film. Den som ikkje har sett «Hamilton», må gjera det. Aller helst sceneversjonen i USA eller London, men gjerne på skjermen på Disney +. Og den som ikkje lar seg røra av filmversjonen av «Les Misérables» (2012), med Hugh Jackman, Russell Crowe og Anne Hathaway, har ikkje noko hjarte.
Så: Kva skal til for at ein musikal skal fungera – også på film? Hadde eg hatt de nøyaktige svaret, hadde eg sannsynlegvis vore millionær på min eigen musikal. Men: Du må ha ei ganske god, om ikkje så veldig komplisert, historie. Og så må du ha bra musikk og gode utøvarar.
Nå som musikal
Korleis står «Cyrano» seg så? Dette er jo langt frå første gong versjonar Edmond Rostands teaterstykke frå 1897 blir filmatisert, men det spesielle denne gongen, er altså at det er som musikal. Basert på scenemusikalversjonen til Erica Schmidt frå 2019, der ho hadde regi og ektemannen Peter Dinklage spelte Cyrano – slik han også gjer i filmen.
Historia bør altså vera ganske kjent. Om soldaten og poeten Cyrano som er håplaust forelska i barndomsveninna Roxanne, men som aldri torer å seia det til henne fordi han meiner han ikkje er pen nok. I originalen har han så stor nase, i denne versjonen er han altså kortvokst.
Så i staden for å få Roxanne, blir Cyranos rolle å skriva blomstrande poetiske kjærleiksbrev og vera sufflør for Christian, som også er forelska i Roxanne. Cyrano gjer Christian veltalande, Christian gjer på eitt vis Cyrano pen.
Det går sjølvsagt ikkje særleg bra. Faktisk er denne versjonen av historia sårare og meir tragisk enn eg hugsa henne – og her er Dinklage (kjent frå «Game of Thrones») sitt spel heilt sentralt. Han ber den tragiske kjærleiken med fantastisk spel, med eit fantastisk ansikt.
Her er også fine, vonde scener frå fronten, der soldatane gjer seg klare for å døy i eit håplaust slag. Det gir ein ekstra dimensjon å sjå slike scener samtidig som ein veit kva som går føre seg i Mariupol denne veka.
Visuelt vakkert
Dramaet er særs flott filma, med storslåtte kulissar og fantastiske kostyme (som førte til Oscar-nominasjon). Men regissør Joe Wright tek seg litt for god tid, her kunne vore kutta eit kvarter. Og så ber filmen til tider preg av å vera basert på eit teaterstykke, for scenen. Dansescenene som pregar første del av filmen, blir plutseleg borte.
Og dermed er me ved musikken. Og her føler eg ikkje at «Cyrano» heilt leverer, med songane levert av bandet The National. Ein skikkeleg musikal skal ha (minst) éin hit, ein sånn låt du ikkje får ut av hovudet, i det minste eit stikk eller eit riff. Det har ikkje «Cyrano».
Ein musikal skal også aller helst ha augeblikk med skikkeleg gåsehud. Her nærmar «Cyrano» seg i eit par duettar mellom Cyrano og Roxanne, og kanskje særleg når soldatane syng om at ingen skal gråta over dei.
Og så manglar songane ein annan kvalitet ein skikkeleg musikal bør ha, der du blir blåst av banen av sjølve songprestasjonen.
Men er du glad i musikalsjangeren, i kostymeball, store kjensler og ei skikkeleg tragisk kjærleikshistorie, kan du absolutt gå på kino og sjå «Cyrano».
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Årets folketog i Stavanger
Se bildene fra russetoget her
Falt på elsykkel og slo hodet