Smittevernavdelinga i Stavanger: Mange barn er sjuke og heime frå barnehage og skole

Smittevernoverlege Runar Johannesen trur ikkje det er snakk om korona-utbrot, men ber foreldre kontakte fastlege for test.

Publisert: Publisert:

Foto: Kristian Jacobsen

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er 58 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Smittevernavdelinga opplever pågang frå barnehagar og skolar.

– Mange barn er sjuke og heime samtidig. Sjølv om vi trur dei berre er forkjøla no som dei kler seg lettare og badar, må vi likevel be dei halde seg heime, seier Johannesen.

Også ved lette luftvegsplagar, det som tilsynelatande er ei mild forkjøling, skal ein vere heime. Smittevernoverlegen oppfordrar foreldre til å bestille time ved fastlege for korona-test.

Ikkje testen som avgjer

Det er likevel ikkje testen som avgjer om ein får kome tilbake i skole og barnehage. Det får barna først når dei har vore symptomfrie i eitt døgn.

Smittevernoverlege Johannesen seier det er ein del som skal til før ein skole eller barnehage stenger.

– Vi tilrår først at dei testar seg. Om det viser seg at nokon testar positivt, vil vi starte smitteoppsporning. Då kan det vere aktuelt å sette klasser i karantene.

Smittevernoverlege Runar Johannesen minner om at barna skal ha vore symptomfrie i eitt døgn før dei blir sendt tilbake i skole og barnehage. Foto: Jon Ingemundsen

19 sjuke på same trinn

Ved Madlavoll skole i Stavanger er 19 elevar på same trinn heime med sjukdom måndag. Det utgjer ein tredjedel av dette trinnet.

Rektor Stein Erik Olsen seier elevane har luftvegssymptom. Skolen har bedt føresette kontakte fastlege for korona-test.

– Vi trur ikkje at dette er eit utbrot av korona, det er meir sannsynleg at det er sommarforkjøling etter mykje bading i helga, seier han.

Elevane var på skolen fredag, og har altså alle blitt sjuke i løpet av helga. Ingen tilsette er sett i karantene etter å ha vore i kontakt med elevane.

Skolen har vore i kontakt med smittevernkontoret i Stavanger. Dei minner om at elevar skal vere heime eitt døgn etter dei er symptomfrie.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Regjeringen varsler rask avgjørelse om permitteringsregler

  2. 17 flygninger til Norge med koronasmitte

  3. Har mest sannsynleg blitt smitta her i regionen

  4. – Jeg håper at folk med symptomer tester seg

  5. Fastleger bekymret for ny korona-testordning: – Kan gå ut over pasientsikkerheten

  6. Haugesund-ordfører: – En krevende situasjon

  1. Korona-viruset
  2. Koronaviruset
  3. Stavanger
  4. Barn
  5. Skole