«Noen må tro i mørket»

Svein Ellingsen døde søndag – ein av våre viktigaste salmediktarar er borte. Salmane hans er blant dei mest brukte songtekstane i landet, skriv Jan Inge Sørbø, ein av dei som kjenner Ellingsens salmer best.

Kronprinsesse Mette-Marit i samtale med salmediktar Svein Ellingsen i 2017. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

  • Jan Inge Sørbø
Publisert: Publisert:

Svein Ellingsen døde palmesøndag, 90 år gammal. Med han er den viktigaste salmediktaren i etterkrigsgenerasjonen borte. Truleg er salmane hans dei mest brukte av alle songtekstar i landet vårt. Ved dåp er «Fylt av glede over livets under» den vanlegaste salmen, og ved nattverd står «Jesus, livets sol og glede» og «Vår lovsang skal møte deg» ofte på salmeseddelen. Det er ikkje urimeleg at i alle fall halvparten av alle gudstenester brukar ein av hans tekstar på ein vanleg søndag. Han er også den som har fleste salmar i Norsk Salmebok (2013), 43 originalsalmar og 15 omsetjingar.

Ellingsen vart vaksen i ei tid då fleire hevda at salmen si tid var over. Dei store salmediktarane levde i barokken (Kingo, Dass, Engelbretsdotter) eller i romantikken (Grundtvig, Landstad). Den siste fornyinga kom med Nynorsk Salmebok (1925), med Blix, Hovden og Støylens store produksjon. Dei forenkla og tok i bruk folkespråket: «Gud og Fader lat oss sova, under englevakt i stova» (Hovden). Mens så kom Ellingsen.

Dobbel fornying

Hans fornying hadde to element i seg. Det eine var at han førte vidare denne forenklinga. Han skriv korte setningar, og ikkje alltid med rim. Samtidig er språket reint og tilslipt, så det enkle tek til å skina: «De slitte dager fylles/ av lovsang og forgylles», heiter det i adventssalmen «Rydd vei for Herrens komme». Og sjølv om berre to av salmane hans står under advent, så er det eit underliggjande adventsmotiv i svært mange av dei: Vi er i mørke, og vi ventar på solsnu og lys. Det er Ellingsens eksistensielle utgangspunkt.

Og det fører over i den andre fornyinga han gjennomførte. Han tek innover seg den moderne fortvilinga, som slår ut i modernismen nettopp i dei åra han tek til å arbeida med salmar. Det er eit hovudtema i den religiøse delen av modernismen: Gud synest fråverande, det moderne menneske kjenner seg som Job, som har mista tilliten og berre har klagen att. Denne tematikken har ein sterk personleg klangbotn hos Ellingsen, som kjende til depressive plager, og som dessutan miste dottera i ei tragisk trafikk-ulykke i 1969. Ho var seks år gammal.

Formuleringar som «under livets tyngste slag» (i «Noen må våke i verdens natt») har denne bakgrunnen. Og nettopp i denne salmen blir hans modernistisk prega teologi formulert, når han skriv «Herre, du bor i mørket». Det er ein teologi vi kjenner hos dei store religiøse forfattarane, som Alfred Hauge, Arnold Eidslott, Bernanos, T. S. Eliot. Gud er ein lidande Gud, han bur hos dei som lid. Og kampen mot fortvilinga artar seg som ei vending bort frå seg sjølv, og over til alle dei andre lidande, som treng omsorg og hjelp: «Noen må bære den andres nød/ noen må vise mildhet». Fortviling vender seg til omsorg og blikk for andre, og sorg vender til forventning om glede: «Herre, la vår tro bli fylt av glede». Eksistensiell naud blir sosialetikk.

Han kjem frå mørket, og difor blir hans formuleringar om å koma inn i lyset så magiske og sjølvlysande

Svein Ellingsens mange venner kan fortelja om den personlege sida ved dette: Han var ein trufast venn, ein flittig brevskrivar, som skreiv med kalligrafisk skrift utanpå konvolutten og i sine utsøkt vakre julebrev, og han svært vár for korleis andre hadde det, og han utstråla varme når han kjende at nokon trong det. 

Frå mørke til lys

Ellingsen gav ut den første boka si så seint som i 1978, «Det skjulte nærvær». Han har fortalt at han laga det første utkastet til disposisjon alt på femtitalet, då han fekk eit stipendiat-opphald i Danmark. Han var utdanna ved Statens kunstakademi og Statens lærerskole i forming, og var formingslærar i mange år. Han var også malar, og spesialiserte seg i ørsmå format, og omtala A5-storleik som «gigantformat». Denne sida ved Ellingsen kan vi også sjå i salmane; dei er perfekte kunstverk, heilt utan mislyd. Det har noko med den lange tilblivingsprosessen å gjera. Men Ellingsens salmar var kjent før boka kom; han var aktiv i salmekommisjonen for salmeboka i 1985, og var sterkt representert der også. Frå 1976 var han statsstipendiat, og arbeidde med salmar og kunst på heiltid. Han vart ein lærd hymnolog.

I eit intervju sa Ellingsen at hans salmar har to tyngdepunkt: lidinga og livet i kyrkja. Det er svært treffande. Han kjenner til tunge erfaringar, kanskje mest eksplisitt i den intense «Nå åpner savnet sine øde vidder», som heilt hudlaust skildrar ein sorgprosess. Men også desse tre versa tek erfaringane inn i kyrkjerommet: «Her i din nød, hvor alt er fylt av fravær/ er Gud deg nær og rekker deg sin hånd». Erling Sandmo, som døde tidlegare i vinter, skreiv ein gong at skilnaden på Händel og Bach var at den første skreiv om lyset i lyset, medan Bach kom frå mørket når han skildra lyset. Det kan ein også seia om Ellingsen. Han kjem frå mørket, og difor blir hans formuleringar om å koma inn i lyset så magiske og sjølvlysande. Og dette lyset finn han i kyrkjerommet, i dei kyrkjelege handlingane og dei liturgiske orda som held dette rommet oppe.

Dagen før Ellingsen døde, hadde Tom Egil Hverven ein fin artikkel om han i Klassekampen, som altså kom på trykk på diktarens siste levedag. Det visste nok ikkje Hverven, men han såg ein annan relevans. Den tida vi lever i no, med stengde kyrkjer og forbod mot store samlingar, viser oss til andre kjelder for å finna styrke. Som Ellingsens salmer: «Noen må tro i mørket».

Publisert:

Mest lest

  1. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni - men for nordmenn er det en hake

  2. Mann ble anmeldt etter å ha urinert ved Kvadrat

  3. Norled: – Vi forventer like lange køer på mandag

  4. Vanlig skjenking fra neste uke

  1. Litteratur
  2. Den norske kirke
  3. Kristendom