Helgeintervjuet: Rahman Chaudhry er optimist på vegne av framtida. Slik skal norsk skule sjå ut etter 2020.

Pensjonistane er minst like underrepresentert politisk som dei unge, meiner nyvald leiar av Elevorganisasjonen, Rahman Chaudhry. Dei eldre må ta tak. Men la oss snakka om elevane først.

Publisert: Publisert:

Han har vore nestleiar siste året, frå juli av er Rahman Chaudhry øverste tillitsvald i Elevorganisasjonen. Foto: Adrian Nielsen

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Merk deg namnet først som sist: Rahman Chaudhry. Det vert noko av den guten, som mor mi pla å seia.

– Kven er du?

– Eg er leiar av Elevorganisasjonen frå juli 2017. Eg har vore medlem der i seks år, eg er fødd og oppvaksen i Oslo.

– Var det hard kamp om vervet som leiar?

– Me var to gode kandidatar, og uansett utfall hadde Elevorganisasjonen vore i gode hender.

Rahman Chaudhry er ny talsperson for Norges elevar frå ungdomsskulen og gjennom vidaregåande skule. Han vil ha ei oppvurdering av praktiske fag, mindre vekt på teori og Pisa-målingar. Foto: Adrian Nielsen

Ikkje partipolitikk

– Var du ein politisk kandidat?

– Eg veit ikkje heilt kva du legg i det, men nei. På 80- og 90-talet var det harde politiske kampar om leiarvervet i Elevorganisasjonen, men no er det heilt forbode og nulltoleranse. Du kan ikkje ha politiske verv i ungdomspartia dersom du vil melda deg til verv i Elevorganisasjonen. Organisasjonen vår skal ikkje vera eit instrument for politiske parti, det skal vera eit talerøyr for elevane, utelukkande. Du kan faktisk ikkje ha partipolitiske verv, dersom du skal ha verv i Elevorganisasjonen. Det meiner eg er sunt.

Elevorganisasjonen er for elevar frå ungdomsskulen av, vidaregåande skular og lærlingar. Chaudhry var nestleiar førre året.

– Men sjølv kjem du frå ein politikar-familie, far din var jo stortingsrepresentant for SV i halvannan periode?

– Ja, og mor mi har vore i bydelsutvalet for Ap ei tid. Men eg har ikkje vore politisk engasjert i noko ungdomsparti. Det var arbeidet som tillitsmann for elevane som trigga meg til å engasjera meg. Frå Operasjon Dagsverk i niande klasse. Kan eg seia trigga på nynorsk?

– Kan skjøna det, sidan du er 20 og Ivar Aasen er død. Kva er di viktigaste kampsak på vegne av elevane?

– Me tek utgangspunkt i dei som faktisk går på skulen. Det som fekk meg vald var at Elevorganisasjonen skulle sjå elevane meir, at me skulle vera meir for elevane enn oss tillitsvalde. Det politiske som eg vil ha gjennomført er at me skal ha fleire helsesøstrer i norsk skule. Dessutan at asylsøkjarar som har fått endeleg avslag skal få fullføra utdanninga si. Elles auka stipend for dei som tek yrkesfag. Det er mange kampsaker å ta av, eg har fått klåre instruksar frå landsmøtet mitt.

Eit teamarbeid

– Er det så viktig med denne helsesøstera?

– Ikkje berre han eller ho, men heile teamet rundt. Me har eit altfor snevert forhold til det teamet som bør vera på skulen rundt elevane. Me treng ikkje berre helsesøster, me treng ein psykolog, gjerne ein Nav-konsulent som kan hjelpa skuletrøytte som treng oppfølging når dei vil droppa ut. Det vil jo kosta naturlegvis, men dette vil samfunnet tena på, på lengre sikt.

– Kva er hovudutfordringa i norsk skule i dag?

– Hovudutfordringa i norsk skule i dag er at ikkje mange nok fullfører. Problemet eller utfordringa er at me altfor ofte ser på fråfall som eit isolert problem. Fråfall er summen av alt som elles er feil i norsk skule. Det kan du ikkje fiksa med til dømes ei fråværsgrense eller andre svært bastante og korttenkte løysingar. Me har eit etterslep i norsk skule i dag som politikarane langt på veg ignorerer, me har skulebygg som skrantar, ei helseteneste som vantar og me er ordentleg på etterslep på dei digitale løysingane. Alle yrker og institusjonar har endra seg i takt med tida, alle omtrent unnateke skulen. Skulen er den same som på di tid. Kor gamal var du, sa du?

– Eg sa det ikkje. Men fråværsgrensa har jo faktisk vore effektiv, viser tala?

– Ja, isolert sett. Nokon møter meir opp enn før. Nokon elevar, ganske mange elevar faktisk, har starta å møta meir på skulen. Men då tenkar eg at skulen skal spegla samfunnet. No har me eit regelverk der me impliserer at nokon vil ikkje klara dette. Me har eit regelverk der fleirtalet greier seg, men eg vil ha ein skule der alle greier seg. Me har fått ei løysing som fungerer for ganske mange, men eg vil ha ei løysing for alle. Skulen skal ikkje berre utdanna fagfolk, men også menneske. Det skal verta folk av oss, gagns folk. Noko av det viktigaste i så måte er tilliten som me har til kvarandre i det norske samfunnet. No vil dei altså fjerna den tilliten frå skulen. Kor smart er det? Fråværsgrensa heng ikkje på greip med det holistiske oppdraget til den norske skulen.

Gagns menneske

– Holistisk er det vel ikkje mange elevar i vidaregåande som heng med på?

– Heilskapleg eller verdsomfattande. I denne samanhengen snakkar me om at skulen skal utdanna oss til menneske som kan duga på alle nivå i samfunnet. No har me ein skule der kunnskapsministeren seier at nokon av oss kjem til å stryka med. Målet må vera at alle skal greia seg i det norske samfunnet, ha ei utdanning, ei inntekt, eit liv. Men denne grensa seier at nokon ikkje vil henga med og får stryk frå starten av.

Eit år å gå på

Chaudhry er vald for eit år. Han har tenkt å gje seg etterpå.

– Det er viktig å vera tett på dei du skal representera. Eit år er nok. Eg veit ikkje kva eg skal gjera etterpå, men eg vil nok studera. Kunne godt ha tenkt meg å bli lærar eller å studera jus. Kanskje også journalistikk?

– Ikkje tenk på det siste. Kva har skjedd med norsk skule under dei blå-blå?

– Mykje har skjedd, men skulen endrar seg ikkje på fire år. Sidan årtusenskiftet, enten det var Kristin Clemet frå Høgre, Kristin Halvorsen frå SV eller Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre som kunnskapsminister, har me fått ein skule som er mykje meir oppteken av målstyring. Det har nokre positive trekk, men også mange negative følgjer. Verst av alt er at praktiske fag og yrkesfag har vorte nedvurdert. Me let oss styra av Pisa-testane og den blinde trua på teoretisk kunnskap. Men no vel eg å tru at me er i ei ny tid, at praktiske fag skal få si fornying og at historia vil seia at frå 2020 så skjedde noko anna i norsk utdanningshistorie. Det vil eg jobba for som leiar for Elevorganisasjonen.

PS: Chaudhry meiner at dei unge er underrepresentert i alle statlege organ og folkevalde instansar.

– Men det gjeld jo også dei eldre, pensjonistar til dømes?

– Ja, det er ingen tvil om at din generasjon mellom 35 og 60 er overrepresentert i alle viktige organ. Pensjonistane får gjera som oss, organisera seg og gå til kamp på fredsamt vis.

Les andre helgeintervju frå Jarle Natland:

Publisert:

Les også

  1. Helgeintervjuet: Torry Pedersen har evig tro på ekte nyheter

  2. Helgeintervjuet: Thomas Ergo kan ha endret barnevernet i Norge.

  3. Helgeintervjuet: Mannen mot strømmen

  1. Kristin Halvorsen
  2. Kristin Clemet
  3. Journalistikk
  4. Ivar Aasen
  5. Jus