Maskinane erstattar oss ikkje ennå

BOK: Algoritmane gjer mennesket endå viktigare, meiner Hannah Fry.

Publisert: Publisert:

Hannah Fry er matematikkprofessor og prøver å hella kaldt vatn i blodet på teknologifantastane og roa ned dei framtidspessimistiske.

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 5 of 6 stars

Hannah Fry: Hallo, verden – Hvordan være menneske i en verden styrt av datamaskiner. Omsett av Lene Stokseth. 288 sider. Cappelen Damm.

Diskusjonen om vår digitale framtid har lett for å bli polarisert. På den eine sida har me teknologioptimistane med sine visjonar om ei smartare og meir effektiv verd, der stadig fleire små og store problem blir løyste ved hjelp av datakraft og kunstig intelligens. På den andre sida er dommedagsprofetane som fryktar at maskinane vil bli eit Frankensteins monster som etter kvart tar over makta og gjer mennesket overflødig.

Hannah Fry held seg på god avstand frå begge desse grøftene. Matematikkprofessoren frå London prøver å hella kaldt vatn i blodet på teknologifantastane og roa ned dei framtidspessimistiske. Framfor alt vil ho avmystifisera den nye teknologien, spesielt dei skumle algoritmane:

«Etter min erfaring er algoritmer omtrent som tryllekunster. I begynnelsen ser de bare ut til å være trolldom, men så snart du skjønner hvordan tryllekunsten utføres, fordufter mystikken. Under overflaten ligger det ofte noe latterlig enkelt (eller bekymringsverdig slurv).»

Genuin dataintelligens er det ikkje snakk om, der ligg me ennå ikkje «på meitemarknivå»

Slik Fry definerer det, er ein algoritme ein serie logiske instruksar som viser korleis ein skal utføra ei oppgåve frå start til slutt. Algoritmen kan handtera enorme datamengder, men er til sjuande og sist altså avhengig av dei kommandoane som blir mata inn av menneske. Genuin dataintelligens er det ikkje snakk om, der ligg me ennå ikkje «på meitemarknivå», fnyser Fry.

Menneske og maskin – hand i hand

Likevel undervurderer ho ikkje krafta som ligg i teknologien. Boka opnar med historia om sjakkmeisteren Garry Kasparovs nederlag mot IBMs sjakkmaskin Deep Blue så tidleg som i 1997. (Seinare har me fått «pila», som har løpande oversikt over stillinga i eit sjakkparti og har revolusjonert NRK sine sjakksendingar.) Når sjølv den skarpaste hjernen måtte gi tapt for maskinen, kva har då mennesket å stilla opp?

Forfattarens påstand, som nok kan diskuterast, er at både Kasparov og me andre har late oss skremma for lett av den tilsynelatande uovervinnelege teknologien. Både menneske og maskinar har sine sterke og svake sider, og målet må vera at dei utfyller kvarandre for å få det best moglege resultatet.

Med det utgangspunktet går Fry gjennom område etter område og drøftar dei dilemma me står overfor – i rettsvesenet og kampen mot kriminalitet, i medisinen, i trafikken, i reklamen og i kulturen. 

Om me fryktar at maskinane skal bli for dominerande, kan det samstundes vera grunn til å stoppa opp og sjå kritisk på arbeidet som blir gjort av menneske. Fry siterer for eksempel ei rekkje undersøkingar som viser at dommarar kan vera svært inkonsekvente. Det kan til og med ha betydning for straffa om ei sak kjem opp tidleg eller seint på dagen. Slik sett kan eit større innslag av automatisk saksbehandling gi eit meir rettferdig resultat. Men ikkje alltid. For det må framleis vera rom for menneskeleg skjønn og empati, understrekar forfattaren.

Menneske har aldri vore viktigare enn i algoritmens tidsalder

Og når trua på teknologien blir for sterk, kan konsekvensane bli katastrofale. Fry fortel om ein stakkars amerikanar som vart skambankt av politiet fordi ansiktsgjenkjenningsutstyret hadde peika ut feil mann (ei løysing kunne jo vore at amerikanske politifolk fór meir lempeleg fram når dei  arresterte mistenkte, slik at misforståinga kunne blitt oppklart utan alvorleg personskade, men det er vel for mykje forlangt). Eit anna eksempel er Air France-styrten i 2009, der flygaren hadde gjort seg for avhengig av autopiloten og ikkje lenger greidde å handtera ein kritisk situasjon raskt nok.

For harmoniserande

Enkelt sagt meiner Hannah Fry at me gjerne kan overlata sorterings- og grovarbeidet til algoritmane, men at me ikkje må gi frå oss ansvaret for det endelege resultatet. Menneske har aldri vore viktigare enn i algoritmens tidsalder, konkluderer ho.

Og det høyrest jo sympatisk ut. Men forfattaren går i for liten grad inn på korleis teknologien kan bli brukt og misbrukt i menneskelege konfliktar – politiske, økonomiske og militære. Dermed blir perspektivet i overkant rasjonelt og harmoniserande. Men som introduksjon og faktagrunnlag for eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid vil «Hallo, verden» vera nyttig. Boka er velskriven og godt omsett til norsk av Lene Stokseth.

Publisert: