Stavangerforfattar nominert til prestisjepris: - Klart overraskande

Stavanger-forfattaren Henrik Nor-Hansen er nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen «Termin. En framstilling av vold i Norge».

Publisert: Publisert:

Henrik Nor-Hansen frå Stavanger er nominert til den prestisjetunge Nordisk råds litteraturpris for 2017. Foto: Rune Vandvik

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Eg har jo skrive på den smale sti i 20 år, så det er klart overraskande å bli nominert, seier Henrik Nor-Hansen.

Torsdag formiddag kom nominasjonane til den prestisjetunge nordiske litteraturprisen, der tidlegare vinnarar inkluderer folk som Jon Fosse, Merethe Lindstrøm, Sofi Oksanen, Per Petterson, Sara Stridsberg og Lars Saabye-Christensen. Saman med Vigdis Hjorth og hennar roman «Arv og miljø» er Nor-Hansen dei norske kandidatane.

– Eg har ikkje slått an i breidda eller med eit stort publikum. Men eg har begynt å merka stadig betre tilbakemelding med dei tre siste bøkene mine. Så det ser ut til å vera større breidde på gang. Men det vil visa seg, seier Nor-Hansen.

Mørkt og tørt

«Termin» kom ut i juni, og handlar om Kjetil Tuestad, som sankthansaftan 1998 blir funnen forslått på Hommersåk, 26 år gammal. Sidan går det ikkje så bra med Kjetil. Men samtidig som romanen er ei mørk forteljing om kva konsekvensane av blind vald kan vera, er det også eit slags portrett av utviklinga i Stavanger- området dei siste 25 åra, frå oljeboom til arbeidsløyse.

Les også

Intervju: Ei framstilling av Henrik Nor-Hansens nye roman

Og mens Nor-Hansen i tidlegare bøker skreiv i eit poetisk språk, er tonen i «Termin» forsøksvis heilt utan poesi, og heller tørr og distansert, nærmast som i ein medisinsk journal. Sjølv om Nor-Hansen er ute etter alvoret, ikkje prøver å vera morosam, er det ikkje fritt for at romanen kan kalla fram latteren også.

«Nor-Hansens prosjekt utmerker seg som et av de mest egenartede og selvstendige i norsk litteratur per i dag,» skriv juryen i si grunngjeving.

Feil nominasjon?

Ingunn Økland, Aftenpostens hovudmeldar og kommentator i Aftenposten, meiner nominasjonen av Nor-Hansen er feil og eit merkeleg val. Økland undrar seg over kva juryen har sett ved Nor-Hansen som dei fleste andre har oversett, for sjølv om ho meiner Nor-Hansen har noko for seg, syns ho ikkje «Termin» er blant dei to beste bøkene som blei gitt ut i Norge i fjor.

– Eg venta nokon negativt frå Ingunn Økland. Ho har ofte den tilnærminga til litteratur. Ho har også gått til tunge åtak mot Vigdis Hjorths bok, mens nå er ho ein openbar kandidat for Økland, kommenterer Nor-Hansen. Hans fremste innsikt etter 20 år som forfattar, er at kritikarar er usamde.

«Termin» har bare fått fire kritikkar i norske medium, i Aftenbladet, Morgenbladet, Dagens Næringsliv og NRK. Aftenposten har ikkje meldt romanen.

– Nedskjæringane i mediene rammar også bøker. Då eg debuterte i 1996, fekk eg 12–14 meldingar. Som mange andre forfattarar opplever eg å bli mindre og mindre kjent. Men dermed betyr prisar og nominasjonar så mykje. Då kan du nå gjennom i ein hektisk og hardt prioritert mediekvardag, seier Nor-Hansen.

Gledeleg overraska

– Norsk skjønnlitteratur har gode vilkår i norsk offentlegheit, og dette er ikkje dagen for å kritisera anmelderiet. At somme forfattarskap blir mindre pop enn andre er ei naturlov. Det er ikkje rart at dei som er flinkast til å dansa blir mest sett. Men det er fint at ein prisjury ser i ein annan retning, seier Nor-Hansens forlagssjef Richard Aarø i Tiden.

Også han blei overraska over nominasjonen - gledeleg overraska.

– Me har forvalta Nor-Hansens forfattarskap med stor glede, men det er eit lite populært forfattarskap. Det er hyggeleg, vel fortent og gir stor prestisje at han blir sett av ein kompetent jury, seier Aarø.

Forlaget vil nå gi ut «Timian» i nytt opplag, pluss at dei vil samla Nor-Hansens tre foregåande romanar i éi utgjeving.

– Så får me håpa fleire oppdagar han, seier Aarø.

Fjorårets vinnar var den svenske forfattaren Katarina Frostenson. Året før gjekk prisen til norske Jon Fosse. Årets vinnar blir kåra i Helsingfors 1. november. Vinnaren får 350.000 danske kroner.

Publisert:

Les også

  1. Anmeldelse av den nominerte boken: En annerledes kriseroman

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet bevæpnet seg mot menn med øks - to menn pågrepet

  2. Julegrantenningen i Stavanger er avlyst

  3. Minimalt med innsyn, maksimal utsikt: Da vennene skulle selge huset sitt, slo familien til

  4. Eigersund: Omstridt rådmann går av

  5. Fansen vil nyta kvar einaste av dei over 600 sidene

  6. Overgrepstiltalt ba om hjelp: - Jeg fikk beskjed om at jeg måtte betale behandlingen selv

  1. Litteratur
  2. Stavanger
  3. Kultur