Har han funne formelen for grøn vekst?

BOK: Nullvekst er i strid med menneskenaturen, meiner psykolog og miljøforkjempar Per Espen Stoknes. Me treng ikkje ofra veksten for å berga jorda, men vekst må definerast på nye måtar.

Kraft frå vind har lenge vore ein del av løysinga, men dei siste åra har motstanden mot vindkraft auka. Her frå vindkraftanlegget i Vardafjell, Sandnes. Foto: Jarle Aasland

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Per Espen Stoknes: Grønn vekst – En sunn økonomi for det 21. århundre. 431 sider. Tiden.

Går økonomisk vekst og miljøvern i hop? Spørsmålet har ridd miljørørsla sidan 1970-talet. Å gå inn for nullvekst viste seg å vera ei lissepasning til motstandarane. Samstundes har miljøaktivistane med rette sett med mistanke på slagord som «vekst og vern», som ofte har vist seg å vera til pynt, medan den gamle vekstpolitikken for alle praktiske føremål har halde fram som før. Gro-kommisjonen forsøkte seg med ei Ole Brumm-løysing i 1987 ved å lansera omgrepet «berekraftig utvikling», men berekraft-omgrepet har det gått slik inflasjon i at det står i fare for å bety alt og ingenting. 

At dagens økonomiske vekstmodell over tid vil sprenga tolegrensene til naturen, er godt dokumentert. Likevel vil det vera uklokt av miljørørsla å avvisa målet om økonomisk vekst i seg sjølv. Det meiner i alle fall Per Espen Stoknes, psykolog, økonom, MDG-politikar og forskar på BI. Vekst er eit positivt omgrep som ligg djupt nedfelt i menneskenaturen, slår han fast. Stoknes vil i staden endra innhaldet i vekstomgrepet. Han vil spela på lag med marknadskreftene, men samstundes ha ein aktiv, styrande stat. Og sist, men ikkje minst, for å få ein verkeleg grøn vekst, trengst det nye kriterium for måling av økonomisk framgang.

Per Espen Stoknes er psykolog og miljøforkjempar. Han meiner grøn vekst og miljøvern kan gå i hop – om me legg til rette for det.

Mindre ressursbruk, meir fordeling

Stoknes har tydelegvis blitt inspirert av Thomas Piketty, som bygde storverket «Kapitalen i det 21. århundre» omkring ein enkelt formel. Stoknes har to: rp>g og sp>g. Rp står for ressursproduktivitet, sp for sosialproduktivitet, medan g står for brutto nasjonalprodukt. 

For at veksten skal vera grøn og sunn, må han skje med mindre forbruk av naturressursar. Ressursproduktiviteten må altså veksa meir enn den samla verdiskapinga. Dette kan målast både globalt og nasjonalt, og på bedriftsnivå. Målet må vera minst 5 prosent effektivisering av ressursbruken kvart år, og forfattaren meiner det absolutt er innan rekkevidde. Berre ved å redusera sløsinga, for eksempel på energi- eller matsektoren, er det mykje å henta. Stoknes er definitivt teknologioptimist.

Eit godt grunnlag for ein debatt om korleis miljøaktivismen ikkje berre blir draumar og slagord, men ein kamp som kan vinnast i praksis.

Samstundes er han prisverdig klar på at ein sunn vekst krev ei jamnare fordeling enn i dag. Ein større del av veksten må derfor omfordelast, også dette etter faste kriterium innanfor det som Stoknes kallar sosial produktivitet. Eit passeleg mål kan vera at dei 10 prosent rikaste i eit samfunn samla ikkje tener meir enn dei 40 prosent fattigaste. Dei nordiske landa, som er best i klassen, ligg omtrent der, medan andre har ein lang veg å gå. Systemet kan også tillempast til bruk i næringslivet, i så fall ligg ein del overbetalte sjefar tynt an.

Meir enn slagord

Stoknes har ei rekke eksempel og forslag som utdjupar teorien, men som det vil føra for langt å gå inn på her. Ein kan sjølvsagt ha innvendingar mot denne typen målesystem. Men me har dei alt i dag. Og om det er slik at brutto nasjonalprodukt eller andre av dagens økonomiske målemetodar ikkje fangar godt nok opp belastningane på miljø og klima, og heller ikkje på den sosiale samanhengskrafta i eit samfunn, er det viktig å diskutera alternativ. Forslaga frå Stoknes er kanskje ikkje alltid like gode og vil utan tvil møta motstand. Ofte synest eg han tar for lett på den politiske sida av saka, og av maktaspektet. Likevel, alt i alt er innspela frå Stoknes blant dei mest konkrete og realistiske eg har sett av dette slaget.

Forfattaren brukar vel mange ord før han kjem til saka, og enkelte stader kunne han brukt eit enklare språk. Ikkje alle er like fortrulege verken med økonomi- eller miljøsjargongen. Men Stoknes er alt i dag ein mann som blir lytta til med interesse i mange krinsar, og med «Grønn vekst» har han lagt eit godt grunnlag for ein debatt om korleis miljøaktivismen ikkje berre blir draumar og slagord, men ein kamp som kan vinnast i praksis.

Publisert:
  1. Miljø og klima
  2. Økonomi
  3. Samfunn
  4. Anmeldelse
  5. Bokanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Aftenbladet avslører: Viking har brutt idrettens regelverk i Berntsen-saken

  2. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  3. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikk­ulykken på Buevegen

  4. Bikinifabrikken på Figgjo er solgt

  5. En ny versjon av passet: Her er de nye ID-kortene

  6. Foreløpig har tre søkt på jobben som Rogfast-sjef