På innsida med Trond Giske

FILM: Dokumentarfilmen om Trond Giske handlar om langt meir enn metoo.

«Makta rår» følgjer Trond Giske på reise gjennom Trøndelag og Nord-Norge for å gjera politisk comeback. Det går ikkje heilt etter planen.
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

MAKTA RÅR

Kinopremiere: 11.03.2022. Sjanger: Dokumentar. Regi: Håvard Bustnes. Nasjonalitet: Norge, 2021. Aldersgrense: For alle. Lengde: 1 time, 41 minutt.

«Arbeidarpartiet er faen ingen søndagsskole.» Sitatet frå Aps legendariske, mektige – og berykta – partisekretær Haakon Lie var gyldig på 1950-talet. Og det er sanneleg gyldig den dag i dag.

Regissør Håvard Bustnes startar «Makta rår» med å stilla spørsmålet eg har stilt meg sjølv: Kvifor i all verda stiller Giske opp i ein dokumentarfilm, etter å ha gått av som nestleiar i Ap etter sterke skuldingar om utilbørleg oppførsel mot kvinner?

«Eg veit ærleg talt ikkje,» svarer Giske, som seier han håper det blir ein film om politikk, saker, møte med folk.

Dokumentarfilmskapar Bustnes sin opphavlege plan, var å starta filminga av det veltalande, politiske talentet frå Trondheim for 20 år sidan. For i Giske såg Bustnes – som så mange andre – ein potensiell statsminister. Tenk å følgja denne mannen tett med kameraet på alle stega til maktas topp!

Giske svarte aldri. Ikkje før fallet frå nestleiarvervet i Ap var eit faktum. Men mens Bustnes vil snakka om metoo, ser Giskes motiv ut til å vera å dokumentera sitt politiske comeback. Bustnes er med Giske der han køyrer rundt i Trøndelag og Nord-Norge under lokalvalkampen i 2019. Han er med Giske til lokallag og partiveteranar i heimfylket. Og der blir altså Giske teken imot som ein konge. Det er uendeleg langt til Oslo, til Aps sentralleiing og kommentariatet i hovudstadspressa.

Men så skal det dukka opp nye skandalar. Nye diskusjonar rundt heile partikulturen i Ap, både i Oslo og i Trøndelag.

Metoo er sjølvsagt ein nøkkeltematikk i filmen. Varsla, Giskes forsøk på å be om orsaking og redda si politiske karriere. Medielogikken, varslaranes fortviling, Giskes aukande behov for å imøtegå påstandane, samtidig som han meiner det ikkje er mogleg.

Men filmen er heldigvis interessant på fleire måtar. Han viser fram politikkens fotarbeid, korleis du bygger støtte og skaper politisk engasjement – nedanfrå.

Sentrum-periferi er ei evig konfliktlinje i norsk politikk. I «Makta rår» ser me igjen avstanden mellom Oslo-elitane og resten av landet. Det er altså Giske som kjem på besøk i nord, ikkje Jonas Gahr Støre. Og dette spelar sjølvsagt Giske på, som ein slags grasrotas mann.

Samtidig får me innsyn i eit parti der dei interne maktkampane aldri tar slutt. For når handlar Giskes fall om framferda hans mot kvinner, og når handlar det om maktkamp mellom hans fløy og Tajik-fløya? Kven støttar kven? Kven dolkar kven i ryggen? Korleis er dynamikken mellom gamle og unge, etablert partikultur og ferske AUF-arar?

Her ligg forresten mitt vesle sakn i filmen. Giskes folk på grasrota høyrer me frå, saman med ei rekke dyktige kommentatorar og journalistar. Men dei sentrale Ap-folka som sit med makt og posisjonar i dag, høyrer me ikkje frå. Dei såg seg kanskje ikkje tente med å delta i ein dokumentar om Trond Giske?

Ja, og så handlar dokumentaren også om medielogikk og presseetikk, også om journalistiske feilvurderingar. Og om dei som hamnar midt i denne sentrifugen av nesten utrulege hendingar.

Filmskapar Bustnes er tidvis redd for å koma for tett på Giske og hans versjon, for å bli ein slags del av hans apparat. Heldigvis reflekterer han ope om sine dilemma i filmen, slik at me som sjåarar også kan ha det i mente. Sjølv har Giske i ettertid kritisert det han meiner er manglande tilsvar på ein del av påstandane i filmen. Bustnes har replisert at det ikkje verkar som om Giske har forstått kva metoo eigentleg handlar om. Om begge er litt misnøgde, kan det tyda på at filmen er passe balansert.

Premieren får ekstra aktualitet av at han kjem kort tid etter at også Hadia Tajik har falle frå Ap-maktas tindar. I «Makta rår» kan det sjå ut som om ho vann maktkampen. Plutseleg ser det ikkje slik ut lenger. Så kva makt er det som rår nå, om det stemmer at makta rår?

Publisert: