Gir elsykkel betre helse?

Er det verkeleg så enkelt å bruka elsykkel til og frå jobb? Og kva helseeffekt gir dette? Eit nytt forskingsprosjekt med 30 lokale elsyklistar skal gi svar.

Stian Ellingsen Lobben
  • Turid Furdal
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

— Historia til Erlend Kristensen er mykje av bakgrunnen for at me nå vil forska på helseeffekten av elsykling. Me ser at bruken av elsykkel har fungert for han, og det blir interessant å finna ut om dette også har overføringsverdi til alle andre elsyklistar, seier Stian Ellingsen Lobben. Han er fastlege ved Nytorget Legesenter og forskar ved Universitetet i Bergen.

Han skal undersøka helsa til 30 personar før og etter bruk av elsykkel til og frå jobb, i samarbeid med idrettsforskar Leif Inge Tjelta ved Universitetet i Stavanger. Dei vil mellom anna sjå på blodtrykk, oksygenopptak, og vekt hos deltakarane.

Vil ha med bedrifter

Om kort tid vil Lobben begynna å rekruttera lokale bedrifter som ønskjer å vera med på prosjektet. Bedriftene sitt bidrag blir å finansiera elsyklar til dei av sine tilsette som ønskjer å bli med på forsøket.

— Me ønskjer å gå ut så breitt som mogleg i bedriftene for å finna representantar for den vanlege arbeidstakaren i Stavanger-området. Dei som blir med, må sjølve ha lyst. Deltakarane vil starta å bruka elsyklane på vårparten og skal sykla i eit halvt år framover. Me reknar med å ha konklusjonane klare i løpet av hausten 2014, sier Lobben.

— Har du nokon hypotese før du går i gang?

— Eg syklar sjølv, og brukar også ein del elsykkel som bidrar til at eg kan sykla kvar dag heile året. Eg trur elsykkelen vil gjera det vesentleg enklare for mange å velja vekk bilen, då det er urealistisk å tru at folk som er i dårleg form eller har lang veg til jobb vil gå over til å bruka vanleg sykkel til jobben. Min hypotese er at bruk av elsykkel vil gi meir sykling totalt, og at helseeffekten av denne syklinga er god.

Inaktivitet er farlig

— Kvifor er det viktig å få fleire opp på elsykkelen?

— Eg sit i Nasjonalt fagråd for diabetes, og ser at fysisk inaktivitet er ei av dei tre største helseutfordringane me har. Transport er ein naturleg stad å putta inn fysisk aktivitet utan at det kostar oss noko særleg av tid og pengar. Dette kan gi svært store positive konsekvensar for folkehelsa.

Om studien skulle visa at helseeffekten er som me trur, må det få konsekvensar for våre felles økonomiske prioriteringar. For eksempel i form av fleire trygge og gode sykkelvegar, skattefritak for arbeidsgivarar som finansierer elsyklar, eller at auka bom-/drivstoffavgifter blir betalt ut som "inntekt" til dei som syklar, seier Lobben. I tilegg til forventa positiv gevinst for helsa, vil fleire elsyklistar bidra til å løysa køproblema rundt Stavanger.

— Om sykkelandelen vår var på 30-40 prosent som i København, ville det gjera mykje både med helsa, trafikken og miljøet i Stavanger-området, seier Stian Ellingsen Lobben.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Jenta som ville gjøre Sandnes til en utrygg plass er nå dømt til forvaring

  2. Stigende korona­tall: Flere inn­lagt og flere smittet

  3. Monica Mæland har fått ny jobb

  4. Utenlandsk toppklubb vil se mer av lokalt stortalent

  5. Flere pasienter utviklet spredning av kreft mens de deltok i norsk kreftstudie. – Vi er veldig lei oss

  6. Mikal Stømne (24) gikk ned 84 kilo på egen hånd. Fem grep ble avgjørende