Frå 1. juli gjeld berre den nye typen ferjekort

For å få rabatt på Tauferja og de fleste andre ferjene i Rogaland må du frå i dag ha Autopass ferjekort.

Norled har ikkje brikke-lesing på Tauferja eller andre av sine samband. I ferjesambandet Mortavika-Arsvågen som blir drive av Fjord1 betalar køyretøy med Autopass-brikke. Foto: Tor Inge Jøssang

  • Tor Inge Jøssang
    Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Det har gått heilt fint, seier Marianne L. Hauge, assisterande regionsjef for Norleds ferjer i Rogaland etter å ha snakka med ulike fartøy.

Frå 1. juli er det berre Autopass ferjekort som kan nyttast på ferjesambanda Tau-Stavanger, Oanes-Lauvvik, Hjelmeland-Nesvik-Ombo, Kvitsøy-Mekjarvik og Finnøy-sambandet.

Autopass ferjekort erstattar verdikort og storbrukarkort. Det nye kortet er knytt til køyretøyet. Eit hushald kan ha to bilar per kort. Ved å betale 3500 kroner på førehand får passasjerane 17 prosent rabatt på ferjebillettar medan køyretøy får 50 prosent.

Du må leggje inn bilnummer når du registrerer ny avtale på autopassferje.no. Dei som ikkje har køyretøy kan altså ikkje få rabattkort. Mange opplever omlegginga som ei skjerping av rabattreglane. Praksis med verdikort var at desse korta vart nytta på ein meir fleksibel måte, som eit ihendehavarkort.

I sist veke varsla regjeringa at dei vil sjå på saka.

– Regjeringa ønskjer å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. Ved overgangen til Autopass-ferjekort frå januar i år opplevde mange at dei har mista gode rabattordningar. Det har aldri vore meininga. Derfor bed eg no Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med Autopass-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Også Vestlandsrådet har vedteke at dei skal greie ut konsekvensar av omlegginga. Særleg idrettslag og transportørar har klaga på ordninga, som fører til at dei må betale inn større forskot enn tidlegare for å oppnå rabattar.

No skal Statens vegvesen sjå om det er mogeleg å gjere Autopass-ferjekorta så like verdikorta som mogleg. Rabattane er dei same som tidlegare.

– Vi ønskjer òg at innføringa av brikkebetaling skal skje så fort som mogeleg, derfor skal Statens vegvesen sjå på korleis dei kan gjere det raskare enn planlagt. Samstundes er det viktig at næringstransporten får gode vilkår langs norske vegar. Derfor må dei få høve til å få same rabatt med meir fleksible betalingsmåtar, seier samferdselsministeren.

HER ER NORLEDS INFOSKRIV OM DET NYE FERJEKORTET

Publisert:
  1. Jon Georg Dale
  2. Hjelmeland
  3. Kvitsøy
  4. Ryfylke
  5. Strand kommune

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi har en tydelig oppblussing av situasjonen

  2. Ung mann til Haukeland sykehus etter drukningsulykke utenfor Jørpeland

  3. Dramatisk redningsaksjon da bobil havnet i sjøen ved Tungenes fyr - eier er avhørt og politiet avslutter saken

  4. Ordførerne har tre alternativer

  5. Politiet ønsker tips om brann utenfor kommunehuset i Randaberg

  6. – Dette finner vi oss ikke i