Mange mørklagde rom

BOK: Stramme rapportar om uro og smerte som ikkje forsvinn.

Laura Djupvik er aktuell med forteljingane i «No fær huset». Foto: rolf m.aagaard/kolon

  • Steinar Sivertsen
    Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Laura Djupvik: No fær huset. Forteljingar. 122 sider. Samlaget.

Om du er ute etter korte tekstar som speler på det usagde eller tvitydige og dras mot ulmande katastrofar eller noko gåtefullt, som vekslar mellom ei konfliktridd notid og visse vage minne, gjerne innblanda luftige lengslar etter eit anna liv, ja, då ser eg ikkje bort frå at «No fær huset» av Laura Djupvig (f. 1970, debut 2004) kan vera boka for deg.

Det dreiar seg om tolv novelleliknande tekstar, den lengste på dryge elleve sider, den kortaste – og svakaste – på litt over ei. Sju av forteljingane er haldne i eg-form, dei andre blir fortalde i tredje person. Hovudkarakterane er både kvinner og menn. Noko fasitsvar på dei livsproblema som blir tematiserte, dukkar ikkje opp. Dei fleste tekstane opererer med ein open, uavklart slutt.

Det finst ein del tilbakevendande motivisk-tematiske motsetnader undervegs – mellom einsemd og fellesskap, passivitet og aktivitet, lys og mørke, nært og fjernt, liv og død, mann og kvinne, mor og dotter, menneske og dyr, det som er lukka inne, og det som er fritt, det som er heilt, eller det som er øydelagt.

Fleire personar angrar på at dei i si tid ikkje våga å opna seg for eit menneske dei sidan ikkje har kunna gløyma. Tanken på ulevd liv gjeld både den dødssjuke, gifte kvinna i opningsteksten «No fær huset» og den sære, elendige bonden Johannes i «Ho sa ho likte gult», bokas mest barokke, fascinerande forteljing.

Elles møter vi Louisa som føler at det ikkje skjer «ein jævla ting» i livet hennar før ei rotte pip i doen, og vi blir kjende med den tause Andreas som ikkje veit at naboen hans gjennom mange år er død, men som brått kan sjå fram til å eta kake med dottera til avlidne «om ein time».

Andre gonger knyter handlinga seg til noko så trivielt som det å hamra inn ein spiker eller det å vinka. Her speler også to undulatar, jordbæretande kråker, hunden Smartie som ikkje vil bli kalla Wolf, ein oppdikta, spansk teiknar, komponisten Sjostakovitsj og pianisten Svjatoslav Richter sentrale roller. 

I «Lommerusk», den siste, litt for pedagogiske kortteksten, fortel den kvinnelege eg-stemma at ho helst vil skrika, for ho «får det ikkje til!», og at ho «er ramma av ei djup og bindande forankring til dei små menneska rundt meg». Med peikefingeren godt planta inni lesaren sitt auge slår ho så fast: «det er hardt å leve, men godt også, godt.»

Nett det er det – for å seia det forsiktig – få av personane i boka som erfarer.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Bok
  3. Bokanmeldelse
  4. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Nytt koronarelatert dødsfall på SUS

  2. Fortvilt Stavanger-trener sendte brev til Raja: – Det preger meg veldig

  3. Brann­utrykning til industri­område på Forus

  4. For to måneder siden kom parets første baby – nå kommer parets første album

  5. Ble kalt bort­skjemt dritt­unge i mail fra parke­rings­etaten

  6. Vært i utlandet? Nå kan du få besøk av en politi­pensjonist