Frå neste veke startar framskundinga av andre dose

Stavanger vurderer å opne drop in-vaksinering med dose 2, medan Sandnes startar med gruppa som fekk første dose i mai.

Sjukepleiar Mette Dahl sett koronavaksinar i Stavanger måndag.
  • Ingeborg Undheim
  • Jon Ingemundsen
    Fotojournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er 51 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Frå veke 32 vil Noreg starte intensiveringa av vaksinering med dose 2.

I juli bad Sandnes kommune, saman med fleire andre kommunar i Sør-Rogaland, FHI om å få påskunde dose 2, då det ikkje var tilstrekkeleg med personar som bestilte time til dose 1.

Assisterande direktør i FHI Geir Bukholm fortel at den nye opptrappinga av dose 2 betyr at kommunane kan bruke dosane til å gje innbyggjarane andre dose tidlegare enn planlagt, dersom det ikkje er nok personar som bestiller time til dose 1.

Andre dose til lærarar og barnehagetilsette

I Stavanger kommune vil dei denne veka (veke 31) forkorte intervallet mellom første og andre dose for lærarar og barnehagetilsette. I veke 32 og 33 vil dei som fekk første dose i veke 23 og 24 få påskunda dose 2. Dette er gruppa som er i aldersgruppa 45–55 år.

Det er også ein del folk som har ringt inn og spurt om å få påskunda dose 2. Nokre av desse vil også få sett andre dose denne veka.

– Dei som har ringt inn for å påskunde dose 2 har hatt ein god grunn. Det kan vere på grunn av eigen eller ein i familien sin helsetilstand, eller fordi dei arbeider som helsepersonell, fortel smittevernoverlege i Stavanger Ruth Midtgarden.

Midtgarden fortel at kommunen held på å lage ein plan for korleis dei skal handtere den nye prioriteringa dei neste vekene.

– Me veit ikkje enno om me skal sende ut ei ny melding, eller om folk blir nøydd til å ringe inn og be om å påskunde dose 2 sjølv, seier Midtgarden.

På spørsmål om kommunen vil opne opp for drop in for dose 2, fortel Midtgarden at det vil bli avgjort i løpet av veka.

Vaksinesenteret Forum Expo, i Stavanger, kor kommunen tilbyr drop in-vaksinering torsdag 5. august igjen. Førebels gjeld tilbodet dose 1, men kommunen vurderer om dei også vil tilby dose 2.

Sender ut SMS

I Sandnes har dei ikkje eit drop-in tilbod slik som i Stavanger, men smittevernoverlege Hans Petter Torvik fortel at kommunen har rikeleg med vaksinedosar til både dose 1 og dose 2.

– Me startar å sende ut sms med tilbod om nytt tidspunkt for vaksinering med dose 2 i dag, til dei som fekk første dose i veke 20, fortel Torvik.

Deretter vil dei følge prioriteringslista nedover. Dersom det skulle bli tidspunkt til overs, vil innbyggjarane få beskjed.

Dei som enno ikkje har teke imot tilbod om time til vaksinering med dose 1, vil ikkje tape på at dose 2 no blir påskunda.

– Vaksineringa med dose 1 og dose 2 går føre seg parallelt. Det er opent for alle.

Når det kjem til framskundinga av dose 2 for lærarar og barnehagetilsette, vil kommunen ha eit møte i løpet av morgondagen for å avgjere om det er mogleg eller ikkje.

Styrar i Espira Lura barnehage i Sandnes, Rannveig Åsheim, er spent på kva som blir vedteke i møtet. Ho bur i Stavanger, men arbeider i barnehage i Sandnes.

– Dette kan bety at eg ikkje vert prioritert. Dei burde ha koordinert vaksineringen for alle barnehagene og skulane, uavhengig av kommune. Hvis eg vert smitta, så tek eg med meg smitten til min heimkommune som er Stavanger.

Les også

Hvor beskyttet er full­vak­sinerte mot smitte? Kan man bli alvorlig syk? Dette vet vi

Gjev ikkje utslag å prioritere innvandrarar

Førre veke skreiv Aftenbladet at sørafrikanaren Anthony Hawke, som arbeider ved familievernkontoret i Stavanger, ønska at innvandrarar med familie og kjente busette i utlandet skulle bli prioritert for vaksinering med andre dose.

Hawke er administrator for Facebook-gruppa «Stavanger Expats» med over 16.000 medlem.

– Fleire av medlemmane våre har teke Janssen-vaksinen – ein vaksine som dei fleste nordmenn unngår å ta. Folk er villige til å utsette seg sjølv for ein vaksine med potensielt alvorlegare biverknader, fordi dei er desperate. Dei har ingen annan utveg om dei vil besøke familien sin, sa Hawke som fortalde at han var for prioriteringa av både russen og lærarane.

Aftenbladet lykkast ikkje å få eit svar frå FHI innan artikkelen blei publisert, men i ettertid har assisterande direktør Geir Bukholm svart på spørsmåla via e-post.

Ifølge Bukholm vil ei prioritering i denne fasen av vaksineringa neppe gje eit utslag.

– For dei over 65 år (inklusivt innvandrarar) er meir enn 90 prosent fullvaksinert. For dei i risikogruppa under 65 år er også fleirtalet fullvaksinert. I befolkninga frå 18 år og eldre er meir enn 80 prosent vaksinerte med minst ein dose. For resten av befolkninga vil vaksinering med dose 2 vere «fullført» innan utgangen av september. Det viktige no er at folk møter til sin vaksinetime, slik at me får vaksinert den vaksne befolkninga i Noreg med to vaksinedosar. Dette vil også innebere eit optimalt tilbod til innvandrarar, skriv Bukholm til Aftenbladet.

Les også

  1. Mener utlendinger i Norge burde prioriteres i vaksinekøen

Publisert:

Korona-viruset

  1. FHI: Vaksi­nasjon har tatt brodden av korona­epidemien

  2. Høie ber kommunene være forberedt på gjen­åpning

  3. 21 smittetilfeller på Nord-Jæren, en Stavanger-skole på gult nivå

  4. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av

  5. Neste uke flyttes korona­vaksineringen i Stavanger

  6. Langt færre fikk hjerte­infarkt under pandemien. Nå lurer spesialistene på hvorfor

  1. Korona-viruset
  2. Koronaviruset
  3. Vaksine
  4. FHI
  5. Sandnes