Rennesøybonde kan bli varaordførar i Nye Stavanger

NYE STAVANGER: Det har vore ein kamp. Varaordførar i Rennesøy Jostein Eiane ser ut over grøne marker og grå sjø. Nei, det er ikkje samanslåinga med Stavanger og Finnøy han siktar til, for det arbeidet synes han går både lett og fint.

Publisert: Publisert:

Jostein Eiane (KrF) har vore ordførar og varaordførar på Rennesøy i mange år. Han er nestleiar av Fellesnemnda som styrer arbeidet med samanslåing av Rennesøy, Finnøy og Stavanger. Foto: Jon Ingemundsen

  • Margunn Ueland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

–Både Stavanger og Finnøy har vore rause. Tonen er god på møtene. Intensjonsavtalen ligg til grunn, ingen har teke omkamp. Alle er opptekne av kva positivt ein kan gjera i tillegg for at dette skal bli vellukka, utdjupar han.

Både Stavanger og Finnøy har vore rause.

Søkkblaute marker og grøfter tette av slam er det som plagar han.

– Alt dette regnet! Eg har bare våte grasballar. Eg har måtta skjera botnen og la det renna av alle ballane. Det har aldri skjedd før, seier Eiane som driv odelsgarden på Sokn med 55 kyr og 320 sauer.

Til topps i Stavanger?

Han byr på svart kaffi og havrekjeks som kona og dottera vann på basar kvelden før på «kontoret» i fjøset. Sidan arbeidet med Nye Stavanger er i full gong og Eiane er Rennesøy sin fremste politikar i den prosessen (nestleiar i både Fellesnemnda og arbeidsutvalet, sjå fakta) - måtte han jo intervjuast.

Dessutan er det ikkje utenkeleg at han blir varaordførar i Nye Stavanger. KrF-aren har vore ordførar i Rennesøy i ti år (1997- 2007) og varaordførar dei siste to periodane. I si tid var han landets yngste ordførar - 29 år. Nå er han 49.

Men Eiane vil ikkje seia eitt einaste ord om han skal stilla og kva plass han skal ha på KrF si liste - som altså blir felles for både Rennesøy, Finnøy og Stavanger- ved kommunevalet i 2019. Det blir opp til valkomiteen.

– Spør dei, skal eg svara dei fyrst.

Eiane er ikkje til å rikka.

Jostein Eiane hoppar ned frå gravemaskinen. Med ryggen til: Haakon Austbø frå Lindanger maskin. Foto: Jon Ingemundsen

Egg og grønsaker

Bildur ute: Ein lastebil kjem for å henta gravemaskinen til Eiane som må over bilveg for å grava grøfter eit stykke frå tunet. Han har nettopp klargjort tomt til eit lite hønsehus - kona vil ha ti høner. For egga, bare som hobby. Nett som han dyrkar jordeple, gulerøter, rødbeter, kål og fleire andre grønsaker - «ikkje for pengar, bare for at det er kjekt og at me får god mat».

Vakkert

På historisk grunn ute ved Soknasundet. Foto: Jon Ingemundsen

Så vakkert det er her ute, sjøl i regn og ruskevêr.

– Kva er den aller finaste plassen i Rennesøy kommune?

– Bø-Knott om våren. Ei turløype mellom Helland og Sørbø på Rennesøy. Men her ved Soknasundet er jo fantastisk nydeleg og aller finaste om sommaren, seier Eiane og tek oss med ein kilometer bortover frå garden hans og utover. Forbi ei svær steinrøys frå bronsealderen og fram til restane av ein gamal steinkross.

– Når eg skal tenkja, går eg ut der, seier han og peikar nordover.

Les også

Fint i fjæra

Nye arbeidsplassar

Jau, han verkar som ein mann som tenkjer ein god del. Som på kva som kan bli betre for innbyggjarane i Rennesøy i Nye Stavanger:

– Å få frigjort ressursar frå administrasjon og over på betre tjeneste- og velferdstilbod, trur eg er det viktigaste. Staten stiller så mange krav- og krava er dei same enten kommunen har 120 000 innbyggjarar eller 5.000, enten her er 9000 kommunetilsette eller 300. Dette gjer at også små kommunar må ha mange i administrasjonane. Når tilsyna kjem og sjekkar om ein har gjort det ein skal, er det krevjande å vera liten.

Les også

Ingen skal miste jobben når Finnøy, Rennesøy og Stavanger slås sammen

Eiane har også tru på at det skal bli mange kommunale arbeidsplassar i Rennesøy etter samanslåinga, ikkje færre:

Rennesøy kan godt drifta fellestjenester for heile storkommunen som IT, - me har jo Green Mountain - løn, rekneskap. Landbrukskontor er det også meir naturleg ligg på Rennesøy eller Finnøy enn i Stavanger.

– Det blir nok ikkje dei same arbeidsplassane i administrasjonen som i dag, men Rennesøy kan godt drifta fellestjenester for heile storkommunen som IT, - me har jo Green Mountain - løn, rekneskap. Landbrukskontor er det også meir naturleg ligg på Rennesøy eller Finnøy enn i Stavanger.

Les også

Green Mountain signerer IT-gigant

Lokaldemokrati

– Nærleik til både tenester og arbeidsplassar er heilt klårt viktig skal me lukkast godt med samanslåinga. Det same er eit velfungerande lokaldemokrati. Innbyggjarundersøkinga viste at folk er redde for at avstanden skal bli for stor opp til dei som styrer. Derfor er det viktig å lukkast med kommunedelsutvala, seier Eiane.

– Seier du at kommunedelsutvala på Rennesøy og Finnøy må få meir makt enn det bydelsutvala i Stavanger i dag har?

– Ja. Poenget er vel snarare at dei ikkje treng å bestemma over det same: Utvikling her, er noko heilt anna enn byutvikling i ein utbygd by.

Les også

– Alfa og omega for å lukkast med Nye Stavanger

Bonde Jostein Eiane er ikkje redd for at nedbygging av jordbruksjord vil bli ein konsekvens av kommunesamanslåinga. Foto: Jon Ingemundsen

Randaberg og Sola

Eiane ber på ei von om at lukkast Nye Stavanger godt, skal også Randaberg og Sola bli freista til å bli med.

Frykt for at jordbruksjord skulle bli bygd ned, var eit argument folk i Randaberg og Sola brukte mot samanslåing med Stavanger. Eiane er ikkje redd det skal verta ein konsekvens i Rennesøy:

Miljøaspektet og omsynet til dyrka mark vil bli minst like sterkt i Nye Stavanger.

– Miljøaspektet og omsynet til dyrka mark vil bli minst like sterkt i Nye Stavanger. Det vil vera eit sterkt fagmiljø hos rådmannen. Der er også parti som Venstre og Miljøpartiet De Grønne som me ikkje har i Rennesøy kommunestyre, seier Eiane.

Det aller beste

– Kva er den trivelegaste delen av det å vera bonde?

– Eg er jo jordbrukar, beitemann. Når eg har sådd om våren og ser det ryk av åkeren og ser det eg brukte tid på blir bra, det er toppen.

Tidlegare har arbeidd fire år som landbruksrådgjevar i Finnøy.

Eiane er gift med Gunvor Helle Eiane som arbeider i habiliteringstenesta på Lassa i Stavanger. Han har fire døtre på 12, 16, 20 og 22 år.

– Kven skal driva garden om du blir heiltidspolitikar i Nye Stavanger?

– Eventuelle verv i framtida er ikkje noko eg kan bestemme eller tar stilling til nå. Det har eg jo sagt.

Publisert:

Les også

  1. – Alfa og omega for å lukkast med Nye Stavanger

  2. Finnøyrådmannen blir oppvekstdirektør i Stavanger og i Nye Stavanger

  3. Slik vil han skape Nye Stavanger

  4. Pil av gårde

  5. Grønt lys for Green Mountain på Rennesøy

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-kvinne blir tidenes yngste deltakar i «Mesternes mester»

  2. To nye tilfeller av koronasmitte i Sandnes

  3. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  4. To til sykehus etter at Secret Service skjøt mann utenfor Det hvite hus

  5. 80 syklister og elsparkesyklister bøtelagt i Oslo

  6. Knusende rapport om forholdene på konsert i Egersund lørdag

  1. Nye Stavanger kommune
  2. Rennesøy kommune
  3. Finnøy kommune
  4. Jostein Eiane