Gjennomført ekkel film

FILM: Noko av det eklaste eg har sett. Men som film er omdiskuterte «Den gylne hanske» gjennomført og god.

Publisert:

Fritz Honka lokka eldre, alkoholiserte prostituerte med seg heim med gratis sprit. Somme av dei kom aldri ut av bustaden hans igjen.

Jan Zahl
Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6 stars

DEN GYLNE HANSKE

Originaltittel: Der Goldene Handschuh. Sjanger: Krim, Drama. Med:Jonas Dassler, Margarete Tiesel, Adam Bousdoukos. Manus og regi: Fatih Akin. Nasjonalitet: Tyskland, 2019. Lengd: 1 t. 55 min. Aldersgrense 15 år.

«Den gylne hanske» har fått alt frå toppkarakterar til terningkast éin. Det er ein vemmeleg og ekkel film som får somme til å hata han. Andre set pris på det ubehagelege innblikket i ei av Tysklands mest bestialske seriemordarhistorier. For dette er altså ikkje ei grotesk historie den prisvinnande regissøren Fatih Akin har funne på, men ein slags filmatisk true crime om seriemordaren Fritz Honka. Filmen blei teken ut til det prestisjetunge hovudprogramemt på Filmfestivalen i Berlin i 2019 - og blei også der sterkt omdiskutert.

Seriemordar i Hamburg

Honka tok i perioden 1970–1975 livet av minst fire prostituerte kvinner i Hamburg. Lika parterte han og oppbevarte i veggane i loftsbustaden sin. Bustaden er den eine, sentrale staden i filmen. Her er det så gjennomført skite og ekkelt at du blir sitjande og prisa deg sjølv lukkeleg for at du i det minste slepp å kjenna stanken alle som kjem inn nesten brekker seg over, same kor mange Wunderbaum-tre Honka skaffar seg. Stanken kjem frå dei rotnande kroppsdelane som ligg inne i veggane.

Den andre viktige staden i filmen, er den - mildest talt - brune puben «Den gylne hanske», i Hamburgs horestrøk. Klientellet her er tungt, tungt prega av liv som har spora av, dei er tungt alkoholiserte og ganske så forkomne sjeler. Honka er sjølv ein av dei, og metoden hans for å lokka med seg kvinner heim, er at han har plenty av sprit der.

For Honka er ikkje typen som får med seg damer heim på grunn av utsjånaden sin eller sitt vinnande vesen. Og om du sjekkar korleis hovudrolleinnehavar Jonas Dassler faktisk ser ut, og så samanliknar med korleis han ser ut som Fritz Honka, skjønar du at filmen fekk pris for beste sminke då tyskarane delte ut sine filmprisar i fjor. Men sminke er ikkje nok. Dassler imponerer i rolla som den gjennomførte, ekle stakkaren han spelar.

Jonas Dassler er gjort heilt ugjenkjenneleg som seriemordaren Fritz Honka.

Kvalmande

Her er ein del scener som vil få det til å velta seg i magen din. Lyden av partering. Honkas «seksuelle» forsøk med gamle, tjukke, døddrukne kvinner. Bestialske drap. Det er så grapsete og grotesk at det nesten ikkje går an.

Når eg likevel ender i den øvste delen av karakterskalaen, handlar det om at «Den gylne hanske» fungerer godt som film, trass i sitt groteske innhald. Skildringa og estetikken er gjennomført, radikal - og hjarteskjærande. Du føler ein slags medynk med stakkarane på puben, det gir eit nådelaust innblikk i skuggesidene i Tyskland på 1970-talet.

Her er ikkje veldig mange forklaringar på kvifor desse menneske har havarert - eller korleis Honka har blitt den han er - men her er små antydingar. Heller ikkje tyskarane gjekk gjennom krig og etterkrigstid utan sår og lyter.

Bisart nok er her også enkelte element av humor, om enn av det mørke slaget.

Oppsummert: Denne filmen er ikkje for alle. Men har du mage til å sjå noko gjennomført ekkelt - og der noko av kvaliteten og poenget ligg nettopp i det groteske portrettet - skal du sjå «Den gylne hanske».

Publisert: