Innsiktsfull debutant

BOK: Vellukka og gjennomført nærbilete av det som held og det som raknar.

Pauline Östgård debuterer med «Melkeveien».
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Pauline Östgård: Melkeveien. 236 sider. Forlaget Oktober.

Pauline Östgårds debutroman vågar å gjennomføra eit perspektiv som er ganske krevjande å ta inn, og tidleg står prosjektet og vippar litt: fungerer dette eigentleg? Blir det truverdig, denne formidlinga av ein seksårings fabulerande realisme? Eg treng ikkje lesa så mange sidene før eg finn ut at dette held. Det er ein stilsikker debutant som fører ordet, og ho har funne fram til eit barneperspektiv som både lærer oss noko og rører oss som lesarar. 

Det er jenta vi les om i «Melkeveien», førsteklassingen Liv, ho har ikkje ei «eg-forteljing» til disposisjon her, men slepp likevel til orde gjennom forfattarens evne til å bøya seg ned og lytta til universet som finst litt nedanfor vaksenverda med alle sine omskrivingar og alt sitt strev. Sjølv har ho sitt eige strev, med foreldre som ikkje greier opp med eigne liv, med avtalar som ikkje held, med læraren «Mareritt» som sikkert prøver så godt ho kan, og med nye vaksne, Lars og Monika, som ikkje er mamma og pappa, og som ikkje bur i Melkeveien, men som prøver å gi henne ein heim, dei òg. 

Romanen tek opp mange tema samstundes, og sjølv om ein kan innvenda at det vert litt mykje, er det vel ei kjensgjerning at heller ikkje det verkelege livet er så veldig strukturert. For jenta Liv kjem i alle fall mangt på ein gong, og heilt utan at Östgård prøver så hardt, vert dette ei rørande historie om det å prøva å ta inn ei svært kompleks verd gjennom små gliper. Desse glipene som ofte er alt som vert barna til del når dei vaksne får det vanskeleg og alle fine planar smuldrar vekk. Liv prøver hardt, og ho skøytar på med det ho kan og veit, det ho trur og drøymer om, for å gje meining til alt som hender rundt henne. Midt i alt finst Fredrik på SFO-en som hugsar henne med ei magisk sommargåve, her er solosong framført med uventa mot, og her finst kattar som forstår. Det er ikkje så mørkt som det kunne ha vore. Det er ei inderleg og varm påminning om korleis ting kan sjå ut når ein er seks, og den episodiske stilen i romanen er med på å underbygga nettopp dette. Med kløkt drysser forfattaren hint om kva som skjer med foreldra slik at vi skjønar «det store biletet» etter kvart, alt mens Östgård vert verande trufast mot prosjektet sitt og gjennomfører det fragmentariske og fantastiske- og likevel svært kvardagsnære perspektivet til ein seksåring. 

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur
  4. Bok
  5. Bøker

Mest lest akkurat nå

  1. Full krangel om Norges største gondol til 500 millioner. Bak står Spotify-investorer.

  2. Tidligere proffsyklist Chris Anker Sørensen døde i ulykke: - Uforståelig og ufattelig

  3. Kjøpte rekkehus alene i en alder av 24: – Jeg er ikke noe god på økonomi, men er fornuftig

  4. – De truet med å sende meg tilbake om jeg ikke var snill

  5. Snart leverer Erna Solberg sin avskjedssøknad. Slik blir Norge styrt til Støre tar over.

  6. Nyt helgen, for snart vil regnet bøtte ned