Jakob Aano er død

Tidligere stortingsrepresentant og nestleder i KrF, Jakob Aano, døde natt til onsdag, opplyser familien til Aftenbladet.

Publisert: Publisert:

Aft-20100410-1-B-1-2A14HUV-S414A0Q.jpg Foto: Kristian Jacobsen

  • Tom Hetland
    Politisk kommentator
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Jakob Aano satt på Stortinget som representant fra Rogaland i 20 år. Han ble 95 år gammel.

Med tittelen "ryfylking og verdsborgar" skriver kommentator Tom Hetland følgende om Jakob Aano:

"Jakob Aano bana veg for det moderne KrF.

I første kapittel av memoarboka "Over alle grenser" (Samlaget 1991) skildrar Jakob Aano si største stund som politikar.

Det var den 10. desember 1984. I Universitetets aula skulle Nobels fredspris tildelast den sør-afrikanske biskopen Desmond Tutu for hans fredelege kamp mot apartheid – raseskiljepolitikken i heimlandet. Brått kom det melding frå politiet om ein bombetrussel – den slags er ikkje noko nytt fenomen – og heile salen måtte evakuerast.

Ute i kulda og snødrevet på universitetsplassen står dei og ventar. Brått begynner nokon å syngja "We shall overcome" – songen frå den svarte borgarrettskampen i USA. "Vi song oss saman med biskop Tutu og familien hans i det trassige ønsket at ein dag må uretten falla, også i Sør-Afrika. Det var ei mektig frysande og varm oppleving. Like minnerik og takande som sjølve seremonien inne i salen."

Som leiar av utanrikskomitéen fekk Jakob Aano to dagar seinare æra av å visa biskop Tutu rundt på Stortinget. Ingen passa betre til det enn han. Jakob Aano hadde i mange år vore ein forkjempar for norsk støtte til kampen mot apartheid i Sør-Afrika, blant anna som formann i den tverrpolitiske støttegruppa for Sør-Afrika i Stortinget.

Bedehus og fabrikk

Jakob Aano voks opp i Sauda, ei bygd i skjeringspunktet mellom bedehuskulturen i Ryfylke og ei radikal arbeidarrørsle. Kanskje var denne bakgrunnen viktig for den rolla Aano seinare kom til å spela i politikken.

Han utdanna seg til lektor, og frå 1959 til 1963 var han misjonær i Tanzania. Inntrykka frå Afrika og impulsar frå den veksande kritikken mot eit urettferdig globalt system gjorde han til brubyggjar mellom den tradisjonelle misjonsrørsla og dei radikale tankane om ei ny økonomisk verdsordning.

Dermed bana Aano veg for ei meir offensiv utanrikspolitisk rolle for Kristeleg Folkeparti, ei rolle som ofte gjekk på tvers av tradisjonelt borgarleg-konservativt tankegods. Kristeleg Folkeparti vart partiet for ein raus bistandspolitikk og ein romsleg innvandringspolitikk. Jakob Aano fører KrF frå Kjell Bondevik til Kjell Magne Bondevik, med ei linje vidare til Hilde Frafjord Johnson.

Europearen

Gjennom sine 20 år på Stortinget var Jakob Aano først og fremst utanrikspolitikar. Dei første åtte åra var han varamedlem i den utvida utanriks— og konstitusjonskomiteen, frå 1973 fast medlem og frå 1981 til 1985 formann.

Jakob Aano traff senator Edward Kennedy (Ted Kennedy) i 1986.

I heile denne tida la aust-vestkonflikten og den kalde krigen dominerande føringar for norsk utanrikspolitikk. For Jakob Aano var det neppe noko stort problem å kombinera dette med nord-sørperspektivet som truleg låg hans hjarte nærmast. Med ein idealisme som var typisk for generasjonen som var unge under krigen, engasjerte han seg i arbeidet i Europarådet, der han frå 1980 til 1984 var leiar for komitéen for utdanning og kulturspørsmål.Trua på europeisk samarbeid førte også til at Jakob Aano landa på eit ja-standpunkt til norsk EF-medlemskap i 1972, i strid med fleirtalet i eige parti og blant eigne veljarar. I ettertid vedgjekk han at det ikkje gjekk så gale som mange på ja-sida hadde spådd, men han heldt alltid fast ved at løysinga på miljøutfordringane og andre internasjonale problem går gjennom samarbeid, og ikkje "sjåvinistisk pukking på nasjonal sjølvråderett".

"Det lyse fastland"

Også på eit anna område var Jakob Aano ein formidlar mellom det gamle og det nye KrF. Steg for steg var han med og flytta partiet frå ein trong, kulturfornektande posisjon med røter i det strenge bedehusmiljøet og til det meir kulturopne partiet me kjenner i dag. Men samstundes som Aano la avstand til det gamle KrF, var han også indignert over det han oppfatta som primitive fordommar mot kristenfolk og bedehusmiljø i kultureliten og blant mediefolk. Det toppa seg då KrF-kollega og Sauda-bu Kjell Bondevik vart kyrkje— og undervisningsminister i 1965. "Det gav meg eit skremmande innblikk i lidenskapar, ja hatreaksjonar, frå hald som eg hadde venta meir av," skreiv Aano seinare.

I unge år fekk Jakob Aano stipend til å studera Arne Garborg, mannen som stempla Rogaland som "Det mørke fastland". Mot slutten av livet arbeidde Aano mykje med ein annan Rogalands-forfattar, Alfred Hauge, som i staden kalla fylket for "Det lyse fastland". Der var nok Aano meir samd med Hauge enn med Garborg, samstundes som han i heile sitt livsverk henta inspirasjon frå Garborg som "jærbu og europear".

Vilje til å forstå

I ei tid der mange trur at verdiforankring handlar om å pukka på at berre det som me her og nå står for er gyldig, og at alt anna er farleg kulturrelativisme, kan det vera noko å læra av Jakob Aanos audmjuke refleksjonar frå Afrika:

"I møtet med Afrika, med verda utanfor den rike verda i det heile, er det holdninga det kjem an på. Viljen til å forstå er viktigare enn evna til å formidla det vi måtte ha av kunnskap og ekspertise. Og i neste omgang viljen til å læra av dei som har vore der før oss."

Den som er trygg i sitt eige, er også den som lettast taklar endring og møtet med dei andre. Jakob Aano viste det".

Jakob Aano traff senator Edward Kennedy (Ted Kennedy) i 1986.

Publisert:
  1. Politikk