Riksveg 13 blir stengt til i morgon

Fredag ettermiddag var det lang kø av bilar som skulle med ferje frå Tau til Hjelmeland. Vegvesenet har i ettermiddag prøvd å slå ned isen ovanom riksveg 13 ved Tysdalsvatnet med stein, utan å lukkast.

Publisert: Publisert:

Bjørnar Erfjord Meling (Statens vegvesen), Kjartan Jensen (Helitrans) og Ola Helleland (Mesta) samlar stein til sekken som blei brukt som «slegge» for å prøve å knuse isen frå helikopteret. Foto: Statens vegvesen

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Helikopteret med «slegga» som skal knuse isen hengande under. Foto: Statens vegvesen

Det er lange køer på Tau fredag ettermiddag. Foto: Andreas Talvik Anderson

file62esq7fsuogz56ymbk9.jpg

— Det sto om lag 110 til 120 bilar i kø for ein halv time sidan. Eg vil tippe det er fleire nå, seier regionsjef Gaute Gangenes for ferjeselskapet Norled i Rogaland.

Norled har nå sett inn to ferjer på omkøyringsruta mellom Tau og Hjelmeland etter at riksveg 13 blei stengd torsdag.

— Ferjene har avgang frå Tau klokka 18.30 og 19.00, seier Gangenes til Aftenbladet.no. Neste avgang frå Tau blir ikkje før 21.30. Det er ferjene M/F «Bømlo» med plass til 120 bilar og M/F «Stord» med plass til 80 bilar som er sette inn.

Greit til Tau

— Trafikken frå Stavanger til Tau har letta litt, så vi vonar trafikken vil avta ved sjutida fredag kveld, seier Gangenes.

Då M/F «Bjørnefjord» gjekk frå Stavanger til Tau 16.30 vart kaia tømd for bilar. Kaptein Eivind Solvang reknar med at ferja frå Stavanger klokka 17 også ville få med seg alle bilane på kaia.

— Frå Tau til Stavanger er det ikkje så veldig stor trafikk. Men det er en veldie kø for dei som skal med ferje vidare frå Tau til Hjelmeland, registrerar Solvang.

Ny vurdering laurdag

Byggeleiar i Statens vegvesen Mikal Nygaard seier ein vil ta ei ny vurdering av situasjonen laurdag ettermiddag.

— Me hadde vona å kunna slå ned isen, men han er så hard at sekken med stein berre laga små isroser i overflaten, fortel Nygaard.

Ispartiet heng rundt 100 meter ovanom vegbanen i Svoa-området. Det heng over ei bratt og glatt fjellside, noko som vil føra isen rett ned på vegen når han losnar.

Vegvesenet vonar nå at nedbøren som er meldt komande døgn vil få isen til å falla ned.

— Me hadde jo ønskt å fått ned isen i dag sidan det er vinterferieutfart, men slik gjekk det ikkje, fastslår Nygaard.

Dermed må dei reisande bu seg på å ta ferje frå Tau til Hjelmeland.

Aftenbladet har fått melding om at det er kaos på Tau, der bilkøen går til Rema 1000-butikken. Dette skuldast truleg at bilane som skal til Stavanger og dei som skal til Hjelmeland må få plass på same kai.

Nyggard seier ein må setja trafikktryggleiken i høgsetet.

Mars for to år sidan omkom ein mann frå Jørpeland i eit isras ved Tysdalsstranda.

Frå Hjelmeland går ferja: 16:30, 19:00, 21,30 og 22:00

Frå Tau 17:30, 20:00 og 23:30. For hurtigbåtar mellom Tau og Hjelmeland sjå heimesida til norled.no

Publisert:

Les også

  1. Riksveg 13 rasstengt, ferje også fredag

Mest lest akkurat nå

  1. Dette blir dyrere i Stavanger neste år

  2. Dortmund-profil hyller spesielt én Haaland-egenskap:– Virkelig enestående

  3. Denne kreftforma er spesielt utbreidd blant menn i Rogaland. Dette kan vere forklaringa

  4. Silje rydder bare et kvarter hver dag. Likevel er det strøkent. Her er hennes beste tips

  5. Nakstad: – Må gjøre endringer for å få kontroll på pandemien

  6. Påvist Covid 19 hos ansatt ved Tau Mek Verksted

  1. Ryfylke