Plyndrar delar frå skipsvrak

Hyttenaboar på Brusand har sett folk koma og forsyna seg med vrakdelar. – Det er jo eit klart brot på kulturminnelova, så det er noko me må vurdera å melda til politiet, seier marinarkeolog ved Stavanger Maritime Museum.

Publisert: Publisert:

– Det er veldig morosamt, dette. Litt sånn skattejakt for dei som er ute og går tur her, seier Arild Skjæveland Vivås muntert, på veg bort til funnstaden.

Som ein vismann fortel marinarkeologen om eldre steinalder, og har enno ikkje fått høyra meldinga frå personar med hytte i nærleiken, som med bekymra mine fortel Stavanger Aftenblad at skipsdelar har forsvunne.

Personar skal ha kome til staden med hovudlykter og forlate med fylte plastposar.

– Det synest eg er veldig gale. Det er jo eit klart brot på kulturminnelova. Så det er noko me må vurdera å melda til politiet, sånn at dei som har gjort det, kan straffast, seier Skjæveland Vivås.

Han er tydeleg vonbroten over den private skattejakta.

– Det kan ikkje vera sånn at kvar gong det dukkar opp kulturminne her på strendene, trur folk at det er fritt fram å forsyna seg. Dei er til felles opplevingar, og viss folk går og plukkar delar av vraka, er det ikkje noko igjen til resten.

Arkeologane improviserer, og bruker utstyrsboksen til å henta vatn i elva. Arild Skjæveland Vivås hellar på med vatn. Foto: Pål Christensen

Skal dokumentera fortida

Kollegaen til Skjæveland Vivås i Stavanger Maritime Museum, Edgar Wroblewski, er ekspert på skip. Wroblewski seier at mykje i arkeologi handlar om å dokumentera fortida.

– No skal me dokumentera funnet, og så skal Riksantikvaren ta ei avgjerd om kva som skjer vidare. Spørsmålet er kva meir kan læra frå dette funnet, enn det me veit frå før.

Ifølgje føremålsparagrafen i kulturminneloven er det eit nasjonalt ansvar å verna kulturminne, «som del av vår kulturarv og identitet og som ledd i en helhetlig miljø- og ressursforvaltning».

Kulturminna skal vera ressursar som vitskapleg kjeldemateriale og som varig grunnlag for framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd.

Truleg frå 1800-talet

Arkeologane på stranda har med seg målestokkar, murarskeier og kamerarigg til å laga oversiktsbilde. Plastboksen dei har det meste av ustyret i, må tømmast, for å brukast som pøs. Då det meste av sanda på og rundt vraket, er skyfla vekk, ber dei vatn frå Ognaelva, for å vaska fram detaljane.

– Skipet har dobbel hud, og så er det nokså tette spant, fortel Skjæveland Vivås om skroget på skipet.

– Så det tyder på at det er forsterka, kanskje for å sigla gjennom is, eller mykje tung sjø.

Under sanda finn marinarkeologane naglehol, som hjelper dei å datera skipet. Foto: Pål Christensen

Les også

Les kva skip lokale vrakentusiastar trur det er: Kan vera historisk viktig båt

Den store vrakdelen er truleg del av baugen på eit skip. Sidan det ikkje finst nokon moderne jernnaglar, trur arkeologane at det stammar frå 1800-talet.

– Me har funne spor etter rektangulære metallnaglar i skipet, og det at dei rektangulære er bra, for det tyder på at det er eldre enn runde, maskinlaga naglar, seier Skjæveland Vivås.

Straffbart å fjerna skipsdelar

Kulturminneloven er klar på at staten eig alle delane på meir enn hundre år gamle skip, når det ikkje finst nokon identifiserbar eigar. Dersom ein turgåar oppdagar slike gjenstandar, er det plikt å melda lokalt politi eller relevante fagmyndigheiter, slik som Stavanger Maritime Museum.

Og det er straffbart, med bøter eller fengsel inntil eitt år, med overtramp av reglane i kulturminneloven.

For plyndrarane på Holmasanden, er det derfor berre éin ting å gjera:

– Dei må ta kontakt med museet, seia kva dei har teke og koma til oss med det. Og så får me vurdera kva me skal gjera vidare, seier Skjæveland Vivås.

Måndag ettermiddag melder Jærbladet at politiet skal sperra av området rundt skipsvraket, etter førespurnad frå kulturetaten i Hå.

Publisert: