Sara Mauland (Raudt) si politikarlønn går rett til partiet. Sjå lista over valkampbidrag her
VAL 2017: Privatpersonar i Rogaland har gitt over 200.000 kroner i valkampbidrag. Sara Mauland i Raudt gir klart mest. Ho har ikkje anna val.
- Birgitte FloteJournalist
- Geir SøndelandJournalist

Sara Mauland (Raudt) har gitt 67.200 kroner til partiet sitt. Totalt har privatpersonar i Rogaland gitt 200.230 kroner i valkampbidrag, viser ei oversikt på partifinansiering.no som SSB og Kommunal- og moderniseringsdepartementet står bak.
– Eg gir alltid så mykje, valkamp eller ikkje. Vi har vedtatt at alle lønna politikarar skal gi det dei tener til partiet. Sidan politikarane i Stavanger tener ganske godt, blir det ein fin sum, seier Mauland.
Trykk på faktaboksa for å sjå oversikta.
Ti kjappe med Ole (Rødt): - Håper at vi kommer i vippeposisjon
Vil ikkje bruka ekstra pengar på mat og trim i skulen
– Nødvendig i ein jamn valkamp
For Ap er arbeidslivsorganisasjonar viktige, og LO gjekk tidleg i vår ut og sa at dei ville gi ti millionar i støtte til partiet. Høgre får på si side store summar frå det private næringsliv.
– Eg såg tidleg at dette kom til å bli ein veldig jamn valkamp. Eg har stor rettferdssans og kunne ikkje sitte å sjå på at Ap fekk mange millionar kroner frå LO og at Høgre kom til å få nokre millionar frå rikingar, medan Frp ikkje ville ha noko å stille opp med, seier Christian Wedler i Stavanger Frp.
Politikaren ga difor 38.000 kroner til partiet sitt. Han meiner pengebidraga er viktige for partiet fordi han opplever at partiet i liten grad når ut med bodskapen sin i mediene.
– Betalt reklame blir viktigare og viktigare for å få ut bodskapen. De i mediene vil ikkje skrive om Frp sine løysingar på folks problem. De vil heller skrive om retorikk og sjau.
Statleg støtte er størst
Førsteamanuensis Svein Erik Tuastad ved Uis meiner dei private bidraga ikkje er store nok til å få stor innverknad på valet. Den statlege støtta utgjer 60 prosent.
– Det norske systemet er basert på nøytralitet i og med statlege bidrag til partia framleis utgjer ein så stor del. Det gir liten risiko for uhøvelege bindingar. Store oljeaktørar kjøper ikkje opp partia, slik ein ser tendensar til i andre land.
– Men det er klart at pengar frå private givarar er kjekt å ha. Ein kan kjøpe reklame som ein kanskje ikkje hadde hatt råd til utan. Når Frp lagar ei reklame der det står «fjern eigedomsskatten», får dei fram ein bodskap som dei ikkje har fått snakka så mykje om i debattar, seier han.
Det blir rådyrt å kjøre i rushtiden med de nye bomstasjonene
Hadia Tajik nekter å gjøre som sine Rogaland Ap-kolleger
Legger ned senger for å spare til nytt sykehus
95 millionar på valkamp
Ein gjennomgang NRK har gjort, viser at dei ni største partia samla planla å bruke 95 millionar på valkamp i år. I 2013 brukte dei 83 millionar.
Raudt står for den støreste auka. Medan dei i førre stortingsval brukte rundt 800.000 kroner på valkampen, har dei i år eit budsjett på 1,9 millionar kroner. Vegen er likevel lang til Ap som bruker 30 millionar.
For Raudt er enkeltpersonane spesielt viktige ettersom den offentlege støtta blir gitt med utgangspunkt i partiet si oppslutning. I 2015 utgjorde private bidrag 14 prosent av inntektene til partiet medan tilsvarande tal for Ap var under éin prosent, viser tal frå oppslagsverket Alkunne.
– Vi er eit parti med små midlar, så bidrag frå medlem og Raudt-sympatisørar er svært viktig for oss, seier valkampsekretær Benedikte Pryneid Hansen.
Ho opplyser at partiet ved forrige opptelling hadde fått inn i overkant av 850.000 kroner i gåver frå private, både store og små summar.
Gir gledeleg vekk lønna
Mauland er tilsett ved Universitetet i Stavanger og har ei årslønn på rundt 500.000. Det plagar ikkje henne å måtte gi vekk politikarlønna.
– Eg hadde nok gitt like mykje om Raudt ikkje hadde ei slik ordning. Det trur eg gjeld for fleire. Det har vore diskusjon, men det kom av at ikkje alle var like orientert i forkant. Vi har enkelte unntak, til dømes for studentar som går glipp av deltidsjobb ved å vere i politikken. Ein skal ikkje gå med økonomisk tap.
– Risikerer de å miste politiske talent med ei slik ordning?
– Om vi mister folk på grunn av dette, kan vi berre miste dei. Er pengane ein motivasjon for å gå inn i politikken, er det feil person for partiet. Vi vil ha idealistar.