Traust og trufast frå Hoem

BOK: Alvorstunge folk slit og lir seg gjennom livet, mens Edvard Hoem traust og trufast passar på dei.

Edvard Hoem er aktuell med romanen «Felemakaren». Foto: Paal Audestad/Oktober

  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Edvard Hoem: Felemakaren. Roman. 351 sider. Oktober.

Edvard Hoem (1949) debuterte alt som tjueåring. Det skal sidan godt gjerast å finna ein flittigare og meir produktiv forfattar, og som har gjort seg gjeldande i så mange sjangrar. Han debuterte med dikt, og har som salmediktar sidan halde fram som poet. Han har gjendikta ei ruve med Shakespeare-skodespel, og skrive sine eigne. Han har forfatta ein Bjørnson-biografi i fire digre band.

Men det aller største publikummet kjenner han som romanforfattar. Ei sak er at den snart femti år gamle «Kjærleikens ferjereiser» har blitt ståande som ein ikonisk romantittel, meir iaugefallande er nå den suksessen han har hatt – og har – med ei lang rad romanar der dei viktigaste karakterane er personar i hans eiga slekt.

Med årets «Felemakaren» har han snart oppnådd eit opplag på ein halv million for det som starta med «Slåttekar i himmelen» i 2014, og i rask rekkefølgje heldt fram med fire andre titlar med handling frå hans eigne romsdalske heimetrakter til det nordlege Amerika. Før det hadde han jublande suksess med «Mors og fars historie».

Denne gongen går han tilbake til 1700-talet, då slektningen Lars Olsen Hoem blei fødd i 1782. Lars er ein røynleg person, men kjeldene til livet hans er så knappe at Hoem har stått fritt til å dikta han fram, år for år, til han som enkemann døyr i 1852. Han voks opp på ein gard i Romsdal, med konfliktfylte tilhøve mellom foreldra og barna deira frå fleire ekteskap. 

Lars er akkurat gammal nok til å bli utskriven til Napoleonskrigane og kampane i København i 1808. Han opplever krig og kapertid, blir sjølv kapra og sit i «prisonen» i England i fem år. Der lærer han å byggja feler, og forsøker å slå seg gjennom som felemakar då han kjem tilbake til Norge. Det er vanskeleg nok, for sjølv om han opplever den store kjærleikslukka med si Gunnhild, maktar han ikkje aleine å forsørgja den store familien som kjem til, og kona slit seg ut med barnefødslar over tjue år, og sidan i arbeidet med klippfisken.

Dette enorme stofftilfanget er alt saman trygt og traust behandla i ein trygg og god romantradisjon utan snurrepiperiar, med ein styrande, allvitande forteljar, som i forfattarens eigen person er til stades i teksten, så det kjennest trygt og godt, frå farne tider.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur
  4. Roman
  5. Bøker

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger