Strand seier ja til Høgsfjordsambandet

STRAND: Fleirtalet i kommunestyret seier ja til ferjedrift over Høgsfjorden, i strid med rådmannens forslag. Snart er det klart for fylket sin endelege dom.

Fire kommunar skal uttale seg om kommersiell ferjedrift mellom Lauvvik og Oanes. Strand og Forsand seier ja, Stavanger og Sandnes trengte meir tid.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Det er fylkeskommunen som har bedt Sandnes, Stavanger, Forsand og Strand seie sitt om privatdriven ferje mellom Lauvvik og Oanes.

I forkant av kommunestyremøtet i Strand onsdag kveld, hadde rådmannen utarbeida ein tydeleg uttale, eit klart nei. Men fleirtalet ville det anleis. Eit fellesforslag frå Sp, Høgre, KrF og Venstre sikra ferje-ja.

Irene Heng Lauvsnes (H), ordfører i Strand kommune, vil ha ein ekstra veg inn til kommunen at Ryfast kjem.

Peiker på Staten

Ja-et er på ingen måte utan atterhald: Vedtaket viser til at privatferja kan gi auka bompengar eller lengre nedbetalingstid for Ryfast. Stavanger kommune og fylkeskommunen har stilt garanti om bompengelån med bakgrunn i trafikkgrunnlaget. Desse garantiane meiner Strand-politikarane at Staten må ta over. Og dersom Staten ikkje gir ein slik garanti, tilrår dei fylkeskommunen å nekte konsesjon for privatferje.

Vedtaket understreker dessutan at selskapet som får drive sambandet ikkje skal kunne motta subsidier.

– Vi er opptatt av at det ikkje er innbyggarane våre som må ta rekninga. Samtidig er vi ikkje negative til ferja. Den er ein ekstra veg inn til kommunen, og enkelte innbyggarar vegrar seg til å køyre tunnelen. Andre er uroa for taksten i Ryfast, seier ordførar Irene Heng Lauvsnes (H).

Les også

Stavanger-rådmann vender tommelen ned for fortsatt ferjedrift over Høgsfjorden

I forslaget frå rådmannen heiter det at Strand kommune vil fråråde at det blir gitt konsesjon for ferjedrift mellom Lauvvik og Oanes etter at Ryfast opnar.

Rådmannen viser til at framleis ferjedrift bryt med dei føresetnadane som vart lagt til grunn då Stortinget gjorde si avgjersle om å bygge Ryfast. Stortinget føresette nemleg ei nedlegging av ferjedrifta då dei tok stilling til dette.

Politikarar i Sandnes, Stavanger, Forsand og Strand har blitt bedt om å seie si meining om kommersiell ferje mellom Lauvvik og Oanes. Samferdselssjef i fylket, Gottfried Heinzerling, vil ikkje svare på kor stor betydning dette får når fylket kjem med sin dom.

Dette seier kommunane

Fristen for å uttale seg var 25. september, men svaret frå Stavanger og Sandnes er enda ikkje avgitt.

Forrige veke ga Forsand ein ikkje uventa tommel opp for Høgsfjordsambandet, men understreka at både ruteopplegg, regularitet og pris må vere klart før ein kan ta endeleg stilling til ein slik konsesjon.

I Sandnes skal formannskapet kome med sin dom neste veke. Rådmannen foreslår at kommunen ber om at det det blir lagt til rette for kommersielt ferjetilbod, eit syn som også ligg til grunn i prinsippdokumentet for Nye Sandnes.

I Stavanger er forslaget frå rådmannen å avvikle ferjesambandet. Saka skal opp i Kommunalstyre for byutvikling torsdag, men får endeleg behandling i formannskapet neste veke. Sjølv om uttalen ikkje er vedtatt, har politikarane i ei anna sak fått fram si bekymring. Då dei i juni skulle kome med sin uttale til «lokal transport- og mobilitetsplan for Sandnes» vedtok dei formuleringa: «Stavanger kommune er svært bekymret over de uavklarte forhold når det gjelder eventuell kommersiell ferjedrift».

Fylkestinget avgjer

Fylkesmannen har mottatt tre søknader om å få drive kommersiell ferjedrift etter at Ryfast har opna: Frå Høgsfjord Rutelag AS, Fjord 1 AS og Norled AS.

– Vi har bedt dei tre selskapa gjere greie for kva dei tenker om til dømes frekvens og opningstid. Her venter vi framleis svar, seier Gottfried Heinzerling, fylket sin samferdselssjef.

– Kor mykje har kommunane sine synspunkt å seie?

– Det kan eg ikkje svare på no, men det er uansett berre eitt steg i prosessen mot endeleg politisk behandling.

Ifølgje samferdselssjefen vil saka vere klar for politisk behandling i fylkeskommunen tidlegast i desember, kanskje ikkje før i vår. Til slutt er det Fylkestinget som får siste ord i saka.

Les også

Stavanger bekymret for Høgsfjord-ferje

Publisert:
  1. Strand kommune
  2. Fylkestinget
  3. Ryfylke
  4. Samferdsel
  5. Ferje

Mest lest akkurat nå

  1. Politibil under ut­ryk­ning kolliderte med Porsche i Hille­våg

  2. Flere blir lagt inn på sykehus. Er vi på vei inn i neste korona­bølge?

  3. Leah Isadora Behn stakk av med influencer-pris

  4. – Alec Baldwins skyte­ulykke kunne ikke skjedd på et europeisk film­sett

  5. Så vakkert, så vakkert

  6. Stavanger-ost best i Norge