Framleis er det håp for legevakt på Jæren

Administrasjonen i Hå ber kommunestyret om mandat til å greia ut felles legevakt for Jæren. Men Klepp og Time er på flyttefot, i retning Sandnes.

Hå-rådmannen vil greia ut Jæren legevakt, som skal vera felles for Klepp, Time og Hå. Foto: Arnt Olav Klippenberg

  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Ut av kommunereforma kom det ingen ny storkommune, med ei befolkning på over 60.000 jærbuar. Innbyggjarane i Time røysta for, medan innbyggjarane i Klepp og særleg i Hå, var lunkne og røysta mot.

– Jærrådet bad oss rådmenn om å sjå framover og sjå på moglege samarbeid i tida etter kommunereforma. Nokre område vart spelte inn, mellom anna dette med legevakt, seier Berge Ims.

Ho overraska likevel dei fleste, då ho under førre møte melde bekymring om ei sårbar legevakt i Hå. Innstillinga nemner fleire problematiske forhold, til dømes heiter det: «Unge og uerfarne leger kan stå alene på natt med alvorlig syke pasienter etter kanskje 20 timers sammenhengende arbeid.»

Strengare krav med ny forskrift

Hå har valt å stå på eigne bein, på fleire område: Medan Klepp og Time er med i Rogaland Brann og Redning IKS, har dei sitt eige brannvesen. På Bekkeheien, langs rv. 44, ligg både ambulansesentral og legevakt.

Men ei ny akuttmedisinforskrift, som trer i kraft mai 2018, gjer jobben tøffare:

– Akuttmedisinforskrifta stiller nye krav til både bemanning og kompetanse. Det er grunnen til at me ber om mandat til å sjå på korleis legevaktoppgåvene bør ordnast, seier Berge Ims.

Dei nye krava føreset ein auke i vaktbelastning på legane i Hå og bruk av fleire vikarlegar. Éi frykt er at dyktige legar vil rømma til nærliggjande kommunar, og yttarlegare auka vikarbruken.

I innstillinga står følgjande: «Det presiseres at det er en bekymring for den fremtidige kvaliteten på legevakttjenesten som er årsak til at rådmannen i Hå kommune ønsker et samarbeid med Klepp og Time.»

Strategi, ikkje økonomi

– Me har ikkje sett på økonomien, når me no ber om mandat til å greia ut Jæren legevakt. Dette handlar om strategi og korleis me best kan organisera legevakta, forklarer rådmannen i Hå.

Modellen ho omtaler i sakspapira, har eit nedslagsfelt på 60.000 personar; 80.000 når ein inkluderer telefonfunksjonen Hå driftar for Dalaneregionen. Rådmannen meiner det gjev ein framtidsretta modell, med eit større fagmiljø og breiare erfaringsgrunnlag for dei som arbeider i legevakta.

Ei felle ho ønskjer å unngå, er å måtta slutta seg til Sandnes eller Dalane.

Klepp og Time ser mot Sandnes

Innstillinga skal opp i utval for helse- og sosialsaker 9. mars. Tidlegare har Hå-ordførar Jonas Skrettingland orientert kommunestyret om at administrasjonen arbeidde med ei sak. Kva som skjer vidare med Jæren legevakt, kjem an på dei folkevalde i Hå, men også dei folkevalde i Klepp og Time.

Felles formannskapsmøte om Jæren kommune i 2016 – kommunen som det ikkje vart noko av: Dei tre rådmennen, Ivar Undheim i Klepp (bak t.v., no erstatta av Torild Lende Fjermestad), Anne Berit Berge Ims i Hå og Brit Nilsson Edland i Time, saman med Hå-ordførar Jonas Skrettingland (framfor t.v.), varaordførar i Klepp Torbjørn Hovland og Time-ordførar Reinert Kverneland. Foto: Geir Sveen

Les også

Rådmennene i Klepp og Time innstiller på legevakt i Sandnes

Måndag la rådmennene i dei to kommunane fram likelydande innstillingar, der dei bad om mandat til å gå vidare med ein intensjonsavtale med Sandnes, med sikte på å leggja ned den felles legevakta på Kleppetunet.

Det vil dei gjera til fordel for eit døgntilbod på Stangeland i Sandnes, der brannvesen, ambulanse og Jæren øyeblikkelig hjelp skal samlokaliserast med legevakta, i eit splitter nytt anlegg på 13.800 kvadratmeter.

I siste liten

Dagen før Hå-politikarane behandlar innstillinga, møter utvala i Klepp og Time, for å behandla flyttinga til Sandnes. Utan politiske signal frå Hå, inneheld ikkje innstillingane der eitt ord om Jæren legevakt.

Men med utviklinga i Hå, er det liten tvil om at Jæren legevakt blir tema også i diskusjonane på Bryne og på Kleppe. Ein viktig del av ei eventuell utgreiing, blir å avgjera kvar på Jæren legevakta skal liggja.

Publisert:
  1. Klepp
  2. Sandnes
  3. Time
  4. Jæren

Mest lest akkurat nå

  1. – Det er selvfølgelig en risiko, men vi må ikke la frykten ta oss

  2. Visninger kuppes – budrundene tar av

  3. Vi er uenige om mye, men enige om dette: Påstanden til Gjems-Onstad er grov og den er feil

  4. Ringen var ikke sluttet for Storm Juliussen. Han endret kostholdet og er klar for ny stor utstilling

  5. «Ap og AUF misbruker 22. juli»

  6. «Aleksandra, du skal aldri gå alene, vi er med deg», skrev Viking – så tok innlegget helt av