10.789 personar fekk arbeidsavklaringspengar ved utgangen av 2020 i Rogaland

Det utgjer 3,5 prosent av befolkninga i alderen 18 til 66 år.

  • Aftenbladet
Publisert: Publisert:

På landsbasis er delen 3,6 prosent. Talet personar som fekk arbeidsavklaringspengar i Rogaland har auka med 342 personar frå 3. kvartal til 4. kvartal.

Frå januar til utgangen av desember 2020 har auken vore på 919 personar. Det er ein auke på 9,3 prosent. Dei to største diagnosegruppene er psykiske lidingar og muskel- og skjelettplager.

- Skal vi lykkast med at fleire skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet, er vi avhengige av å finna fleire arbeidsgivarar til å spela på lag med. Arbeidsgivarar sit på nøkkelen til å inkludera fleire av dei som står utanfor arbeidsmarknaden. NAV har ei solid verktøykasse med ulike tiltak, som vi i samarbeid med arbeidsgivarar, finn gode løysingar for personar med helseutfordringar, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen i eimelding fredag.

Ved utgangen av 2020 mottok 2 444 personer under 30 år AAP. Det er ein auke 144 personar. I prosent utgjer auka 6,3 prosent. Har samanheng med koronasituasjonen Trenden med auke i talet på mottakarar av AAP starta før koronaviruset ramma samfunnet i Rogaland og Noreg. Likevel er det ein del av forklaringa på auken i 2020.

- Det er førebels for tidleg å konkludera med kor mykje koronasituasjonen verker inn på auken i talet AAP-mottakarar i Rogaland. I mars i fjor vart det vedtatt ei regelverksendring om forlenging av stønadsperioden på grunn av koronasituasjonen for brukarar som nærma seg slutten på vedtaksperioden. Vi antar at denne endringa har hatt ein effekt, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.

Det er store kommunevise forskjellar når det gjeld mottakarar av AAP i Rogaland. Klepp og Lund kommune har høgast del AAP-mottakarar med 4,4 prosent. Karmøy har 4,1 prosent.

Kommuneoversikt:

  • Eigersund: 3,5%
  • Stavanger: 3,6%
  • Haugesund: 4,0%
  • Sandnes: 4,0%
  • Sokndal: 3,3%
  • Lund: 4,4%
  • Bjerkreim: 3,3%
  • Hå: 3,4%
  • Klepp: 4,4%
  • Time: 3,8%
  • Gjesdal: 3,9%
  • Sola: 2,8%
  • Randaberg: 4,0%
  • Strand: 3,6%
  • Hjelmeland: 2,5%
  • Suldal: 3,3%
  • Sauda: 3,0%
  • Kvitsøy: 3,1%
  • Bokn: 2,7%
  • Tysvær: 3,6%
  • Karmøy: 4,1%
  • Utsira: 1,7%
  • Vindafjord: 2,6%
Publisert:
  1. Nav

Mest lest akkurat nå

  1. Måtte vente i timevis for legetilsyn til sønnen (13 måneder): – Det var skikkelig skremmende

  2. Viking hadde Glimt på gaffelen, så raknet det

  3. Noen pensjonister spiller golf. Terje Sjeggestad (70) venter barn – igjen

  4. Sykkelritt sperret beboere inne i timevis i helgen

  5. Tror mennene som er siktet for gigantbedrageri i Stavanger vil forsøke å flykte

  6. Viking-børsen: «Drivende god. Utviklingen fortsetter»