Kritiserte #metoo, fekk dødstruslar i posten

Då Øystein Stene kritiserte #metoo, møtte han ein mobb på Facebook, krav om han ikkje skulle få undervisa meir på Teaterhøgskolen og drapstruslar i posten. - Det må vera mulig å diskutera #metoo utan å risikera å bli spikra til korset, meiner Anki Gerhardsen.

Publisert: Publisert:

Øystein Stene hadde i utgangspunktet stor forståing for #metoo, men meiner prosjektet endte opp som autoritært, populistisk og overflatisk. Foto: Ingar Storfjell

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Onsdag kveld møttest Stene og Gerhardsen på Kåkå og Kapittel for å diskutera menn, kvinner, begjær og kjønnsroller etter #metoo. Begge har uttalt seg kritisk om kva #metoo utvikla seg til - og det har ikkje vore bare lett.

– Det er forunderleg at det skulle vera farleg å diskutera eit fenomen som #metoo. Men ein blir veldig lett plassert i ein bås, definert enten som å vera «med oss» eller «mot oss», god eller ond. Eg har måtta vera veldig nøye med kva ord eg valde, sa Gerhardsen.

Teaterkritikaren og frilansjournalisten problematiserte #metoo i eit innlegg i Aftenposten allereie i oktober 2017, same månad som filmmagnaten Harvey Weinstein blei avslørt i USA og #metoo for alvor tok av. Men ho torte ikkje å stilla i Debatten på NRK 1.

– Det var tryggare å skriva, for då hadde eg betre kontroll på orda, sa Gerhardsen.

– I staden blei det meg som hamna på Debatten, sa Stene.

Mann og feminist

Stene er forfattar, dramatikar og regissør - og dosent ved Teaterhøgskolen. Han rekna seg som feminist, stod trygt plasser på den liberale venstresida. Han hadde sjølv vore oppteken av stereotype kvinneroller, argumentert for kjønnsblind casting, hadde vore oppteken av feministiske saker. Han hadde endåtil vore med studentar og varsla om pedagogar som gjekk over streken - og opplevd at lite blei gjort i etterkant.

– Eg oppfatta først #metoo som eit oppgjer med seksuell trakassering på arbeidsplassen og hadde stor forståing for prosjektet, sa Stene.

Korleis han i dag meiner det gjekk? Kvifor han skreiv eit kritisk essay i Samtiden og Aftenposten i juni 2018? Fordi han meiner #metoo blei autoritært, populistisk og overflatisk.

#stilleføropptak

Den norske varianten av #metoo starta med at Aftenposten i november 2017 slo opp eit opprop signert av 568 norske skodespelarar, under tittelen #stilleføropptak. Her fortalde kvinnelege skodespelarar om eigne erfaringar med seksuell trakassering.

– Men ingen var interesserte i mannlege skodespelarar sine historier om trakassering, sa Stene.

I ei undersøking frå Telemarksforsking frå 2010 svarte 53 prosent av dei kvinnelege skodespelarane og 32 prosent av dei mannlege at dei hadde opplevd seksuell trakassering det siste halvåret. 79 prosent av kvinnene og 53 prosent av mennene hadde opplevd det i løpet av karriera.

– Eg blei oppringt av veldig mange mannlege skodespelarar som fortalde om eigne opplevingar med seksuell trakassering. Dei hadde aldri snakka høgt om dette - og ville i alle fall ikkje seia noko høgt i klimaet som oppsto etter #metoo, sa Stene på Kåkå.

Og dette er altså eit punkt både Stene og Gerhardsen er kritiske til etter #metoo:

– Ein var ikkje interessert i mannens perspektiv - ei heller i mannens perspektivering av trakasseringa. Ein måtte enten ropa hurra for #metoo eller halda kjeft, sa Gerhardsen.

Medienes rolle

Gerhardsen har undervist i journalistikk ved Nord Universitet i Bodø, og er kritisk til medienes handtering av #metoo:

Anki Gerhardsen meiner ordet «trakassering» er tømt for meining etter #metoo. - Nå kan det vera kva som helst. Foto: Thor Brødreskift/Nordiske mediedager.

– Journalistikken gjekk over i aksjonisme. Journalistar må ellers sjekka faktagrunnlaget for alt dei publiserer og driva aktiv kjeldekritikk. Men her blei dei tekne av tidsånda, sa ho.

Dermed trykka Aftenposten kvinnenes opprop, ikkje som eit partsinnlegg på debattplass, men på nyhendeplass. Avisa gjekk på denne måten god for kvinnenes historier, meiner Gerhardsen.

– Det var rein vidareformidling. Men var alle desse historiene sanne? Kor kom dei frå? Kva ville motparten i historiene sagt? Hadde dei sjekka fakta?

I den første runden av Giske-saka, meiner Gerhardsen mykje blei drive fram av kommentatorar.

– Som lesarar visste me lite om kva som faktisk hadde skjedd. Hadia Tajik sa ho var rysta som menneske og jurist. Men over kva? Det fekk me ikkje vita.

Gerhardsen meiner andre runde i Giske-saka, med dansevideoen og VGs orsaking, har helt eit bøtte kaldt vatn i blodet på norsk presse.

– Norsk presse fekk seg ei ripe i lakken. Men for svensk presse blei #metoo ein katastrofe, sa Gerhardsen.

I Sverige tok den tidlegare teatersjefen ved Stockholm stadsteater, Benny Fredriksson, livet sitt tre månader etter at Aftonbladet publiserte artiklar som anklaga han for seksuell trakassering. Aftonbladet blei felt for grove brot på presseetikken i Sveriges svar på Pressens Faglege Utval. Mange meiner Fredriksson blei #metoos første dødsoffer.

Medisin, biverknader

Både Stene og Gerhardsen har forståing for at #metoo og trakassering blei eit tema i 2017.

– Det eksisterte eit problem, det trengdes ein medisin. Men som med alle medisinar finst det biverknader. Dette har vist seg vanskeleg å snakka ope om. #metoo ramma rommet for offentleg debatt, rettsikkerheit og menns og kvinners seksualitet, sa Gerhardsen.

Stene er bekymra for det han ser som eit skummelt tidsskilje i feminismen etter #metoo.

– Me går 30 år tilbake i tid, til gamle kjønnsstereotypiar der mannen blir sett på som trugande og aggressiv overgripar, mens kvinna er sårbar og utsett offer. Problemet er bare at menn i dag ikkje kjenner seg att i dette biletet av seg sjølv.

– Men det er fleire kvinner enn menn som blir valdtekne, så dette må likevel også finnast i mannen, sa ordstyrar Sandra Lillebø.

– Ja. Men all forsking på valdtektsmenn viser at dei er spesielle, ofte overgrepsoffer sjølv, ofte serievaldtektsmenn. Dei er ikkje alle menn.

Stene viste også til forsking som viser at fleire menn enn kvinner blir utsette for vald frå partnar eller tidlegare partnar - utan at det er noko ein snakkar særleg høgt om. Og at valdelege menn manglar eit språk for skam.

– Dei veit ikkje korleis dei skal uttrykka dei sårbare sidene sine. Det må lagast eit rom for menn der også dei kan vera sårbare og svake. I den samanhengen er #metoo heilt krise, for der har mannen fått ei einsidig rolle han ikkje kjenner seg att i.

Tilbakeslag?

Stene trur det vil koma eit tungt tilbakeslag nå. I Sverige er talet på menn som definerer seg som feministar halvert etter #metoo.

– Eg merkar eit aukande sinne frå unge menn mot feminismen. Ein frustrasjon over ikkje å bli sett som den ein er. Det kjem me til å måtta betala for, sa Stene, som ikkje syns det er rart at den kanadiske psykologen Jordan Peterson er så populær blant unge menn for tida.

– Heldigvis er han ganske moderat. Heldigvis er det ikkje IS dei unge mennene går til, sa Stene.

Også Gerhardsen trur det vil få negative følgjer at gutar føler seg urettferdig behandla. Som når diskusjonar om kroppspress bare handlar om jenter. Som når ein diskusjon om ukvemsord mot jenter ikkje inkluderer ukvemsorda gutane blir utsette for - eller nemner at jentene i like stor grad kjem med ukvemsorda.

– Kvinner har blitt infantilisert etter #metoo, mens menn har fått eit veldig stort ansvar. Eg meiner begge kjønn må ta ansvar. Det er diskriminerande mot begge kjønn å leggja alt på mannen, sa Gerhardsen.

Kjem med bok

Pussig nok var det ingen i panelet med eit anna syn på #metoo enn Stene og Gerhardsen. Begge står støtt sjølv om det har blese friskt rundt dei. Gerhardsen meiner klimaet etter #metoo har gjort at mange har vegra seg for å snakka høgt - men at den beste måten å koma vidare nettopp er å kunna diskutera dette ope.

Også Stene er oppteken av å få fram at han ikkje meiner at nokon skal synast synd om han, sjølv etter alt bråket og motstanden han har fått.

– Dette har vore ein lærerik og superinteressant prosess for meg, sa Stene, som i oktober kjem med boka «Mitt liv som mann». Men kva som står i den vil han ikkje seia noko om før då.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Re-Naa og Rosehagen jubler: Oppturer for restauranter i Rogaland, men ikke for alle

  2. Venter «graverende rapport» etter konsert i Egersund

  3. Savnet mann (74) funnet i god behold

  4. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  5. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  6. Oslo er nå «rødt» ifølge FHIs smittekrav til andre land

  1. Seksuell trakassering
  2. Aftenposten
  3. Journalistikk
  4. Kapittelfestivalen
  5. Metoo