Twitterdronninga frå Ryfylke

Esther Moe frå Suldal twitrar ofte og godt. Med gullkorn som : «Ferja kviler middag med lyset på armen» sjarmerer ho nesten dagleg sine nesten 3000 følgjarar. Blant følgjarane finn me både kronprinsessa og milliardær Johan H. Andresen jr.

Publisert: Publisert:

Esther Moe har levert nærare 13.000 tweets og har godt over 2000 følgjarar. (Illustrasjon: Skjermdump)

  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Og Kristin Clemet har sagt at Esther Moe er den som gler henne mest på Twitter.

Journalisten i Suldalsposten var blant 24 nominerte til heidersprisen Årets sosiale medienamn under Social Media Awards denne veka. Blant hennar mednominerte finn me mellom andre statsminister Jens Stoltenberg, Helge Torvund og Trine Grung. Nå blei det ingen pris på Esther, men ho er svært glad for nominasjonen.

Nappar i Marie Simonsen

Sjølv driv Moe ikkje med noko namedropping av følgjarar, for henne tel alle like mykje, uavhengig av status og posisjon.

— Eg har jo heller ingen kjendisstatus eller høg posisjon i samfunnet. Det fine med Twitter er at det er svært demokratisk. Her er alle likemenn og ein treng ikkje noko spesiell tillating for å fyra av garde ei melding til ein maktperson.

Esther Moe elskar eit godt ordskifte, men har planar om å liggja unna twitter-debattar med Dagbladets kommentator Marie Simonsen framover.

— Det tek heile dagen og vel så det. Den dama gir seg aldri, seier Esther Moe med ein oppgidd lått, men er redd ho fort kan falla for freistinga til å nappa litt i Simonsen igjen.

Fall ikkje pladask

Twitter fall ikkje i smak hjå henne med det same. Tvert om, ho fann det både kaotisk og forvirrande i starten. Då ho forstod at Twitter kan liknast med eit stort middagsselskap kor folk snakkar med ein på kryss og tvers rundt bordet byrja brikkene å falla på plass.

Samfunnsengasjementet til Moe er stort og brennande. Kjærleiken til bøker er ei anna drivkraft for å søkja til Twitter.

Sjølv er Moe blitt ei poetisk kraft på nettstaden, for det er hennar underfundige små dikt, som er blitt hennar fremste varemerke.

Sist laurdag blei Moe og forfattar Frode Grytten presenterte i VG under merkelappen Twitter-poetane.

Destillerte tankar

Moe fortel at det korte formatet som Twitter legg opp til tiltalar henne. Ho likar å seia mykje med få ord både som journalist og privat. Ordleik er hennar handarbeid. Ho likar den avgrensa plassen på Twitter som tvingar fram reine og destillerte tankar med djupne.

— Er dette første skrittet mot ei diktsamling eller bok?

Esther Moe ler hjarteleg og ser ørlite løyndomsfull ut.

— Eg veit ikkje. Kanskje eg er for lat.

13000 twittermeldingar vitnar ikkje om den store latskapen. Og det manglar ikkje på begeistra tilbakemeldingar frå følgjarane.

Trillar ut

Inspirasjonen kan komma alle stader frå og ho er ikkje lenge om å forfatta eit twitter-dikt. Det meste fell på plass på få sekund, skjønar me. Esther trur mange lesarar let seg fascinera av klangen i nynorsken.

Her er nokre eksempel på Esther Moes ordsmedkunst på Twitter:

«Himmelen står i mørkerommet og framkallar månen».

«Lyset pakkar ut fjorden».

«Alt er så stille. Berre den fine tinglinga av blømande isroser. Blått er ordet.»

«Blikket ditt er himmelen. Eg er det svimle snøfnugget som ennå ikkje veit av jorda.»

«Det bur eit mørker i den kvite blomen. Eit stup utan namn eller slutt.»

Esther Moe med ferja i bakgrunnen. Ferja inspirerte henne til følgjande formulering: "Ferja kviler middag med lyset på armen" Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert: