Prisverdig digitalteater

KOMMENTAR: Koronakrisen har fått Rogalands to teater til å eksperimentera med digitalt teater. Det er bra og prisverdig. Men teater er likevel best på teateret.

Publisert: Publisert:

Fredag spelte ekteparet Anders Dale og Nina Ellen Ødegård «Scener fra et ekteskap» på nettet. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

«Teater er kanskje den mest sosiale kunstarten me har. Det bringar menneske saman for å sjå kva andre menneske har skapt saman.»

Dette sa teatersjef Glenn André Kaada då han introduserte tidenes første livestraum av eit teaterstykke frå Rogaland Teater fredag kveld. «Scener fra et ekteskap» skulle visast på nett, live, for så å bli borte.

Les også

Ekteskapsteater på internett

Les også

Rogaland Teater avlyser alle forestillinger

Augeblikkets kunst

Mens Riksteatret, Det Norske Teatret og Dramaten i Stockholm har lagt ut opptak av tidlegare framsyningar på nettsidene sine, valde Rogaland Teater å digitalt imitera det spesielle med scenekunst. Teater er augeblikkets kunst. Møtet mellom sal og scene skjer der og då, og er unikt kvar gong. Er du ikkje til stades, får du det ikkje med deg. Berre at salen i dette tilfellet var bytta ut med stova heime, mens scenen var ein skjerm.

Somme såg kanskje straumen med nokon i sofaen. Men det store, sosiale fellesskapet av å koma til teateret, bli ønska velkomen, gå inn i foajeen, bestilla eit glas, nikka til kjende, finna plassen sin, kjenna spenninga før teppet går opp, var erstatta av hjarte og oppmuntrande setningar på Facebook. Det er tydelegvis mange som saknar å kunna gå i teateret. Dette var også eit slags fellesskap, men eg føretrekker originalen.

Fungerte det?

Så, korleis fungerte live teater på skjerm? Det korte svaret er «godt» – samtidig som det ganske klart viser sine avgrensingar.

For det første eignar akkurat «Scener fra et ekteskap» seg godt fordi det er eit tett kammerspel mellom to personar som faktisk kan vera tettare på kvarandre enn to meter, sidan Nina Ellen Ødegård og Anders Dale er gift privat. Handlinga, som strengt tatt er ein lang samtale, går føre seg inni ein liten glasboks. Her er ikkje grandios scenografi, omfattande sceneskift eller eit stort ensemble som ville blitt vanskeleg å fanga med kamera.

Dei to skodespelarane blir tett filma og projisert på bakveggen gjennom nesten heile framsyninga. Det viktigaste grepet i den digitale versjonen blei å strøyma desse tette bileta av dei to, på ein delt tv-skjerm. Fordelen er at me dermed kjem tettare på skodespelarane, får med oss meir av deira spel, blikk, ansiktsuttrykk, detaljar som pirking på ein veslefinger.

Ulempa er at me ikkje ser dei to saman på scenen. Me ser dermed ikkje den fysiske eller blikkmessige kontakten. På skjermen snakkar og ser den eine i lange parti ut av biletet, ikkje til partnaren.

Les også

Eit stykke for alle som er, har vore eller planlegg å bli gift

Les også

Sterke scener fra ekteskapet

Les også

«The Mute» blei Årets forestilling

Film er best på kino

Samtidig som me kjem tettare på det intense spelet, blir det dermed tydeleg kvifor skodespel på film og tv er så planlagt, med kameravinklar, klipp og lyssetting for å få det til å henga i hop og bli logisk. Når det likevel fungerte såpass godt fredag, er det av same grunnar som gjorde «Scener fra et ekteskap» så vellukka også i teatersalongen: Tekst, regi og scenografi er bra. Og, ikkje minst: Ødegård og Dale spelar så gneistrande godt.

Dramaten i Stockholm har også lagt ut «Scener fra et ekteskap» digitalt, men på ein heilt annan måte: Dette er eit opptak av sceneversjonen, med publikum i salen, kamera på lang avstand og ganske dårleg lyd, aldri tenkt for skjermen, aldri tenkt digitalt. Det blir litt buss for tog. Opptaka Det norske teatrets har lagt ut er langt meir gjennomtenkte og teknisk gode. Sjekk ut «Solaris korrigert» av Øyvind Rimbereid, med Ane Dahl Torp.

Pandemi i Haugesund

Mens dei fleste norske teater har permittert dei fleste av sine tilsette, har teatersjef Morten Joachim ved Haugesund Teater saman med sin stab bestemt seg for å bruka tida på å eksperimentera. Det er surrealistisk at Haugesund Teater i februar hadde premiere på eit stykke om ein pandemi – og så i mars blir stengt av ein pandemi. Men Jose Saramagos «En beretning om blindhet» handlar om nettopp det.

Les også

Sjåande blinde på Haugesund teater

Les også

Permitteringer og store økonomiske tap for kulturlivet

I Haugesund møtest ikkje skodespelarane på scenen. Der lagar dei teater frå heimeisolasjonen med mobilkamera – og så «møtest» dei på skjermen i korte episodar på YouTube. Det er kreativt både tenkt og gjort, samtidig som den tekniske kvaliteten på opptaka varierer og den elleville redigeringa ber preg av at nokon har teke veeeldig mykje tran. Men sånn kan ein også laga digitalt teater.

Det er bra og prisverdig at Rogalands to teater ikkje gjekk rett på permitteringar, men har prøvd å tenkja nytt då krisen trefte og alle kulturarrangement blei forbodne. Ingen veit når den mest sosiale kunstarten igjen kan bli genuint sosial, når menneske igjen kan koma saman for å oppleva kva andre menneske har skapt – saman. Men: Eg gler meg – som Kaada – til den dagen det skjer. For teater er best på teateret.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Dette er Norges mest populære hundenavn

  2. Nå øker smitten i Italias suksessregion. En superspreder får skylden.

  3. Så mye større er risikoen for å bli korona-smittet dersom du reiser utenlands i sommer

  4. De frykter stans i historisk laksefiske på havet

  5. – Vi påførte gutten traumatiske opplevelser. Så ser vi at hendelsesforløpet ikke blir bedre, men verre.

  6. Politiet fikk penger til 400 nye stillinger. Samtidig har politidistriktene kuttet bemanningen

  1. Teater
  2. Nina Ellen Ødegård
  3. Rogaland Teater
  4. Scenekunst